Gjennomgått i samarbeid med Norsk gartnerforbund 21. desember 2023

Gartnar

Som gartnar tar du vare på uteområde og parkar. Du kan òg arbeide innan plante- og grønsaksproduksjon.

Arbeidsoppgaver

Som gartnar er du ein fagperson med god kunnskap om planteproduksjon. Gartnarfaget kan delast opp i fleire kategoriar.

  • frilandsgartnaren arbeider med frilandsgrønsaker, poteter, frukt og bær
  • veksthusgartnaren arbeider med produksjon av blomar, planter og grønsaker i eit regulert klima
  • hagegartnaren arbeider med grøntanlegg og private hagar
  • kommunegartnaren arbeider i kommunen med å forvalte parkar, friområde og badeplassar til det beste for innbyggarane
  • planteskulegartnaren produserer grøntanleggsplanter, frukttre og bærplanter på friland og i regulert klima
  • anleggsgartnaren arbeider med uteområde som idrettsanlegg, parkar og offentlege friområde 

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • produsere planter og planteprodukt
  • vedlikehalde planter i grøntanlegg
  • planlegging
  • logistikk
  • marknadsføring og sal

Gartnaren har mellom anna god kunnskap om vekstklima og planteformering med ulike teknikkar på ulike stadium i veksten og utviklinga til plantene. Som gartnar må du òg ha god kunnskap om bruk og vedlikehald av nødvendig produksjonsutstyr

Kor jobbar gartnarar?

Dei fleste gartnarar arbeider i det private næringslivet, oftast innan veksthusproduksjon. Mange gartnarar arbeider sesongbasert, og du kan òg arbeide i offentleg sektor. Desse arbeider med å stelle parkar og offentlege uterom. Fleire gartnarar arbeider innan forsking.

Bli med ein gartnar på jobb

Korleis er det å jobbe som gartnar?

Ei kvinne i mørkeblå singlet og svart caps. Hun holder små planter. Hun er utendørs.

Gartner

Idun Tjemsland

– Som gartner jobber jeg mye ute med planter og jord. Jeg liker veldig godt å se at noe fysisk skjer, forteller Idun.

Viktige egenskaper for en gartnar

Som gartnar er du interessert i planteliv, nevedyktig og har evne til å stå på når marknaden, vêret og sesongen tilseier det. Du har òg god kunnskap om å bruke og vedlikehalde det nødvendige produksjonsutstyret.

Kva tener gartnarar?

Korleis utdannar du deg til gartnar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Kva jobbar gartnarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 673901 - Høgskolekandidat, hagebruk og økonomi, toårig
  • 579920 - Fagskoleutdanning, omsetning i gartner- og grøntnæringen, halvårig
  • 579919 - Fagskoleutdanning, driftsledelse gartner og grønt, 1½-årig
  • 579912 - Fagskoleutdanning, driftsledelse gartner og grønt, ettårig
  • 573902 - Fagskoleutdanning, produksjon gartner og grønt, halvårig
  • 573113 - Fagskoleutdanning, historiske gartnerfag, ettårig
  • 573110 - Fagskoleutdanning, arboristfag, ettårig
  • 573101 - Fagskoleutdanning, arborist
  • 516905 - Fagskoleutdanning, botanisk design, ettårig
  • 516901 - Fagskoleutdanning, botanisk design
  • 473105 - Gartnernæring, Vg3 (forsøk)
  • 473103 - Gartnerteknikere, ettårig
  • 473102 - Gartnernæring, Vg3
  • 373105 - Gartnere, ettårig produksjonslinje

Bedrifter: Kor jobbar gartnarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med gartnarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 6112102 - GARTNER
  • 6112110 - GARTNERMEDARBEIDER
  • 9210106 - GARTNERIASSISTENT
  • 6112109 - GARTNERIMEDARBEIDER
  • 6112108 - GARTNERARBEIDER
  • 6112107 - OVERGARTNER
  • 6112106 - BYGARTNER
  • 6112105 - GARTNERFORMANN
  • 6112104 - GARTNERIARBEIDER
  • 6112101 - KOMMUNEGARTNER
  • 6112103 - ASSISTERENDE KOMMUNEGARTNER
  • 3212108 - GARTNERASSISTENT(FYLKE)
  • 1311110 - GARTNERILEDER (FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1311103 - GARTNERIBESTYRER (FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1311101 - GARTNERILEDER (FÆRRE ENN 10 ANSATTE - PRIVAT VIRKSOMHET)
  • 1210112 - GARTNERILEDER (OVER 9 ANSATTE)
  • 6111120 - BESKJÆRER (FRUKTTRÆR)
  • 6111104 - FRUKTDYRKER
  • 6111106 - FRUKTPRODUSENT
  • 9210115 - FRUKTPLUKKER
  • 7129102 - AVDELINGSGARTNER
  • 3212104 - DISTRIKTSGARTNER
  • 9210123 - HJELPEARBEIDER (GARTNERI)
  • 6111107 - BÆRPRODUSENT
  • 2212127 - RÅDGIVER FRUKT OG BÆRPRODUKSJON

Andre yrke

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.
Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Kvinnelig biolog sitter på huk ved en bekk og ser på vannprøve i reagensglass

Biolog

Biologar jobbar med dyre- og planteliv, og arbeider både ute i felten og på laboratorium.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
Bonde bak gjerde med kyr i bakgrunnen.

Bonde

Som bonde er du sjølvstendig næringsdrivande og driv din eigen gard.
Dyrepleier undersøker hund

Dyrepleiar

Som dyrepleiar hjelper du veterinæren i det daglege arbeidet. Arbeidsdagen består av omsorg, pleie og behandling av dyr.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Energimontørar arbeider med å bygge og halde ved like det elektriske energinettet.
Fiskebåt på feltet utenfor Senja i Troms.

Fiskar

Fiskarar driv med fangst av fisk. Arbeidet går føre seg på både små og store båtar
Forsker studerer isformasjon i en hule

Geofysikar

Geofysikarar skal forklare, og nokon gangar føresjå, det som skjer i jorda sitt indre og ytre.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.