Gjennomgått i samarbeid med Norsk Fysioterapeutforbund 22. mai 2025

Fysioterapeut

Fysioterapeutar jobbar med kropp og rørsle for å fremja god helse.

Arbeidsoppgaver

Ein fysioterapeut behandlar og førebyggjer skadar og sjukdommar. Dei sørgjer for at folk kan jobba, delta i samfunnet og ha så god funksjon som mogleg.

Som fysioterapeut undersøkjer du pasienten nøye. Du ser på problemet og kva pasienten vil oppnå. Målet er at pasienten skal betre eller behalda funksjonen sin. Dei skal bruka eigne evner og vera aktive i å forbetra helse og handtera utfordringar. Det er viktig at fysioterapeuten og pasienten utviklar eit trygt og tillitsfullt forhold for å få til dette.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein fysioterapeut:

  • undersøking vurdera korleis pasienten fungerer, og finne rett behandling
  • gi behandling åleine eller i gruppe, og laga treningsplanar
  • motivera pasienten til å jobba på eigenhand
  • følgja opp og dokumentera behandlinga
  • gi råd og rettleiing så pasienten kan meistra situasjonen betre
  • jobba saman med pasienten, pårørande, helsepersonell og andre

Fysioterapeuter behandlar folk i alle aldrar med ulike utfordringar. Det kan vera medfødde funksjonsnedsetjingar, skadar, ulykker og sjukdommar. Fysioterapeutar jobbar også for å betra helse og førebyggja plager, både for enkeltpersonar og i samfunnet. Dei samarbeider ofte saman med anna helsepersonell.

Rettleiing er ein viktig del av arbeidet, både for å fremja helse og for å førebyggja og behandla plager.

Fysioterapeut er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar fysioterapeutar?

Mange fysioterapeutar arbeider i kommunane. Dei jobbar på fysioterapiklinikkar, helsestasjonar og barnehagar og i skulen. Dei jobbar også på frisklivssentralar og lærings- og meistringssenter, i heimetenesta, helsehus og sjukeheimar. Dei kan også jobba på sjukehus, rehabiliteringsinstitusjonar, i bedriftshelsetenesta eller i privat helseteneste. Nokon vel å bli forskarar.

Bli med ein fysioterapeut på jobb

Korleis er det å jobbe som fysioterapeut?

Mann i blå hettegenser smiler.

Fysioterapeut

Kim Tolfsen

– Det som gjør meg glad er hvis pasienten får innsikt i at de med fysisk aktivitet og trening, kan gjøre seg selv bedre, sier Kim.

Viktige eigenskapar for ein fysioterapeut

Du må ha evne til å skapa tillit, motivera og ha gode kommunikasjonsferdigheiter. Du må både kunna arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre.

Kva tener fysioterapeutar?

Korleis utdannar du deg til fysioterapeut?

Kva jobbar fysioterapiutdanna med?

  • 665204 - Bachelor, fysioterapi, treårig
  • 665205 - Bachelor, mensendieck, treårig
  • 665203 - Videreutdanning for fysioterapeuter
  • 665202 - Mensendieckutdanning, treårig.
  • 665201 - Fysioterapeututdanning, treårig.
  • 765204 - Master, fysioterapivitenskap, toårig
  • 765205 - Master, idrettsfysioterapi, toårig
  • 765207 - Master, klinisk fysioterapi, toårig
  • 765203 - Videreutdanning for fysioterapeuter

Bedrifter: Kor jobbar fysioterapeutar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med fysioterapeutar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3226102 - FYSIOTERAPEUT
  • 3226122 - FYSIOTERAPEUT (TURNUSKANDIDAT)
  • 3226118 - FYSIOTERAPEUT (PSYKISK HELSEARBEID)
  • 3226115 - AVDELINGSLEDER/FYSIOTERAPEUT
  • 3226112 - BEDRIFTSFYSIOTERAPEUT
  • 3226109 - SJEFSFYSIOTERAPEUT
  • 3226108 - LEDENDE FYSIOTERAPEUT
  • 3226107 - SPESIALFYSIOTERAPEUT
  • 3226105 - KOMMUNEFYSIOTERAPEUT
  • 3226103 - INSTRUKTØR (FYSIOTERAPEUT)
  • 3226120 - MANUELLTERAPEUT
  • 3226121 - MENSENDIECKER

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
Illustrasjonsbilde av intensivsykepleier i arbeid.

Intensivsjukepleiar

Ein intensivsjukepleiar behandlar og pleier pasientar med akutte eller kritiske sjukdommar og skadar.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Fotterapeut behandler kunde

Fotterapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fotterapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar gir du omsorg, og utfører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografer tar bilder som brukes til å stille diagnoser, eller som grunnlag for stråleterapi.
Portør

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.
En tannpleier tar etter et instrument på et bord

Tannpleiar

Tannpleiararar undersøkjer og behandlar tenner og tannkjøt. Dei hjelper pasientar med å lære god munnhygiene og sunne vanar for tennene.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar ortopediske hjelpemiddel.