Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for elektro og datateknologi 09. august 2024

Flymotormekanikar

Ein flymotormekanikar arbeider med service, overhaling, reparasjon og testing av motorar i luftfartøy.

Arbeidsoppgaver

Flymotormekanikaren har spesialisering innanfor reparasjon, vedlikehald og testing av motorar i luftfartøy. Som flymotormekanikar jobbar du tett saman med flysystemmekanikere, flystrukturmekanikere og avionikere for å oppretthalde eit høgt nivå av sikkerheit i lufttrafikken.

Vanlege arbeidsoppgåver for flymotormekanikaren:

  • inspeksjon og feilsøking av motor
  • reparasjon og service på motor
  • testing av delane til motoren
  • dokumentering av alt utført arbeid

Ein flymotormekaniker arbeider etter eit internasjonalt regelverk der det blir stilt strenge krav til kompetanse og kvalifikasjonar, og du må ha spesielle sertifikat for å kunne jobbe med dei ulike flysystemene. Sertifikatena gjeld i heile EU/EØS-området. For å arbeide innanfor sikkerheitssonene på norske flyplassar blir det stilt krav om utvida vandelsattest (uttømmande politiattest).

Kor jobbar flymotormekanikarar?

Som flymotormekaniker kan du få jobb i Luftforsvaret og i organisasjonar som vedlikehalder fly og helikopter.

Bli med ein flymotormekanikar på jobb

Korleis er det å jobbe som flymotormekanikar?

Dame med lyst hår og svart genser. I bakgrunnen er en stor flymotor.

Flymotormekaniker

Eline Kallestad

– Yrket passer for de som liker å skru og har god teknisk forståelse, sier Eline.
Portrett av Geir Eikrem

Flymotormekaniker

Geir Eikrem

Som flymotormekaniker utfører Geir vedlikehold og sjekk av helikoptre som flyr i Nordsjøen.

Viktige egenskaper for en flymotormekanikar

Ein flymotormekanikar må vera god til å samarbeida og flink til å kommunisera. Engelsk er fagspråket i flybransjen, så god munnleg og skriftleg engelsk er nødvendig. Bransjen har strenge tryggingskrav, så etikk, gode haldningar og menneskekunnskap er viktig. Du må kunna arbeida nøyaktig og planmessig.

Kva tener flymotormekanikarar?

Korleis utdannar du deg til flymotormekanikar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Du kan vidareutdanne deg til europeisk sertifisert flyteknikar B1 (Licensed aircraft engineer). Denne utdanninga føregår i bedrifta der du arbeider. Utdanninga er anerkjent i store delar av verda og gir gode moglegheiter til arbeid òg utanfor Noreg. Ein flyteknikar er ein videreutdannet flymekanikar som har ansvaret for vedlikehald av luftfartøyet. Teknikaren er ansvarleg for at alle jobbar på flyet er korrekt utført, og godkjenner flyet før flyvning. Ein kan òg bli flyteknikar utan fagbrev.

Med fagbrev i flymotormekanikarfag, er det også mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Kva for ei utdanning er vanlegast for flymotormekanikarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar flymotormekanikarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 455113 - Flymotormekanikerfaget, Vg4

Bedrifter: Kor jobbar flymotormekanikarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med flymotormekanikarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7232117 - FLYTEKNIKER
  • 7232116 - SPESIALARBEIDER (FLYTEKNISKE FAG)
  • 7232114 - VERKSTEDARBEIDER (FLYTEKNISKE FAG)
  • 7232113 - FORMANN (FLYTEKNISKE FAG)
  • 7232111 - FAGARBEIDER (FLYTEKNISKE FAG)
  • 7232109 - FLYMOTORMEKANIKER
  • 7232107 - FLYMEKANIKER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
CNC-operatør jobber ved ei CNC-maskin

CNC-operatør

CNC-operatøren brukar datamaskiner til å styre mekaniske maskiner og lage komplekse delar i metall eller andre materialar.
Flygeleiar på jobb i tårnet på ein flyplass.

Flygeleiar

Ein flygeleiar overvaker og dirigerer flytrafikken i og rundt Noreg.
Industrimekaniker i arbeid

Industrimekanikar

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.