Gjennomgått i samarbeid med Fagforbundet, Post og finans 17. desember 2021

Postbod

Eit postbod jobbar med å sortere og distribuere post, både til privatpersonar og bedrifter.

Arbeidsoppgaver

Postbod arbeider med å distribuere post – alt av brev, pakker, blad, aviser, reklame og anna. Arbeidet består av å sortere og levere ut post til private husstandar og bedrifter.

Utdelinga går føre seg utandørs, hovudsakleg i tidsrommet frå klokka 09.00 til 17.00. Stort sett går utdelinga føre seg med sykkel, moped eller bil, avhengig av arbeidsstad.

Kor jobbar postbod?

Postbodet er vanlegvis tilsett i Posten eller Bring. Du kan også arbeide som bod for private selskap. 

Korleis er det å jobbe som postbod?

Kvinne med varme klær og svart lue smiler utendørs

Postbud

Line Lunner

– Dette er et yrke som passer for dem som er glad i å være ute, og som liker å jobbe selvstendig, mener Line.
Portrettbilde av postbud Bendik Kvalvik i rødt arbeidstøy og en rød postbil i bakgrunnen

Postbud

Bendik Kvalvik

– Posten er jo en bedrift som gjør at landet går rundt, sier Bendik Kvalvik.

Viktige egenskaper for en postbod

Som postbod må du vere ansvarsbevisst, ærleg og opptatt av at kundane skal vere fornøgde. Du må ha evne til både å jobbe sjølvstendig og å samarbeide. På same måten som kundebehandlarar, er postbodet Posten sitt ansikt utetter overfor privatkundar og bedrifter. Du må arbeide raskt, vere serviceinnstilt og nøyaktig. God fysisk form er også nødvendig. Det er ofte ein føresetnad at du har førarkort.

Korleis utdannar du deg til postbod?

Du treng inga formell utdanning for å bli postbod. Kursing og opplæring går føre seg internt i bedrifta du er tilsett i.

Etter- og vidareutdanning
Arbeidsgivarar tilbyr gjerne kurs for etter- og vidareutdanning. Det er mogleg å ta kurs for å få leiaransvar. 

Bedrifter: Kor jobbar postbod?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med postbod

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 4142110 - POSTBUD
  • 4142114 - POSTFULLMEKTIG
  • 4142109 - POSTBETJENT
  • 4142105 - LANDPOSTBUD
  • 4142103 - FØRSTEPOSTFULLMEKTIG
  • 4142102 - FØRSTEPOSTBETJENT
  • 4142101 - DRIFTSLEDER (POSTKONTOR)
  • 4142122 - POSTSORTERER

Andre yrke

Logistikkoperatører henter varer på et lager

Logistikkoperatør

Ein logistikkoperatør arbeider med varetransport. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å laste, losse og klargjere frakt av gods.
Taxisjåfør sitter i førersetet på en bil

Taxisjåfør

Som taxisjåfør transporterer du passasjerar.
Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.
Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.
En matros på en supplybåt.

Matros

Matrosar jobbar med vedlikehald, vakthald, lasting og lossing om bord på båtar.
Bussjåfør kjører inn på busstasjon

Bussjåfør

Som bussjåfør er di viktigaste oppgåve å transportera passasjerar på ein trygg, miljøvennleg og komfortabel måte.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
En mann inspirerer grønnsaker i en veksthall

Gartnar

Som gartnar tar du vare på uteområde og parkar. Du kan òg arbeide innan plante- og grønsaksproduksjon.
En mann i svart kokkeuniform og caps tar på seg et par blå plasthansker. Han står bak en disk fyllt med fisk og sjøkmat. I bakgrunnen er det et storkjøkken.

Butikkmedarbeidar

Butikkmedarbeidaren hjelper kundar og yter service i ulike typar butikkar.
Siviløkonom

Siviløkonom

Siviløkonomar jobbar med leiing og styring av bedrifter og organisasjonar.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.