Helsesekretær
Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
Arbeidsoppgaver
Ofte er det helsesekretæren som møter pasienten først, for eksempel på eit legekontor eller eit sjukehus. Helsesekretæren hjelper dermed til med å vurdere medisinsk hjelp til pasienten.
Vanlege arbeidsoppgåver for helsesekretæren:
- betene resepsjon og svare på telefon
- innkalle pasientar til timeavtaler
- bestille pasienttransport og tolketenester
- laboratoriearbeid og prøvetaking (for eksempel blodprøver, ekg og spirometri – pustetest for å måle lungefunksjon)
- enkelt sårstell
- skriving av pasientjournalar
- rapportering og administrasjon
Helsesekretærar har autorisasjon som helsepersonell. Personar utan autorisasjon, som for eksempel medisinske sekretærar, kan ikkje bruke tittelen helsesekretær.
Eit tidlegare namn på helsesekretærar, før yrket fekk autorisasjon, var legesekretær.
I jobben samarbeider du tett med legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar.
Kor jobbar helsesekretærar?
Helsesekretæren på sjukehus, legekontor, helsesenter, helsestasjon, innan eldreomsorg, rusomsorg, psykiatri eller andre delar av helsevesenet.
Bli med ein helsesekretær på jobb
Korleis er det å jobbe som helsesekretær?
Helsesekretær
Silje Marlen Richardsen
Helsesekretær
Tone Merete Skeide Sandnes
Viktige egenskaper for en helsesekretær
Som helsesekretær bør du like å møte nye menneske. Du må vere flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg, ha serviceinnstilling og samarbeidsevner. Du må også vere nøyaktig og kunne takle eit høgt arbeidstempo.
Kva tener helsesekretærar?
Korleis utdannar du deg til helsesekretær?
Helsesekretær er eit treårig utdanningsløp på vidaregåande skule. Etter fullført utdanning må ein søka autorisasjon hos Helsedirektoratet. Kravet for å få autorisasjon er vitnemål frå ein offentleg utdanningsinstitusjon.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Som helsesekretær kan du utdanne deg vidare innanfor faget for å auke kompetansen i til dømes helsejuss, IKT, logistikk eller andre område. Det er også mogleg å ta vidareutdanning i helseadministrasjon på fagskole.
Kva jobbar helsesekretærutdanna med?
- 569931 - Fagskoleutdanning, helseadministrasjon, ettårig
- 569910 - Medisinsk sekretær, ettårig
- 569909 - Fagskoleutdanning, helseadministrasjon og pasientrettede IKT-systemer
- 543107 - Fagskoleutdanning, helsekoordinator, halvårig
- 543106 - Fagskoleutdanning, helseadministrasjonssekretær, halvårig
- 469912 - Helsesekretær, Vg3, grunnkompetanse
- 469908 - Helsesekretær, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar helsesekretærar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med helsesekretærar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 5135102 - HELSESEKRETÆR
- 5135104 - SYKEHUSSEKRETÆR
- 5135103 - LEDENDE LEGESEKRETÆR
- 5135101 - LEGESEKRETÆR