
Klinisk ernæringsfysiolog
Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
Arbeidsoppgaver
Kliniske ernæringsfysiologar gir kosthaldsrettleiing og behandling til personar som av ulike grunnar treng tilpassa kosthald. Det kan vera friske personar, som gravide, barn, vegetarianarar, veganarar, idrettsutøvarar og eldre. Det kan også vera personar som lid av til dømes underernæring, spiseforstyrringar, allergiar, intoleransar, nyresjukdom, livstilssykdommer eller som har vore gjennom ein operasjon.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein klinisk ernæringsfysiolog:
- rettleia folk i korleis dei kan eta og leva for å unngå sjukdom seinare i livet
- lære opp helsepersonell og tilsette i barnehagar, skular, og andre som jobbar med mat
- sjå på og vurdera behovet til folk ut frå deira helse, kosthald, høgd, vekt og blodprøver
- gi råd og lære opp om kosthald til pasientar og familien deira
- foreslå og starta behandling med mat, som spesialkost, drikker, sondemat eller intravenøs næring.
- kvalitetssikre mat i kommune og helse- og omsorgstenester
- planleggja og utvikla i kommunar, fylkeskommunar og bydelar
- jobba med kosthald for alle gjennom organisasjonar, styresmakter eller anna.
folkehelsearbeid, som å laga info om kosthald - forsking
Arbeidsoppgåvene vil variera etter kvar du jobbar.
Ein klinisk ernæringsfysiolog kan hindra, finna ut av, sjå og behandla ernæringsrelaterte tilstandar og sjukdommar hos personar i alle aldrar og livsfasar. Kliniske ernæringsfysiologar kan vurdera, dela og utvikla kunnskap om kosthald.
Klinisk ernæringsfysiolog er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet. Kliniske ernæringsfysiologar er derfor autoriserte helsepersonell. Merk at liknande yrkestitlar som ernæringsekspert, ernæringskonsulent og ernæringsrådgivar ikkje er det same som klinisk ernæringsfysiolog og at desse ikkje er verna titlar.
Kor jobbar kliniske ernæringsfysiolog?
Kliniske ernæringsfysiologar jobbar ofte på sjukehus, men stadig fleire arbeider no òg i kommunar og fylkeskommunar. Døme på arbeidsstader i kommunar og fylkeskommunar for kliniske ernæringsfysiologar er frisklivssentralar, lokale lærings- og mestringstilbud, tilknytt fastlegekontor eller tverrfaglege klinikkar, sjukeheim, hjemmetjeneste, eller meir overordna innan folkehelse eller helseteneste. Nokre kliniske ernæringsfysiologar driv eigen praksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Andre aktuelle arbeidsstader er opplysningskontor, rehabiliteringssenter, toppidrett, matvare-, næringsmiddel- og legemiddelindustri, i ideelle organisasjonar, og i helseforvaltninga, mellom dei i Mattilsynet eller Helsedirektoratet. Mange jobbar òg med forsking eller undervisning.>
Bli med ein klinisk ernæringsfysiolog på jobb
Korleis er det å jobbe som klinisk ernæringsfysiolog?

Klinisk ernæringsfysiolog
Thea Solnørdal

Klinisk ernæringsfysiolog
Gulla Formo
Viktige egenskaper for en klinisk ernæringsfysiolog
Som helsepersonell bør du like å jobbe med menneske, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du bør ha interesse for kosthald, medisinske spørsmål, fysiologi, kjemi og biologi.
Kva tener kliniske ernæringsfysiolog?
Korleis utdannar du deg til klinisk ernæringsfysiolog?
Det tar fem år å utdanne seg til den beskytta tittelen klinisk ernæringsfysiolog. I Noreg er det per i dag berre Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø som tilbyr utdanning som kvalifiserer for norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog.
Kva jobbar ernæringsutdanna med?
- 869902 - Dr.scient.-utdanning, ernæring.
- 769937 - Master, klinisk ernæring, femårig
- 769917 - Master, ernæring, toårig
- 769906 - Cand.scient.-utdanning, ernæring.
Bedrifter: Kor jobbar kliniske ernæringsfysiolog?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med kliniske ernæringsfysiolog
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2225102 - KLINISK ERNÆRINSFYSIOLOG
- 2225101 - ERNÆRINGSFYSIOLOG
- 2225104 - ERNÆRINGSFYSIOLOG
Andre yrke

Aktivitør

Allmennlege

Ambulansearbeidar

Anestesisjukepleiar

Apotekteknikar

Audiograf

Bakar

Barnesjukepleiar

Bartender

Bioingeniør

Biokjemikar
