Gjennomgått i samarbeid med Norsk sykepleierforbund 13. januar 2022

Helsesjukepleiar

Som helsesjukepleiar gjer du eit viktig arbeid med å ta vare på den fysiske og psykiske helsa til barn og unge.

Arbeidsoppgaver

Ei helsesjukepleiar er ein sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og sjukdomsførebyggande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar. Yrket heitte tidlegare helsesøster. 

Som helsesjukepleiar arbeidar du for å fremme barn og ungdoms eiga helse ved å styrke deira evne til å sjå og mobilisere eigne ressursar og styrkar. For å få til dette må helsesjukepleiarar samarbeide med både barnet, foreldra og andre yrkesgrupper. Som helsesjukepleiar er du ein sentral aktør i kommunanes folkehelsearbeid. 

Vanlege arbeidsoppgåver for ein helsesjukepleiar er:

  • undersøke, vaksinere og gi råd til barn, unge og foreldre om helse og oppvekst
  • rettleie i spørsmål om helse, utvikling, oppvekst, samliv, seksualitet og prevensjon
  • dra på heimebesøk og oppsøkande verksemd
  • bygge nettverk og drive miljøarbeid for barn, ungdom og familiar
  • samarbeide med skolar om mellom anna arbeids- og læringsmiljø
  • kartlegge, planlegge og organisere tiltak i samarbeid med andre faggrupper og etatar
  • opplysningsverksemd og førebyggande helsearbeid

Ein helsesjukepleiar har kunnskap om helsetiltak retta mot individet, grupper og samfunnet. Helsesjukepleiaren har ein sentral rolle i å støtte og rettleie barn og unge med spesielle behov for oppfølging på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting, omsorgssvikt eller risiko for omsorgssvikt. 

Kor jobbar helsesjukepleiarar?

Som helsesjukepleiar jobbar du som oftast i ein kommune eller bydel. Helsesjukepleiarar jobbar ved helsestasjonar og i skolehelsetenesta, i helsestasjonar for ungdom, vaksinasjons- og smittevernkontor og asylant- og flyktningkontor. 

Nokre helsesjukepleiarar arbeider på fylkes- eller statleg nivå eller i private bedrifter.

 

Korleis er det å jobbe som helsesjukepleiar?

Portrett av helsesykepleier Kristin Hasselkvist Bendiksen

Helsesykepleier

Kristin Hasselkvist Bendiksen

Det er meningsfullt å kunne bidra til en sunn og trygg oppvekst for barn, sier helsesykepleier Kristin Hasselkvist Bendiksen.

Viktige egenskaper for en helsesjukepleiar

For å bli helsesjukepleiar må du like å vere rundt barn og ungdom. Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske. Rådgiving, rettleiing og undervising er ein viktig del av oppgåva til helsesøstera. Du bør derfor vere flink til å lytte og formidle kunnskap på ein god og forståeleg måte. Du skal tale på vegner av barn og unge, og må derfor kunne vere tydeleg og uredd. I dette yrket må du både kunne vere sjølvstendig og arbeide saman med andre.

Kva tener helsesjukepleiarar?

Korleis utdannar du deg til helsesjukepleiar?

For å bli helsesjukepleiar må du først ta ein bachelorgrad i sjukepleie og ha minst eitt års relevant yrkespraksis som sjukepleiar før du kan ta helsesøsterutdanninga, som tar eitt år. 

Kva jobbar helsesjukepleiarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 661101 - Helsesykepleierutdanning
  • 761115 - Master, helsesykepleie, toårig

Bedrifter: Kor jobbar helsesjukepleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med helsesjukepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2230129 - OVERHELSESØSTER/OVERHELSESYKEPLEIER
  • 2230126 - HELSESØSTER/HELSESYKEPLEIER
  • 2230118 - SJEFSHELSESØSTER/SJEFSHELSESYKEPLEIER
  • 2230109 - LEDENDE HELSESØSTER/HELSESYKEPLEIER

Andre yrke

Kvinnelig adjunkt som underviser i klasserom

Adjunkt

Ein adjunkt er ein lærer med ein fireårig lærarutdanning eller som har ein bachelorgrad og praktisk pedagogisk utdanning. Som lærer arbeider adjunktar med barn, unge og vaksne i skolen.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barne- og ungdomsarbeider leker med barn.

Barne- og ungdomsarbeidar

Ein barne- og ungdomsarbeidar arbeider med pedagogiske tilbod for born og ungdom.
Barnehageassistent leser med barna.

Barnehageassistent

Som barnehageassistent hjelper du til med de daglege aktivitetane og gjeremåla i ein barnehage.
Barnehagelærar saman med barn.

Barnehagelærar

Som barnehagelærar er du med på å skapa eit trygt og omsorgsfullt miljø for barn gjennom leik, læring, omsorg og danning.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Barnevernspedagog snakker med barn.

Barnevernspedagog

Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.