Gjennomgått i samarbeid med Den Norske Patologiforening 29. juli 2025

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.

Arbeidsoppgaver

Patologi betyr læra om sjukdom. Ein patolog er ein lege som er spesialist på forandringar i celler og vev. 

Patologar jobbar med å vurdere vevs- og celleprøver, inkludert operasjonspreparat frå pasientar som har alt frå godarta svulstar, betennelsestilstandar og kroniske sjukdomar – til prøver der ein har mistanke om kreft.

Patologar har mikroskopet som viktigaste arbeidsverktøy, og gjer òg molekylærgenetiske analysar.

Som patolog gjer du i tillegg ein likundersøking (sokalla obduksjon) av pasientar som har døydd på sjukehuset. Det gjerast mellom anna for å finne dødsårsaker og for å undersøke om avdøde fekk rette behandling.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein patolog:

  • undersøke vevsprøver og celleprøver frå pasientar
  • stille diagnosar
  • finne dødsårsaker
  • vurdere om det er kreft eller ikkje i prøvane.
  • vurdere vevsprøver under operasjonar for å avgjere vidare behandling
  • undervising og forsking


Det patologen vurderer som diagnose er heilt avgjerande for vidare oppfølging og behandling av pasienten.

Patologar som arbeider med dyr er som regel veterinærar eller biologar med patologi som spesialfelt. Biologar som har spesialisert seg i botanikk bruker patologi på plantar.

Kor jobbar patologar?

Ein patolog arbeider først og fremst på offentlege sjukehus. I Noreg finst nokre få private patologilaboratorium. Elles arbeider mange patologar med forsking og undervising på universitet.

Korleis er det å jobbe som patolog?

En mann med grønn legeskjorte med lyst hår og skjegg. Bakgrunnen er en lys vegg.

Patolog

Eirik Storebø

– Jeg har alltid vært interessert i hvordan kroppen fungerer, og ønsket meg et yrke der jeg kunne bidra til å hjelpe andre til bedre liv og helse, sier Eirik.
En kvinne i legeuniform smiler mot kamera. Hun smiler. I bakgrunnen kan man se et glassvindu.

Patolog

Justyna Jacobsen

– Jeg lærer noe nytt hver eneste dag, så jeg kjeder meg aldri på jobb, forteller Justyna.

Viktige egenskaper for en patolog

Som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske og sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha gode kommunikasjonsevner, god vurderingsevne og evne til å handle raskt. Som lege må du òg kunne takle eventuelle krisesituasjonar.

Kva tener patologar?

Korleis utdannar du deg til patolog?

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

Dei neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. Dei fleste finn ut kva slags spesialist dei vil bli når dei går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanninga. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Bedrifter: Kor jobbar patologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med patologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221144 - PATOLOG

Andre yrke

Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
Kjeveortoped

Kjeveortoped

Ein kjeveortoped er ein tannlege som har spesialisert seg på å behandla feil i tannstilling og bit.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
Fiskehelsebiolog sjekker tank med fisk

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog jobbar du med varetaking av fiskehelse og fiskevelferd.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.