Kardiolog

– Ein kardiolog bør vere interessert i både menneske og teknikk, seier Jan Hysing. 
Portrettfoto av kardiolog Jan Hysing
Jan Hysing, 67 år
Kardiolog
Sykehuset i Telemark, Skien
Intervjuet er mer enn to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.
«Samvirke med pasientane er heilt avgjerande for at vi skal lykkast, og kardiologen må vere flink til å forklare vanskelege ting på ein enkel måte.»
― Jan Hysing
Publisert: 12.08.2020
«Samvirke med pasientane er heilt avgjerande for at vi skal lykkast, og kardiologen må vere flink til å forklare vanskelege ting på ein enkel måte.»
― Jan Hysing
«Eg plar å seie at det viktigaste du lærer i dette yrket, er å heve frustrasjonstoleransen. »
― Jan Hysing

Kvifor valde du dette yrket? 

– Du bestemmer deg ikkje for å bli kardiolog når du er 18 år, men du vel kanskje å studere medisin for å bli lege. Vegen vidare må bli til medan du går. Når du vel yrke, trur eg det er viktig å lytte til barndomsdraumane og lystene dine. Eg har alltid vore teknisk interessert, men som 18-åring ville eg ikkje berre bidra til økt produksjon og økt forureining. Det å kunne gi omsorg og hjelp til sjuke og hjelpelause betydde nok ein del. Men for meg har reisa vore lang – før eg blei kardiolog, hadde eg studerte teknologi og økonomi, og også arbeidd som forskar i mange år.

Image
Kardiolog Jan Hysing saman med ein operasjonssjukepleiar i ein operasjonssal. Dei er kledd i grønt og står over ein pasient som får operert inn ein pacemaker.
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg har vanlegvis 8 til 12 pasientar kvar dag. Arbeidstida for overlegar er 50–53 timar i veka, kor ein del av dette er heimevakt der vi blir ringt opp av juniorlegar. Skifta på sjukehuset er som regel i tidsrommet mellom 7.30 og 20, medan juniorlegane må arbeide mykje kveld og natt dei første åra. 

Ein kardiolog er spesialist på hjartesjukdommar. Vi behandlar pasientar som ligg på sjukehuset, men like mykje driv vi med oppfølging etter at pasientane er skrivne ut. Innanfor hjartemedisin støttar vi oss mykje på teknisk undersøking, som ultralyd av hjarte, måling av arbeidsbelastningar og scintigrafi. Kardiologen bør derfor vere teknisk interessert, men når det er sagt, er kommunikasjon med pasientane også svært viktig. Samvirke med pasientane er heilt avgjerande for at vi skal lykkast, og kardiologen må vere flink til å forklare vanskelege ting på ein enkel måte. Dersom pasienten ikkje tar medisinane sine eller følger opp med livsstilsendringar, går det dårleg. Mykje av jobben min går derfor ut på å undervise, enten i grupper eller i individuelle samtalar. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du må gå eit seksårig medisinstudium, som eg sjølv tok i Tyskland. Deretter er det turnusteneste og spesialisering medan du arbeider med hjartemedisin. Du må også vere på eit universitetssjukehus ein viss periode. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for? 

– Ein kardiolog bør ha interesse for tekniske undersøkingar, vere tolmodig og like å arbeide med menneske. Du må vere raus og sjenerøs. Alle legar står i fare for å bli utnytta, men kardiologar heldigvis mindre enn andre. Du må ha ei høg toleransegrense. Du må også vere flink til å forklare kompliserte ting på en enkel måte, og då er gode språkkunnskapar viktig.

Kven passar ikkje jobben for? 

– Eg har kollegaer som kjem til Noreg som 40-åringar, og som aldri lærer brukbart norsk. Dei har eit handikap i denne jobben, og mange av dei vel heller å bli narkoselegar eller røntgenlegar. Jobben er i tillegg både fysisk og psykisk krevjande, med lange arbeidsdagar. 24-timars-vakter er vanleg. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Jobben i seg sjølv er givande, det same er tilbakemeldingane du får frå fornøgde pasientar. Men det aller morosamaste er forskingsdeltakinga. Vi har i mange år hatt samarbeid med verdas leiande hjarteforskarar, og vi har presentert vår eiga forsking internasjonalt. Vi har også eigne doktorgradsprosjekt her ved vår avdeling, og er heilt i front på det nye som skjer innan faget. Det gjer kvardagen ekstra spennande.

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– At det kan vere fysisk og psykisk slitsamt. Eg pleier å seie at det viktigaste du lærer i dette yrket, er å heve frustrasjonstoleransen. No er eg snart 68 år, og det kan godt hende eg fortsett til eg er 72 år – så dei positive sidene overskygger dei negative. Kranglete pasientar har vi heldigvis lite av her. Då eg var fastlege og militærlege for mange år sidan, hende det av og til at eg kom i krangel med ein pasient. Då kunne eg gå og tenke på den konflikten lenge, for eg er nokså konfliktsky av natur. 

Image
Kardiolog Jan Hysing sitjande ved eit arbeidsbord. Han ser på ein dataskjerm kor ulike digitale tverrsnitt av ein pasients blodårer visast.
Lisens
1

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Mange jobbar med medisinutprøving i legemiddelindustrien, noko eg sjølv gjorde i åtte år. Du kan også drive privat praksis. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Overlegar i kardiologi tener rundt 1 100 000 kroner i året.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Som lege får du alltid jobb – men du kan ikkje utan vidare rekne med å få jobb på staden du helst vil bu. Jobbmarknaden svingar, så av og til kan det vere skrikande behov, medan andre gonger er nesten alle stillingar besatt. Men generelt er det stor etterspurnad etter alle sjukehusspesialitetar no. 

Tilhørende utdanninger

Medisin profesjonsstudium

For å bli lege må du ta et profesjonsstudium i medisin. Dette er et seksårig universitetsstudium.

Finn studier