Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for salg, service og reiseliv 17. september 2025

Bilseljar

Bilseljarar sel nye og gamle bilar.

Arbeidsoppgaver

Ein bilseljar sel anten nye bilar eller bruktbilar, hjå bilforhandlarar eller i eiga bedrift. Om du arbeider med bruktbilar, vil verdvurdering vere ein viktig del av jobben. Du kan både arbeide med privatkundar eller bedriftskundar.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein bilseljar:

  • rettleie kundar og gi salstilbod i butikk, på telefon og i digitale kanalar
  • gi tilbod på forsikrings- og finansieringsavtaler
  • planlegge, avtale og gjennomføre salsmøte med kundar
  • følge opp nye og gamle kundar
  • rapportere salstal
  • ulike marknadstiltak

Som bilseljar må du ha brei og oppdatert kunnskap om bil, bilutstyr og sikkerheit.

Kor jobbar bilseljarar?

Bilseljarar jobbar gjerne hos bilforhandlarar. Du kan også vere sjølvstendig næringsdrivande.

Bli med ein bilseljar på jobb

Korleis er det å jobbe som bilseljar?

Mann i grønn skjorte og blå vest smiler og ser inn i kameraet.

Bilselger

Joakim Starholm

– For mange kunder er bilkjøp en stor investering, og da er det viktig at alt rundt prosessen oppleves ryddig, trygt og profesjonelt, sier Joakim.
En mann i hvit skjorte og mørkeblå bukser. Han står foran en rød bil. Han er i bilbutikken.

Bilselger

Geirmund Buene

– Det yrket kan passe godt for mange. Hvis du er sosial, utadvendt og glad i å snakke med folk, så kan bilselger være riktig valg for deg, sier Geirmund Buene.

Viktige egenskaper for en bilseljar

I dette yrket må du vere sosial og ha lett for å komme i kontakt med folk. Du bør vere interessert i bilar for å oppnå tillit til kundane. Du bør óg vere strukturert og flink til å følge opp og halde avtaler.

Det å vere målbevisst og ambisiøs er gode eigenskapar som bilseljar. Du bør like varierte arbeidsoppgåver og kunne samarbeide med andre.

Kva tener bilseljarar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis Utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til bilseljar?

Det er ingen formell offentleg utdanning for bilseljarar, men det finst privatskolar som tilbyr tilrettelagde studium og kurs. Elles kan utdanningar innan sal, marknadsføring eller økonomi vere relevant.

Bedrifter: Kor jobbar bilseljarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med bilseljarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5221103 - BILSELGER

Andre yrke

Markedsfører viser fram planar på et møte.

Marknadsførar

Ein marknadsførar utarbeider, formar og lanserer kampanjar for bedrifter.
En mann i svart kokkeuniform og caps tar på seg et par blå plasthansker. Han står bak en disk fyllt med fisk og sjøkmat. I bakgrunnen er det et storkjøkken.

Butikkmedarbeidar

Butikkmedarbeidaren hjelper kundar og yter service i ulike typar butikkar.
Kulde- og varmepumpemontør i arbeid

Kulde- og varmepumpeteknikar

Ei kulde- og varmepumpeteknikar er ein elektrofagarbeider som monterer, held ved like og rettar feil på kuldeanlegg og varmepumper.
Blomsterdekoratør Ingrid Marie Aarre med blomsterkrans i håret lager en blomsterkrans med rosa blomster

Blomsterdekoratør

Ein blomsterdekoratør lager blomsterarbeidar til arrangement og hendingar.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.
Bilde av en kvinne som sitter foran en PC og snakker i et headset

Supportkonsulent

Ein supportkonsulent hjelper brukarar med tekniske problem. Både brukarar internt i bedrifta, og eksternt hos kundar.
En mannlig markedssjef peker på en post-it lapp på et whiteboard.

Marknadssjef

Marknadssjefen har ansvaret for marknadsaktivitetane i ei bedrift.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Megler tar en person i hånda.

Meklar

Meklarar hjelper til med forhandling og rådgiving mellom kjøparar og seljarar. Meklarar er også med på å løyse konfliktar mellom partar.