Gjennomgått i samarbeid med Utdanningsforbundet, seksjon for utdanning og forskning 11. september 2023

Spesialpedagog

Ein spesialpedagog legg til rette for gode lærings- og oppvekstvilkår for personar som har særskilde læringsbehov.

Arbeidsoppgaver

Spesialpedagogen er spesialist i å leggje til rette for menneske med spesielle læringsbehov.

Spesialpedagogen har kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar, som for eksempel psykososiale vanskar, spesifikke lærevanskar (lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar eller språkvanskar), synsvanskar, høyrselsvanskar, generelle lærevanskar (utviklingshemming) og autismespekterforstyrrelser.

Som spesialpedagog fungerer du ofte som ei støtte for læraren. Spesialpedagogen kan kartleggje elevens vanskar, og så tilpasse aktivitet eller undervisning, arbeids- og opplæringsplanar og bruk av hjelpemiddel for eleven. Opplæringsplanen følgjast opp i samarbeid med læraren. 

Det er også vanleg at spesialpedagogar samarbeider med og rettleiar andre vaksne som personen har rundt seg til dagleg, for eksempel lærarar, førskolelærarar og foreldre. Spesialpedagogar samarbeider også med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

Spesialpedagogar tilsett i undervisningsstillingar i skulen er oftast lærarutdanna som har valt spesialpedagogikk som emne i grunnutdanninga eller som vidareutdanning. Har du berre bachelor eller mastar i spesialpedagogikk, kan du bli tilsett som assistent eller andre stillingar i skulen. Vil du bli lærar, kan du eksempelvis ta lærarutdanning og søka innpass om spesialpedagogikk i grunnutdanninga. Det er mellom anna mogleg å ta master i spesialpedagogikk i grunnskulelærarutdanninga.

Ein del spesialpedagogar har spesialisert seg innanfor eit bestemt fagområde, for eksempel logopedisynsskadar, høyrselsskadar og utviklingshemming.

Kor jobbar spesialpedagogar?

Spesialpedagogar jobbar gjerne i barnehagen og skulen, men kan jobbe på alle nivå. Mange spesialpedagogar jobbar på utdanningsinstitusjonar spesielt tilrettelagt for barn, unge og vaksne med spesielle læringsbehov. Mange jobbar òg i pedagogisk-psykologisk rådgivingsteneste (PPT), NAV, kompetansesenter eller i helse- og spesialsektoren der det er behov for personar med kompetanse til å hjelpe personar i spesielle livssituasjonar.

Spesialpedagogar kan òg arbeide i det private næringsliv, i internasjonale organisasjonar og med forsking.

Bli med en spesialpedagog på jobb

Hvordan er det å jobbe som spesialpedagog?

Intervjuer

Portrettbilde av Maria Skogly

Spesialpedagog

Maria Skogly

Som spesialpedagog er man ettertraktet i arbeidsmarkedet, forteller Maria Skogly.

Passer jeg til å bli spesialpedagog?

Evne til å lære bort og å sjå ein person sine styrkar og særskilde behov, er viktig for spesialpedagogar. Det er nyttig å vere god til å kommunisere, samarbeide og til å planleggje.

Ein spesialpedagog må ha mykje tolmod og forståing. Du må også ha kjennskap til korleis menneske fungerer, og vere glad i å omgåast menneske.

Hva tjener spesialpedagogar?

Hvordan utdanner du deg til spesialpedagog?

Hvilke utdanninger er vanligst for spesialpedagogar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Hva jobber spesialpedagogikkutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 824299 - Spesialpedagogikk, uspesifisert, forskerutdanning
  • 824204 - Ph.d.-program, spesialpedagogikk
  • 824203 - Dr.polit.-utdanning, spesialpedagogikk
  • 824202 - Dr.philos.-utdanning, spesialpedagogikk
  • 824201 - Dr.scient.-utdanning, spesialpedagogikk
  • 725302 - Lærerspesialist, spesialpedagogikk, videreutdanning for lærere
  • 724299 - Spesialpedagogikk, uspesifisert, høyere nivå
  • 724209 - Master, spesialpedagogikk, 1½-årig
  • 724207 - Master, spesialpedagogikk, toårig
  • 724204 - Hovedfagskandidat, spesialpedagogikk
  • 724203 - Cand.polit.-utdanning, spesialpedagogikk
  • 625304 - Spesialpedagogikk, videreutdanning for lærere
  • 624206 - Videreutdanning, spesialpedagogikk
  • 624205 - Bachelor, spesialpedagogikk, treårig
  • 624202 - Spesialpedagogikk, lavere nivå
  • 622102 - Allmennlærerutdanning for døve, fireårig
  • 755302 - Master, synspedagogikk og synsrehabilitering, toårig
  • 724118 - Master, logopedi, toårig UTGÅTT KODE, SE 769945
  • 769945 - Master, logopedi, toårig
  • 625211 - Norsk tegnspråk, videreutdanning for lærere
  • 724202 - Cand.paed.spec.-utdanning, spesialpedagogikk, profesjonsstudiet

Bedrifter: Hvor jobber spesialpedagogar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med spesialpedagogar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2340105 - SPESIALPEDAGOG
  • 2340102 - SPESIALLÆRER
  • 2340106 - KLINISK PEDAGOG (OFFENTLIG VIRKSOMHET)
  • 2340107 - SPESIALLÆRER (LÆREVANSKER)

Andre yrke

Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
Hundeskolen Veiviseren i Vestby trener førerhunder og servicehunder.

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.
Grunnskolelærer underviser barn i klasserom

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.
Helsesykepleier måler hodeomkretsen til nyfødt baby.

Helsesjukepleiar

Som helsesjukepleiar gjer du eit viktig arbeid med å ta vare på den fysiske og psykiske helsa til barn og unge.
Idrettstrener sekunderer svømmer i bassenget

Idrettstrenar

Ein idrettstrenar planlegg og legg til rette for trening og konkurranse.
Illustrasjonsbilde av jordmor ved siden av mor og nyfødt barn.

Jordmor

Som jordmor hjelper du til under fødselen, og tar deg av mora og det nyfødde barnet. Jordmødrer utfører også svangerskapskontrollar og oppfølging i barseltida.