Gjennomgått i samarbeid med Norske Filmregissører 16. juni 2025

Regissør

Ein filmregissør er kunstnarisk leiar og utviklar av ei filminnspeling. Regissøren leier også etterarbeidet av det som er filma.

Arbeidsoppgaver

Som regissør er jobben din å fortelja ei historie ved hjelp av film. Ein regissør har ein idé eller les ei historie, tolkar ho og fortel den til publikum via film.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein regissør:

  • utvikla manus til film, åleine eller i samarbeid med ein manusforfattar
  • gjera forarbeid der du finn ut korleis historia skal forteljast
  • planleggja det visuelle uttrykket i samarbeid med fotograf, scenograf og andre medverkande i ein filmproduksjon
  • gjera opptak, og samarbeida med fotografar og lydteknikarar
  • gjennomføra prøver i forkant av innspeling og instruera skodespelarar på sett, eller finna medverkande til dokumentarfilm
  • vera med på å planleggja lyssetjinga
  • vurdera om det skal brukast spesialeffektar
  • velja kva slags musikk som skal brukast
  • klipp og etterarbeid av filmen
  • promotering av filmen

Regissøren jobbar ofte i tett samarbeid med filmprodusentar, filmarbeidarar, manusforfattarar og skodespelarar.

Ein annan type regissør, er dei som jobbar på teateret. Desse blir kalla sceneinstruktør eller teaterregissør. Teaterregissøren har i oppgåve å finna ut korleis historia skal forteljast på scena.

Kor jobbar regissørar?

Dei fleste regissørar jobbar frilans, men er tilsette med lønn i samband med oppdrag. Det er opp til regissøren sjølv å skaffa seg prosjekt og kontaktar hos produksjonsselskapa. Ofte vil du samarbeida over tid med eitt produksjonsselskap. Somme regissørar er også fast tilsette i produksjonsselskap, eller driv eigne selskap. Draumen for mange er å jobba med spelefilm eller TV-seriar. Ein del regissørar jobbar med reklamefilm eller musikkvideoar.

Teaterregissørane jobbar stort sett på teater eller i operaene, men dei kan også få seg jobb som filmregissørar. Det er litt mindre vanleg at filmregissørar får seg jobb som teaterregissør.

Korleis er det å jobbe som regissør?

En mann står og smiler mot kamera. Han har på seg en blå t-skjorte, og står i et kjellerrom foran masse utstyr, blant annet stativer, instrumenter og lys.

Regissør

Sondre Hogsnes

– Å være regissør passer for deg som liker å skape noe og som tåler at ting er uforutsigbart. Hvis man har driv og virkelig vil dette, så kan man komme langt, sier Sondre.
Regissør Audny Chris Holsen har på seg et par kjempestore gullfargete briller, som aller mest ser ut som en rekvisitt. Hun har et brunt skjerf rundt halsen og en oransje genser. Hun har brunt hår som er dratt bakover i det som ser ut som en hestehale.

Regissør

Audny Chris Holsen

- Jeg elsker å skape noe som ikke finnes fra før, sammen med andre, forteller Audny.
portrettfoto av regissør Carl Christian Lein Størmer, Mann med skjegg, gule briller og rød strikkalue.

Regissør

Carl Christian Lein Størmer

– Film er bilder, musikk, det å fortelle historier – alle de kule tingene på en gang, sier Carl Christan.

Viktige egenskaper for en regissør

For å jobba som regissør må du vera kreativ og kunnskapsrik. Du må kunna ta ei historie frå papiret og vidareformidla henne på film. Du må ha evne til å skjønna kva forfattaren av historia ønskjer å fortelja, og tilføra tolkinga di av eigen eller andres tekst.

Som regissør må du takla uregelmessige arbeidstider og ulike arbeidsstader. Du må kunna planleggja varierte prosjekt, og ha evne til å samarbeida med andre for å komma fram til ønsket kunstnarisk resultat.

Kva tener regissørar?

Korleis utdannar du deg til regissør?

Regissørar har ulik bakgrunn. Nokon har lang utdanning innan film, regi, drama, medieteknikk eller liknande, medan andre er sjølvlærte og har mindre formell utdanning.

Det finst utdanningstilbod innan filmregi, fleirkameraproduksjon, fjernsynsproduksjon og liknande i Noreg. Du kan også velja å studera i utlandet.

Her er nokre utdanningar for regi:

  • Regilinja ved Den norske filmskulen på Lillehammer
  • Dokumentar- og TV-regi ved Universitetet i Innlandet
  • Film og TV ved Westerdals
  • Film- og videoproduksjon ved NTNU

Sjå oversikt over utdanning innan film

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Det finst etterutdanningskurs for regissørar i regi av ulike organisasjonar og forbund. 

Kva for ei utdanning er vanlegast for regissørar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar regissørutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 635901 - Høgskolekandidat, film- og fjernsynsutdanning, treårig
  • 635904 - Høgskolekandidat, programproduksjon for fjernsyn og video, toårig
  • 635908 - Bachelor, fjernsynsregi, treårig
  • 635912 - Bachelor, Den norske filmskolen (film- og fjernsynsfag), treårig
  • 735905 - Master, fjernsynsproduksjon, toårig
  • 615213 - Bachelor, Den norske filmskolen, treårig
  • 716399 - Fotofag, uspesifiserte, høyere nivå
  • 635913 - Bachelor, prosjektledelse for fjernsyn, treårig
  • 635905 - Programproduksjon for fjernsyn og video, lavere nivå
  • 735902 - Master, medieproduksjon, toårig
  • 635911 - Bachelor, film- og TV-produksjon, treårig
  • 635907 - Bachelor, fjernsynsteknikk, treårig
  • 535901 - Fagskoleutdanning, film
  • 615214 - Bachelor, personinstruksjon og regi, treårig
  • 623132 - Bachelor, regi (sceneinstruktørutdanning), treårig
  • 723103 - Master, regi (sceneinstruktørutdanning), toårig

Bedrifter: Kor jobbar regissørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med regissørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2555106 - SCENEINSTRUKTØR
  • 2555104 - INSTRUKTØR (TEATER/OPERA)
  • 2555103 - REGISSØR
  • 2555101 - DRAMATURG
  • 2551120 - MANUSFORFATTER

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
To menn på fisketråler, trålen er satt

Bas/Nettmann

Ein bas/nettmann er arbeidsleiar på dekk på fiskefartøy.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
En hotelldirektør snakker med sine ansatte

Hotelldirektør

Som hotelldirektør er du hotellet sin leiar og har hovudansvaret for økonomien og dei tilsette på hotellet.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Jurist i diskusjon med kollega.

Jurist

Juristar gir råd og rettleiing om juridiske problemstillingar.
En kvinne i et kontorlandskap med flere ansatte ved pultene.

Leiar

Leiaryrket er svært mangfaldig og finst innan dei fleste yrkesområda.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.