Meteorolog
Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.
Arbeidsoppgaver
Meteorologen lagar og formidlar vêrprognosar, forskar på vêr, vêrmodellar og klima eller arbeider med andre vêr-relaterte tema.
Vanlege arbeidsoppgåver for meteorologar:
- lage vêrprognosar ved hjelp av avanserte datamodellar og vêrobservasjonar frå heile verda
- lage spesialiserte vêrprognosar til luftfart, vegtrafikk og kraftbransjen samt andre store brukargrupper av vêrinformasjon som fiskeflåta og offshoreindustrien
- presentere vêrvarslene i ulike mediekanalar som TV, radio, aviser, nettstader som yr.no og storm.no, samt Twitter og andre sosiale medium
- forske og drive prosjektarbeid innanfor vêr, klima, datamodellar og formidling, både internt og tverrfagleg
Ettersom det blir laga vêrvarsler heile døgnet, året rundt, må du som meteorolog rekne med å jobbe turnus.
I dette yrket er det viktig å ha gode IKT-kunnskapar og du må vere innstilt på å halde deg fagleg oppdatert.
Ein offentleg tilsett meteorolog som jobbar med vêrvarsling blir kalla statsmeteorolog.
Kor jobbar meteorologar?
Meteorologar arbeider ved vêrvarslingsinstitusjonar som Meteorologisk institutt og StormGeo.
Som meteorolog kan du også jobbe innan forsking og utvikling, anten ved Meteorologisk institutt, universiteta eller ulike forskings- og miljøinstitutt som NILU, CICERO eller Bjerknessenteret. Somme jobbar også for andre bransjar, til dømes energiselskap. I dette yrket er det også mogleg å arbeide i utlandet.
Korleis er det å jobbe som meteorolog?
Meteorolog
Isak Haldorsson Slettebø
Meteorolog
Martin Granerød
Viktige egenskaper for en meteorolog
Du bør vere interessert i matematikk, fysikk, IKT, vêr og klima. Dersom du arbeider som statsmeteorolog er formidling ofte ein del av jobben. Da er det viktig at du kan formulere deg godt på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Du må ha gode samarbeidsevner. Nøyaktigheit og ansvarsbevisstheit er også viktige eigenskapar for meteorologar.
Kva tener meteorologar?
Korleis utdannar du deg til meteorolog?
For å bli meteorolog må du ha høgere utdanning innan realfag, master eller tilsvarande, helst med spesialisering innan meteorologi.
Kva for ei utdanning er vanlegast for meteorologar?
Kva jobbar geofagutdanna med?
- 756213 - Master, geofysikk, toårig
- 756207 - Cand.scient.-utdanning, geofysikk
- 756901 - Master, geofag, toårig
- 756206 - Cand.real.-utdanning, geofysikk
- 756201 - Master of Philosophy, meteorology, toårig
Bedrifter: Kor jobbar meteorologar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med meteorologar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2112109 - FORSKER (METEOROLOGI)
- 2112108 - SENIOR KONSULENT (METEOROLOGI)
- 2112107 - SJEFSKONSULENT (METEOROLOGI)
- 2112106 - VÆRVARSLINGSSJEF
- 2112105 - STATSMETEOROLOG
- 2112104 - METEOROLOG
- 1226133 - SJEFSMETEOROLOG