Gjennomgått i samarbeid med Operasjonssykepleierne (NSF) - Norsk Sykepleieforbund 10. oktober 2023

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.

Arbeidsoppgaver

Ein operasjonssjukepleiar er ein autorisert sjukepleiar med vidareutdanning eller mastergrad i operasjonssjukepleie. Da har du spesialisert sjukepleiarkompetanse innan kirurgi, hygiene og omsorg.

Operasjonssjukepleiaren har ansvar for å legge til rette for trygg gjennomføring og assistanse ved kirurgiske inngrep og undersøkingar. Operasjonssjukepleiaren er ein del av det kirurgiske teamet, og hjelper og samhandlar med kirurgar og anna helsepersonell.

Vanlege arbeidsoppgåver for operasjonssjukepleiaren:

  • ansvar for hygiene, førebygging av infeksjonar og liknande
  • klargjere kirurgiske instrument og anna utstyr
  • ha ansvaret for korleis pasienten blir lagt på operasjonsbordet
  • kommunisere med pasientar

Operasjonssjukepleiaren identifiserer, planlegg, utøver og dokumenterer arbeidet ut ifrå eit heilskapleg menneskesyn og har fokus på pasientens beste. Pasientens individuelle behov ved planlagde eller akutte kirurgiske inngrep, behandling eller undersøkingar er operasjonssjukepleiaren sitt ansvar. Ei viktig oppgåve er å vareta pasientane sin rett til medverking.

Operasjonssjukepleiaren er ein av fleire typar spesialsjukepleiarar som jobbar i helsesektoren.

Kor jobbar operasjonssjukepleiarar?

Operasjonssjukepleiarar jobbar på mange ulike arenaer. Som operasjonssjukepleiar arbeider du oftast innanfor spesialisthelsetenesta, det vil seie i operasjonsavdelingar, på kirurgiske og gynekologiske avdelingar, på dagkirurgiske avdelingar og poliklinikkar, på akuttmottak og skadestover, i sterilsentralar og i hygieneavdelingar.

Du kan også arbeide i katastrofe- og hjelpestyrkar, offshore, med internasjonalt hjelpearbeid, på legevakta eller i private klinikkar og legesenter. Nokre sjukepleiarar underviser på universitet, høgskolar eller vidaregåande skolar.

Korleis er det å jobbe som operasjonssjukepleiar?

Kvinne med hestehale og grønn operasjonsuniform. Hun smiler og ser rett inn i kameraet.

Operasjonssykepleier

Kine Pedersen

– På operasjonsstuen har vi bare én pasient om gangen. Det er et privilegium å kunne vie den ene pasienten mitt fulle fokus, sier Kine.
Operasjonssykepleier Heidi Sørum portrett

Operasjonssykepleier

Heidi Sørum

– Dette yrket passer ikke for dem som ikke tåler å se blod eller innsiden av kroppen, sier Heidi Sørum.

Viktige egenskaper for en operasjonssjukepleiar

Som operasjonssjukepleiar må du ha evne til å kommunisere godt med pasientane både verbalt og nonverbalt. Sidan du jobbar tett saman med anna helsepersonell, er gode samarbeidseigenskapar viktig. Du bør kunne formidle ein bodskap på ein klar, korrekt og effektiv måte. 

I krisesituasjonar må operasjonssjukepleiaren ha evne til å behalde roa og handle raskt og korrekt.

Kva tener operasjonssjukepleiarar?

Korleis utdannar du deg til operasjonssjukepleiar?

For å bli operasjonssjukepleiar må du først fullføre sjukepleiarutdanninga, jobbe to år som sjukepleiar og så spesialisere deg. Du kan spesialisere deg som operasjonssjukepleiar på to måtar. Du kan ta ei vidareutdanning i operasjonssjukepleie (90 studiepoeng) over tre semester, eller ei mastergrad i operasjonssjukepleie på deltid eller fulltid (120 studiepoeng).

Kva jobbar sjukepleiarar med vidareutdanning i operasjonssjukepleie med?

  • 661115 - Videreutdanning i sykepleie, operasjon
  • 661103 - Videreutdanning i sykepleie, anestesi-, intensiv- og operasjonssykepleie

Andre yrke

Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.