Gjennomgått i samarbeid med Illustratørene 17. februar 2026

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.

Arbeidsoppgaver

Illustratørar arbeider med visuell kommunikasjon og lagar visuelle uttrykk som formidlar eit bodskap til ein bestemt mottakargruppe. Som illustratør jobbar som regel på oppdrag. Då er du ikkje like fri som ein sjølvstendig kunstnar.

Ofte er illustratøren også verksemda si grafiske formgivar, og lagar den totale visuelle utforminga. 

I mange tilfelle, særskilt i starten av karrieren, må illustratøren sjølv bygge seg eit kontaktnett. Pågangsmot og evne til å bygge nettverk med bransje og næringsliv er difor sentralt. 

Mange illustratørar jobbar som frilansere og konkurrerer ofte med fleire om same oppdrag. 

Som illustratør kan du jobba med mange forskjellige teknikkar. Du kan teikna med forskjellige materiale, teikna digitalt, laga kollasjar, jobba med fotografi og mykje meir. 

Vanlege arbeidsoppgåver kan vera:

  • møte med kundar eller oppdragsgivarar
  • presentera idear og forslag til illustrasjonar 
  • setja seg inn i temaet eller produktet som skal illustrerast 
  • ferdigstilla illustrasjonar 
  • profilera eiga bedrift
  • føre rekneskap

Kor jobbar illustratørar?

Dei fleste illustratørane jobbar frilans. Nokre illustratørar jobbar innan design-, reklame og kommunikasjonsbyrå, mediebyrå, forlag eller med film- og TV-produksjon.

Nokre illustratørar er representerte av illustrasjonsagentar i inn- og utland.

Bli med ein illustratør på jobb

Korleis er det å jobbe som illustratør?

Mann med kort hår og langt mørkt skjegg, iført lyseblå jakke og mørkeblå skjorte, sitter i en sofa og poserer. I bakgrunnen henger en illustrasjon på veggen.

Illustratør

Jon Arne Berg

– Jeg har hørt at man ikke skal ha hobbyen sin som jobb fordi man da ødelegger gleden ved hobbyen, men det stemmer ikke i mitt tilfelle, sier Jon Arne.
Ei dame med langt lyst hår og blå øyne. Hun smiler og ser rett i kameraet. Bak henne er et fargerikt bilde. Hun er inne.

Illustratør

Nora Brech

– Jeg har verdens beste jobb. Hver eneste dag i livet mitt må jeg klype meg selv i armen, fordi jeg kan ikke tro at jeg får lov å drive på med dette, sier Nora.

Viktige egenskaper for en illustratør

Ein illustratør må vera kreativ og ha engasjement og interesse for form og farga. Du må kunna jobba sjølvstendig og i team. Overfor ein oppdragsgivar må du vera flink til å følgja planen for oppdraget og jobba strukturert.

Kva tener illustratørar?

Bransjeorganisasjonen Grafills lønnsundersøking for 2024 viser at medianlønna for illustrasjon er 590 000 kroner.

Korleis utdannar du deg til illustratør?

Det finst ulike typar utdanningar og studiar som kan vera relevante for deg som ønsker å bli illustratør. Utdanning innanfor illustrasjon, grafisk design, kunstfag og liknande fagfelt blir tilboden ved både offentlege og privat utdanningsinstitusjonar.

 

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 716410 - Master, design, studieretning grafisk design og illustrasjon, toårig
  • 616409 - Høgskolekandidat, illustrasjon og grafisk design, treårig.
  • 616402 - Diplomstudium, illustrasjon, fireårig
  • 516412 - Fagskoleutdanning, tegning, toårig
  • 516408 - Fagskoleutdanning, illustrasjon, toårig
  • 516405 - Fagskoleutdanning, kunstfag, toårig
  • 516404 - Fagskoleutdanning, illustrasjon

Bedrifter: Kor jobbar illustratørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med illustratørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3471111 - ILLUSTRASJONSTEGNER
  • 2552105 - ILLUSTRATØR (KUNSTNER)
  • 3471115 - TEGNER (REKLAME O.L.)

Andre yrke

Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.
En lærer forklarer noe for en gruppe på fire elever i barneskolealder. Midt på bordet ligger en iPad, som læreren peker mot.

Lærar

Ein lærar underviser barn og vaksne i ulike fag.
En mann desginer på en pc

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Grunnskolelærer underviser barn i klasserom

Grunnskolelærar

Ein grunnskolelærar arbeidar med elevar frå 1–10. klasse.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskule.
En mann arbeider ved en pult.

Art director

Ein art director utviklar idear og konsept for reklame, TV og radio.
En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skapa liv og rørsle. Som animatør bør du vera kreativ og ha interesse for film og skodespel.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Hender på et bord med tegninger, saks, målebånd og annet utstyr.

Klesdesignar

Som klesdesignar utviklar og bestemmer du snitt, form, materialar, fargar og funksjon for klede.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.