Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for teknologi og industrifag 30. juli 2024

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.

Arbeidsoppgaver

Brønnoperatøren i havbotnsinstallasjonar er ein brønnoperatør som betener verktøysystem og operasjonar til brønnar på havbotnen som ikkje har strenger til riggar eller plattformer. Desse brønnane tek gradvis over for plattformer, og eignar seg for djupe havområde.

Installasjon og vedlikehald av brønnar og produksjonsutstyr på havbotn skjer ofte frå rigg eller båt. Her blir utstyret søkt etter at det er testa og kopla saman, ned på havbotnen med fjernstyrte undervassfarkostar i samarbeid med FU-operatør og andre. Deretter blir funksjonane testa på havbotnen frå ein kontrollstasjon over havbotnen.

Vanlege arbeidsoppgåver for brønnoperatøren i havbotnsinstallasjonar:

  • installere og betene undervassutstyr
  • betene verktøysystem og installasjonsprogram
  • utføre intervensjon, reparasjon og vedlikehald på subseautstyr og einingar
  • rapportere på verktøysystem og utstyrseiningar
  • legge til rette for arbeidet som transport og rigging, bestilling og mottak av varer og handtering av delelager
  • utføre arbeidet i samsvar med HMS og bedrifta sine rutinar og prosedyrar

Du er nøydd til å følge strenge prosedyrar og regelverk. Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er svært viktig. 

Som regel arbeider du 14 dagar i eitt strekk på båt, rigg eller plattform. Du må derfor rekne med lange arbeidsdagar og du må vere innstilt på å jobbe turnus.

Etter som arbeidet blir utført i eit internasjonalt miljø, er gode engelskkunnskapar ein fordel.

Det blir stilt krav til helse og funksjonsdyktigheit.

 

Kor jobbar brønnoperatørar havbotnsinstallasjonar?

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar jobbar i olje- eller gassindustrien både offshore på båt, på riggar og ved verkstader på land.

Bli med ein brønnoperatør havbotnsinstallasjonar på jobb

Korleis er det å jobbe som brønnoperatør havbotnsinstallasjonar?

Portrettbilde av en mann i sort genser, med kort brunt hår.

Havbunnsinnstallatør

Jone Hansen Sæland

– Jeg har alltid syntes det var spennende å utforske det de har holdt på med offshore, sier Jone.
Portrettbilde av havbunnsinstallatør Lena Beate E. Sundfjord

Havbunnsinstallatør

Lena Beate E. Sundfjord

– Jeg synes det er gøy å sitte på kompetanse mange ikke vet så mye om, sier Lena Beate E. Sundfjord.

Viktige egenskaper for en brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Som brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar må du kunne arbeide planmessig, rasjonelt og ansvarleg. Samarbeid er ein viktig del av jobben for å vareta eigen og andres sikkerheit under krevjande og kritiske operasjonar. Derfor må du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du må også vere fleksibel, for å kunne tilpasse deg nye metodar og nytt utstyr.

Kva tener brønnoperatørar havbotnsinstallasjonar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til brønnoperatør havbotnsinstallasjonar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Du kan òg ta utdanning i havbunnsinstallasjoner på fagskole. I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Petroleum
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva jobbar brønnoperatørutdanna havbotnsinstallasjonar med?

  • 458410 - Brønnfaget, havbunnsinstallasjoner, Vg3
  • 558407 - Fagskoleutdanning, havbunnsinstallasjoner
  • 558411 - Fagskoleutdanning, havbunnsinstallasjoner, toårig

Bedrifter: Kor jobbar brønnoperatørar havbotnsinstallasjonar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med brønnoperatørar havbotnsinstallasjonar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 8114110 - SPESIALARBEIDER (BRØNNSERVICEOPERATØR)
  • 8114108 - BRØNNSERVICETEKNIKER (OLJE- OG GASSUTVINNING)
  • 8114104 - BRØNNSERVICEOPERATØR (OLJE- OG GASSUTVINNING)

Andre yrke

Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Petroleumsingeniør i arbeid

Petroleumsingeniør

Som petroleumsingeniør arbeider du i olje- og gassbransjen, gjerne med ansvar for område som produksjon, boring eller reservoar.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Industrirørlegger driller hull i vegg over et rør.

Industrirøyrleggar

Industrirøyrleggaren er ein fagarbeidar som monterer røyr/leidningsopplegg, og utførar sveising og platearbeid.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Energimontørar arbeider med å bygge og halde ved like det elektriske energinettet.
Geolog inni Pulpi-geoden i Almeria, Spania.

Geolog

Geologi er læra om jorda: hennar samansetjing, oppbygging og utvikling frå første byrjing og fram til i dag.
Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.
Elektroingeniør

Elektroingeniør

Elektroingeniørar arbeider med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.