Gjennomgått i samarbeid med NITO 20. desember 2023

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.

Arbeidsoppgaver

Alle maskiningeniørar jobbar med eksisterande teknologi og bruker han til å utvikle nye produkt og tenester. Maskiningeniørar arbeider mykje med design. Målet er å gjere teknologien om meir gagnleg og tenleg.

Vanlege arbeidsoppgåver for maskiningeniørar:

  • lage teknologiske produkt og produksjonsutstyr
  • utvikle arbeidsmetodar for produksjon
  • leie produksjonen og selje produkta
  • drifte og halde ved like ymist
  • marknadsføre og drive økonomistyring

Maskiningeniørar jobbar i mange ulike bransjar. Arbeidsoppgåvene varierer etter arbeidsstad. Nokon lagar skipsmotorar medan andre lagar utstyr til sjukehus.

Maskiningeniørar har vore med på å lage mange av dei tekniske utstyra vi har rundt oss. Arbeidet går som oftast føre seg i team saman med andre ingeniørar og andre yrkesgrupper.

Kor jobbar maskiningeniørar?

Ein maskiningeniør kan arbeide i industribedrifter, som til dømes verkstadindustrien og prosessindustrien. Prosessindustrien inkluderer mellom anna papir-, metall- og olje- og gassproduksjon. Mange jobbar i transportsektoren, i kommunar eller hos ingeniørfirma som driv med rådgiving.

Maskiningeniørar jobbar også hos produsentar og leverandørar av utstyr, i reiarlag og oljeselskap eller hos kontrollmyndigheiter. Ein del maskiningeniørar startar si eiga verksemd.

Bli med ein maskiningeniør på jobb

Korleis er det å jobbe som maskiningeniør?

En mann i grå t-skjorte sitter foran to pc-skjermer. Han er på et kontor.

Maskiningeniør

Sondre Eknes

– Du må like å finne ut av hvordan ting fungerer, og kanskje til og med prøve å forbedre dem, forteller Sondre.
Portrettbilde av Amira Elameen, hun smiler og har på seg gul genser

Maskiningeniør

Amira Elameen

For å bli maskiningeniør så bør du være glad i matte og fysikk, sier Amira Elameen.

Viktige egenskaper for en maskiningeniør

Som maskiningeniør bør du vere kreativ og ha praktisk sans. Du bør også kunne samarbeide med andre. Ei interesse for realfag og teknologi kjem godt med.

Kva tener maskiningeniørar?

Korleis utdannar du deg til maskiningeniør?

Maskiningeniørutdanninga er ei treårig bachelorgrad. Det er også mogeleg å ta ei mastergrad.

Kva for ei utdanning er vanlegast for maskiningeniørar?

Kva jobbar maskiningeniørutdanna med?

  • 755207 - Sivilingeniørutdanning, maskinteknikk.
  • 655213 - Bachelor, ingeniørfag, maskin, treårig
  • 655207 - Ingeniørutdanning, maskin, toårig.
  • 655205 - Høgskoleingeniørutdanning, maskin, treårig.
  • 555205 - Teknisk fagskole, linje for maskinteknikk.

Bedrifter: Kor jobbar maskiningeniørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med maskiningeniørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3114113 - MASKININGENIØR
  • 3114137 - SKIPSINGENIØR
  • 3114136 - DOKUMENTASJONSANSVARLIG (MASKIN OG TEKNISK INSTALLASJON)
  • 3114134 - PRODUKSJONSTEKNISK LEDER (MASKIN)
  • 3114133 - SENIOR MASKININGENIØR
  • 3114131 - UTREDNINGSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114128 - STANDARDISERINGSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114127 - SERVICETEKNIKER (MASKIN)
  • 3114126 - SERVICEINGENIØR (MASKIN)
  • 3114125 - INGENIØR (MASKIN)
  • 3114124 - VEDLIKEHOLDSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114123 - KONSTRUKTØR (MASKININGENIØR)
  • 3114122 - PROSJEKTINGENIØR (MASKIN)
  • 3114121 - AVDELINGSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114120 - VERNEINGENIØR (MASKIN)
  • 3114119 - MASKINTEKNIKER
  • 3114118 - TEKNIKER (MASKIN)
  • 3114117 - TEKNISK KONSULENT (MASKIN)
  • 3114114 - PLANLEGGINGSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114111 - KONTROLLINGENIØR (MASKIN)
  • 3114110 - KONSTRUKTØR (MEKANIKK)
  • 3114109 - KONSTRUKSJONSTEGNER (MASKIN)
  • 3114107 - INSTRUKSJONSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114106 - DRIFTSTEKNIKER (MASKIN)
  • 3114105 - DRIFTSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114104 - BESIKTIGELSESINGENIØR (MASKIN)
  • 3114103 - BEREGNINGSINGENIØR (MASKIN)
  • 3114101 - ARBEIDSSTUDIEINGENIØR (MASKIN)
  • 2145127 - PRODUKTUTVIKLER (MASKIN- OG MARINTEKNIKK)

Andre yrke

To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.
Industrimekaniker i arbeid

Industrimekanikar

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Industrirørlegger driller hull i vegg over et rør.

Industrirøyrleggar

Industrirøyrleggaren er ein fagarbeidar som monterer røyr/leidningsopplegg, og utførar sveising og platearbeid.