Gjennomgått i samarbeid med Norsk cardiologisk selskap, Norsk cardiologisk selskap 07. desember 2022

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.

Arbeidsoppgaver

Kardiologi er læra om hjartet og hjartesjukdommar. Når det er mistanke om at ein person har hjarteproblem, kan han eller ho bli vist til ein kardiolog, som er ein lege med spesialisering innanfor det medisinske feltet hjartesjukdommar.

Vanlege arbeidsoppgåver for kardiologen:

  • undersøke symptom som kan tyde på hjartesjukdom
  • setje diagnose og behandle sjukdommar i hjartet og hjartet sine funksjonar 
  • utføre mindre operasjonar 
  • gje råd og rettleiing for å førebygge sjukdom
  • gjere administrativt arbeid
  • oppdatere seg på ny forsking og teknologisk utvikling innanfor feltet

Kardiologen behandlar for eksempel pasientar med angina pectoris (hjartekrampe), hjarteinfarkt, hjarteklaffefeil, hjartesvikt og hjarterytmeforstyrringar.

Somme kardiologar jobbar på ein sengepost eller på ei overvakingsavdeling, mens andre behandlar dagpasientar ved ein poliklinikk. Somme har spesialisert seg på små operasjonar som å operere inn pacemaker og hjartestartar, blokke ut tronge eller tette kransårer, sette inn nye hjarteklaffar via blodårene eller svi av ekstra leidningsbaner ved hjarterytmeforstyrringar.

Andre kardiologar har mindre kontakt med pasientar og er i periodar engasjert for å drive forsking.

Faget krev god kunnskap om fysiologi og hemodynamikk (blodsirkulasjon).

Tidlegare måtte ein kardiolog òg vere spesialist i indremedisin, men nå er kardiologi ein eigen hovudspesialitet.

Kor jobbar kardiologar?

Mange kardiologar arbeider på sjukehus. Dei kan også drive eigen spesialistpraksis eller vere tilsett på universitet som førelesarar og forskarar.

Korleis er det å jobbe som kardiolog?

Mann med kort grått hår i hvit skjorte. Han ser rett i kameraet.

Kardiolog

Volker Pönitz

– Faget krever en blanding av evnen til god kommunikasjon, faglig interesse i fysiologiske sammenhenger og en viss teknisk forståelse, sier Volker.
Portrettfoto av kardiolog Jan Hysing

Kardiolog

Jan Hysing

– Ein kardiolog bør vere interessert i både menneske og teknikk, seier Jan Hysing. 

Viktige egenskaper for en kardiolog

Som lege må du vere interessert i å hjelpe menneske og ha evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha gode kommunikasjonsevner. I dette yrket må du òg vere handlekraftig og kunne takle eventuelle krisesituasjonar.

Kva tener kardiologar?

Korleis utdannar du deg til kardiolog?

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune. De neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt.

Dei fleste finn ut kva slags spesialist dei vil bli når dei går på medisinstudiet, og mange byter òg spesialisering undervegs i spesialistutdanninga. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Kva jobbar medisinutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 763106 - Fagprøven for leger utdannet utenfor EU/EØS og Sveits
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Bedrifter: Kor jobbar kardiologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med kardiologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221107 - KARDIOLOG

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.