Gjennomgått i samarbeid med Norges Naprapatforbund 19. mai 2025

Naprapat

Ein naprapat behandlar pasientar med smerter og problem i musklar og ledd.

Arbeidsoppgaver

Ein naprapat er ekspertar på muskel- og leddproblematikk. Dei bruker ulike teknikkar som massasje, tøying, triggerpunktsbehandling, manipulasjon, mobilisering av ledd, og dessutan trening som ein del av behandlinga. Kvar behandling blir tilpassa og skreddarsydd behovet til pasienten og plagar. Dette blir gjort ved å gjennomføra ein grundig anamnese (sjukdomshistorie) og undersøking. På bakgrunn av dette ser dei etter kva som er årsaka til smertene. Dei viser også øvingar ved behov og gir råd om korleis pasienten kan trena rett og sjølv bidra med førebyggjande tiltak. Dei behandlar menneske med mange ulike plager som vond rygg, stiv nakke og hovudverk, graviditetsrelaterte plager, kne- og skuldersmerter. Pasientar kan vera unge eller gamle, mosjonistar eller toppidrettsutøvarar.

Naprapatar, som andre yrkesgrupper vidareutdannar seg ofte etter høgskulen innan ultralyd, elektrobehandling, trykkbølgjebehandling og nålbehandling i triggerpunkt. (Nålbehandling i triggerpunkt må ikkje misforståast med akupunktur, akupunktur er ei eiga utdanning for alternative behandlarar)

Vanlege arbeidsoppgåver for ein naprapat:

  • undersøke pasienten og gjere testar
  • problem relatert til musklar og ledd
  • anbefale treningsøvingar
  • gi øvingar, råd og informasjon
  • bidra til vidare hjelp i helsevesenet

Frå 2022 har naprapatar autorisasjon som helsepersonell i Noreg. Naprapat er ein beskytta tittel.

Kor jobbar naprapatar?

Naprapatar jobbar ofte som sjølvstendig næringsdrivande eller er tilsette på private naprapatklinikkar eller på tverrfaglege helseklinikkar.

Korleis er det å jobbe som naprapat?

Kvinne med langt mørkt hår smiler inn i kamera.

Naprapat

Ingvild Hartmann- Lørscher

– Jeg hjelper folk til et liv med mindre smerte. Deres takknemlighet er på mange måter en stor del av min lønn, sier Ingvild.
Naprapat Mikael Andre Dyrdal på klinikken på Kolbotn.

Naprapat

Mikael Andre Dyrdal

Jeg blir aldri utlært, bare mer erfaren, sier naprapat Mikael.

Viktige egenskaper for en naprapat

Som naprapat bør du vere glad i å jobbe med menneske, vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner. Du bør interessere deg i andre menneske og vere lyttande. Mykje av behandlinga skjer fysisk så det kan vere ein fordel å vere i god fysisk form.

Kva tener naprapatar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk

Korleis utdannar du deg til naprapat?

Det finst inga naprapatutdanning i Noreg. Mange naprapatar i Noreg utdannar seg ved Naprapathögskolan i Stockholm.

Har du utdanning frå før 1. mai 2022, må du søka helsedirektoratet om autorisasjon.

Bedrifter: Kor jobbar naprapatar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med naprapatar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3229115 - NAPRAPAT

Andre yrke

En hånd med en plasthanske, holder en kirurgisk saks.

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Kjeveortoped

Kjeveortoped

Ein kjeveortoped er ein tannlege som har spesialisert seg på å behandla feil i tannstilling og bit.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Fiskehelsebiolog sjekker tank med fisk

Fiskehelsebiolog

Som fiskehelsebiolog jobbar du med varetaking av fiskehelse og fiskevelferd.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.