Gjennomgått i samarbeid med NITO 10. november 2025

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.

Arbeidsoppgaver

Bioingeniørar er spesialistar på laboratoriearbeid og nøkkelpersonar i helsevesenet. Dei samlar inn og analyserer blod, celler og vevsprøver. Resultata frå analysane gir legane trygge og nøyaktige svar for å stilla rett diagnose og gi god behandling.

Som bioingeniør i sjukehus jobbar du med avansert teknologi – alt frå små pasientnære analyseapparat til store automatiserte analysehallar. Du har ansvar for både drift og hald ved like av laboratorieutstyr, og sørgjer for at alt fungerer som det skal.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein bioingeniør:

  • undersøkja biokjemiske, fysiologiske og cellulære prosessar i kroppen
  • påvisa sopp, bakteriar og virus, og testa for antibiotikaresistens
  • tappar blodgivarar, laga blodprodukt og bestemma blodtypar
  • utføra gentestar og bidra i genetisk rettleiing
  • førebu celle- og vevsprøver for vidare undersøkingar
  • analysera legemiddel for forgifting, rus eller rett dosering
  • undersøkja fysiologiske prosessar ved hjelp av radioaktive isotopar

Bioingeniørar jobbar tett med pasientar, og du må kunna møta dei på ein trygg og profesjonell måte. I tillegg samarbeider du med anna helsepersonell, som legar, sjukepleiarar og forskarar i eit tverrfagleg miljø.

For å bli bioingeniør må du ha bachelor i bioingeniørfag. Tittelen bioingeniør er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet. Bioingeniørar har eigne yrkesetiske retningslinjer som skal støtte og rettleia i krevjande situasjonar.

Kor jobbar bioingeniørar?

Bioingeniørar kan jobba i:

  • medisinske laboratorium på sjukehus
  • private laboratorium og forskingsinstitusjonar
  • veterinærmedisin og medisinsk teknisk industri
  • legemiddel- og næringsmiddelproduksjon
  • miljø-, vass- og matkontroll
  • universitet og høgskular

Bioingeniører finst overalt der det trengst presise analysar og teknologisk kompetanse for å forstå og forbetra helse, miljø og livskvalitet.

Bli med ein bioingeniør på jobb

Korleis er det å jobbe som bioingeniør?

En kvinne med langt, blondt hår og helseuniform. Rundt halsen har hun et nøkkelbånd. I bakgrunnen kan man se en PC-skjerm og en skriver.

Bioingeniør

Mona Elve Skofteland

– Dette er først og fremst er et yrke for de som liker å jobbe systematisk og selvstendig, sier Mona Elve.

Viktige egenskaper for en bioingeniør

Som bioingeniør må du vera ryddig, nøyaktig og systematisk. Du må også vera oppteken av hygiene og tryggleik på laboratoria. Du bør også vera oppteken av etikk.

Kva tener bioingeniørar?

Korleis utdannar du deg til bioingeniør?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
Fleire av høgskolane og universiteta har tilbod om masterstudium for bioingeniørar eller masterstudium som er bioingeniørfagleg relatert.

Oversikt over videreutdanningstilbod hos NITO

Kva jobbar bioingeniørutdanna med?

  • 669937 - Bachelor, bioingeniørfag, treårig
  • 669912 - Videreutdanning for bioingeniører, biologiske fag
  • 669907 - Ingeniørutdanning, bioingeniør, toårig.
  • 669906 - Høgskoleingeniørutdanning, bioingeniør, treårig.

Bedrifter: Kor jobbar bioingeniørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med bioingeniørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3211101 - BIOINGENIØR
  • 3211117 - AVDELINGSBIOINGENIØR
  • 3211127 - BIOKJEMITEKNIKER
  • 3211124 - PREPARANT (LEDENDE)
  • 3211123 - PREPARANT II
  • 3211122 - PREPARANT I
  • 3211118 - FØRSTELABORATORIETEKNIKER (BIOINGENIØR)
  • 3211116 - PREPARANTASSISTENT
  • 3211115 - PREPARANT
  • 3211113 - AVDELINGSINGENIØR (BIOINGENIØR)
  • 3211112 - BIOINGENIØR II
  • 3211111 - OVERBIOINGENIØR
  • 3211110 - SPESIALBIOINGENIØR
  • 3211109 - FØRSTEPREPARANT
  • 3211107 - OVERINGENIØR (BIOINGENIØR)
  • 3211106 - BIOINGENIØR III
  • 3211105 - BIOINGENIØR I
  • 3211104 - SJEFBIOINGENIØR
  • 3211102 - FYSIOKJEMIKER

Andre yrke

Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Kjeveortoped

Kjeveortoped

Ein kjeveortoped er ein tannlege som har spesialisert seg på å behandla feil i tannstilling og bit.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.