Yrkesfaglærar
Arbeidsoppgaver
Yrkesfaglærarar har ulike kompetansar og underviser innanfor faga sine, til dømes bygg- og anleggsteknikk eller helse- og oppvekstfag.
Yrkesfaglærarar underviser, skaper gode læringsmiljø og vidareformidlar eigne erfaringar til nye generasjonar fagarbeidarar. Som yrkesfaglærar planlegg, gjennomfører og vurderer du undervisning som gir elevane fagleg forståing, yrkesidentitet og motivasjon for vidare læring.
Yrkesfaglærarar kan bidra til å skapa gode læringsarenaer i både klasserom, verkstad og arbeidsliv. Det er eit viktig yrke for både enkeltmenneske og samfunnet.
Som lærer må du ta omsyn til at alle elevar er ulike, og at nokre av dei kan ha behov for tilrettelagd undervisning. Når enkeltelevar treng ekstra hjelp, skal læraren bidra til å få laga eit pedagogisk opplegg som gjer det enklare for desse barna å læra. Dette kan gjerne gjerast i samarbeid med ein spesialpedagog.
Som lærer må du også handtera mange ulike situasjonar, for døme mobbing.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein yrkesfaglærar:
- setja deg inn i læreplanar og læringsmål for faga
- planleggja undervisninga
- vurdera elevane og gi karakterar
- skapa godt eit godt lærings- og klassemiljø
Du samarbeider tett med andre lærarar, rektor, undervisningsinspektør, avdelingsleiar og andre tilsette ved skulen. Det er også viktig å ha eit godt samarbeid med foreldre.
Kor jobbar yrkesfaglærarar?
Yrkesfaglærarar jobbar i grunnskulen og i yrkesfaglege programområde i vidaregåande opplæring.
Du kan også jobba ved opplæringskontor, folkehøgskular, i vaksenopplæringa eller andre arbeidsplassar som treng den pedagogiske eller faglege kompetansen din.
Bli med ein yrkesfaglærar på jobb
Korleis er det å jobbe som yrkesfaglærar?
Yrkesfaglærer
Henrik Thømt Hjort
Yrkesfaglærer
Helena Gaundal
Viktige egenskaper for en yrkesfaglærar
Som yrkesfaglærar er det viktig at du liker å jobba med menneske og takla godt at arbeidskvardagen ofte er litt uføreseieleg. Du må ha evna til å sjå elevane som ei gruppe som skal fungera godt saman, og styrkja kvarandre. Samtidig må du klara å sjå kvar enkelt elev sine evner, interesser og behov. Det er også viktig å halda seg oppdatert på ny tilgjengeleg kunnskap og forsking på området.
Kva tener yrkesfaglærarar?
Korleis utdannar du deg til yrkesfaglærar?
Det finst treårig bachelor-yrkesfaglærarutdanning ved tre av universiteta i landet. Lærarutdanning i yrkesfag byggjer på fagbrev, sveinebrev eller tilsvarande yrkesutdanning frå vidaregåande opplæring og minimum to års relevant yrkespraksis etter fagutdanninga. Dersom det er eit krav for å praktisera i yrket må studenten ha autorisasjon.
Du kan også studera eit profesjonsretta fagfelt på universitet og høgskule (på minst bachelornivå og ha to års yrkesrøynsle), og deretter ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.
Videreutdanning
Etter- og vidareutdanning
Som lærer har du ei rekkje moglegheiter dersom du ønskjer vidareutdanning. Du kan eksempelvis vidareutdanna deg innan pedagogikk eller du kan fordjupa deg vidare i enkeltfag. Slike vidareutdanningsmoglegheiter blir tilbodne ved dei fleste høgskular og universitet i Noreg.
Kva for ei utdanning er vanlegast for yrkesfaglærarar?
Bedrifter: Kor jobbar yrkesfaglærarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med yrkesfaglærarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3341102 - YRKESFAGLÆRER
- 3341101 - FAGLÆRER (VIDEREGÅENDE SKOLE)
- 3341103 - ADJUNKT (YRKESFAG)
- 2320109 - PRØVENEMDSMEDLEM
Andre yrke
Pedagog
Barnehagelærar
Musikkpedagog
Barne- og ungdomsarbeidar
Adjunkt
Grunnskolelærar
Lærar
Lektor
Logoped
Hestefaglært
Lingvist