Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for teknologi og industrifag 08. februar 2022

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.

Arbeidsoppgaver

Platearbeidaren handterer materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding. Dette inneber bruk av alle typar platebearbeidingsmaskinar.

Arbeidet går føre seg etter klart spesifiserte metodar og prosessar. Platearbeidaren har også ansvar for vedlikehald og feilsøking på verktøy og sveiseutstyr. Som platearbeidar er det viktig at du har fokus på tryggleik og følgjer HMS-reglar. 

Typiske arbeidsoppgåver for ein platearbeidar:

  • Detaljforming av tjukke og tynne plater, røyr og profilar
  • Samansetjing av delane til større komponentar og konstruksjonar
  • Handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding
  • Bruk av alle typar platebearbeidingsmaskinar
  • Utføring av arbeidsprosessar etter angitt metode
  • Vedlikehald og feilsøking på verktøy og sveiseutstyr

Kor jobbar platearbeidarar?

Platearbeidaren jobbar innan kjemisk og mekanisk industri, skipsindustri, treforedling og oljeverksemd.

Korleis er det å jobbe som platearbeidar?

Intervjuer

Selfie av Yonas Hekle. Han har på seg dressjakke og hvit skjorte. Yonas jobber som platearbeider på et verft utenfor Ålesund.

Platearbeider

Yonas Tekle

Jeg kommer ikke på en eneste ting jeg ikke liker, forteller platearbeider Yonas om jobben sin.
Platearbeider Ole Joakim Olsen jobber høyt over bakken

Platearbeider

Ole Joakim Olsen

Da det viste seg at drømmen om å bli bilmekaniker ikke var drømmen likevel, oppdaget Ole Joakim Olsen sveising og platearbeid, og der har han blitt.

Viktige eigenskapar for ein platearbeidar

Platearbeidaren må jobbe effektivt og planmessig, og vere i stand til å arbeide både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre. Teknisk innsikt og anlegg for praktisk arbeid er ein fordel. Arbeidet kan vere fysisk krevjande.

Kva tener platearbeidarar?

Korleis utdannar du deg til platearbeidar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Med fagbrev i platearbeidarfag, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Kva for ei utdanning er vanlegast for platearbeidarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Kva jobbar sveise- og platearbeidarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 455239 - Sveisefaget, Vg3
  • 455234 - Plate-, sveise- og stålkonstruksjonsfag, videregående, avsluttende utdanning
  • 455233 - Platearbeiderfaget, Vg3
  • 455228 - Metallvareproduksjon, VK II

Bedrifter: Kor jobbar platearbeidarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med platearbeidarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7214112 - PLATEARBEIDERE (SVEISE- OG PLATEARBEID)
  • 7214111 - STÅLMONTØR (BYGG OG ANLEGG)
  • 7214109 - SPESIALARBEIDER (PLATEARBEIDER)
  • 7214108 - FAGARBEIDER (PLATEARBEIDER)
  • 7214107 - FORMANN (PLATEARBEIDER)
  • 7214105 - STÅLPLATEARBEIDER
  • 7214102 - PLATEARBEIDER
  • 7214101 - TYNNPLATEARBEIDER

Andre yrke

Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Betongarbeider støper gulv

Betongfagarbeidar

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
En brannforebygger klargjør feierutstyret sitt ved bilen

Brannførebyggar

Ein brannførebyggar, eller feiar som det heitte tidlegare, reingjer piper og ventilasjonsanlegg og har tilsyn med fyringsanlegg.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.