Gjennomgått i samarbeid med Norsk gynekologisk forening 18. september 2026

Gynekolog

Ein gynekolog er ein lege med spesialisering i faget kvinnesjukdommar og fødselshjelp.

Arbeidsoppgaver

Ordet gynekologi betyr læra om kvinner. Gynekologar er legar som har spesialisert seg i kvinnesjukdommar og fødselshjelp.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein gynekolog:

  • følge opp risikosvangerskap og fødslar
  • medisinsk oppfølging under fødsel, og forløysing med keisarsnitt eller fødselstang dersom det oppstår komplikasjonar under fødselen
  • vurdering og behandling av kvinner som har plager og sjukdommar i underlivet, til dømes smerter, blødingar eller problem med vannlatning (urinering)
  • utføre operasjonar på livmor, eggstokkar og i underlivet
  • oppdage og behandle kreftsjukdommar i underlivet hos kvinner
  • behandling av par som har problem med å bli gravide

    Som gynekolog kan du også drive med forsking.

I dette yrket må du vere innstilt på å halde deg oppdatert på medisinsk og teknologisk utvikling.

Kor jobbar gynekologar?

Dei fleste gynekologar jobbar på sjukehus, men det finst også moglegheit for å drive eigen praksis eller jobbe i private føretak. Nokre gynekologar driv med forsking og undervisning, ofte kombinert med legearbeid.

Bli med ein gynekolog på jobb

Korleis er det å jobbe som gynekolog?

En mann i grønne arbeidsklær. Han smiler. Han er på et legekontor.

Gynekolog

Ole Aleksander Dyrkorn

– Gynekologi er et sammensatt fag. Man får lov til å operere og møte pasienter i ulike faser av livet, sier Ole Aleksander.

Viktige eigenskapar for ein gynekolog

Ein gynekolog arbeider med pasientar kvar dag og du bør derfor like å arbeide med menneske. Du må ha evna til å sjå kvar pasient som et individ. Du må også ha gode kommunikasjonsevner, gode samarbeidsevner og god vurderingsevne.

Kva tener gynekologar?

Korleis utdannar du deg til gynekolog?

Legespesialiseringa startar etter at du er ferdig med medisinstudiet og har fått autorisasjon som lege. I praksis vil alle nyutdanna legar halde fram i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i minst seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Han består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

Dei neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. Dei fleste finn ut kva slags spesialist dei vil bli når dei går på medisinstudiet, og mange byter òg spesialisering undervegs i spesialistutdanninga. Spesialistutdanninga går føre seg medan du jobbar som lege.

Kva jobbar medisinutdanna med?

Bedrifter: Kor jobbar gynekologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med gynekologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221106 - GYNEKOLOG

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar ortopediske hjelpemiddel.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Kiropraktor

Kiropraktor

Ein kiropraktor diagnostiserer og behandlar smerter og sjukdomar i nerve-, muskel- og skjelettsystemet.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Geriater prater med eldre kvinne.

Geriatar

Som geriatar er du spesialist på sjukdommar hos eldre menneske.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege undersøker du pasientar, diagnostiserer og behandlar sjukdom og skade.
Obduksjonstekniker kledd med plastfrakk og munnbund

Obduksjonsteknikar

Ein obduksjonsteknikar utfører obduksjonar, og handterer og steller døde.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Kirurger

Kirurg

Ein kirurg er ein lege som opererer pasientar, i tillegg til anna behandlinga.