Kvalitetssikret av Faglig råd for teknologi og industrifag 02. juni 2022

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.

Arbeidsoppgaver

Bilmekanikaren på tunge køyretøy arbeider med å reparere og vedlikehalde mekaniske, elektriske og elektroniske system på både eldre og nyare køyretøy.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • søkje etter elektroniske feil ved bruk av PC eller diagnoseverktøy
  • søkje etter mekaniske, hydrauliske og pneumatiske feil 
  • gjennomføre service og vedlikehald av køyretøy
  • utføre reparasjonar og skifte delar

Bilmekanikaren gjer òg kostnadsoverslag i samband med arbeid som skal utførast. 

Ein brukar ulike verktøy, utstyr og instrument for å skaffe informasjon og kunnskap om kvart einskild køyretøy. Som bilmekanikar skal du tolke opplysingane du finn fram til og foreslå arbeid basert på dette.

Faget er i stadig utvikling og ein spesialiserer seg ofte på eitt eller fleire område. Dette kan til dømes vere motor, motorstyring eller elektroniske komponentar i bilen.

Yrket har mykje til felles med bilmekanikar for lette køyretøy.

Hvor jobber bilmekanikarar (tunge køyretøy)?

Bilmekanikarar på tunge køyretøy arbeider vanlegvis på ein verkstad, enten frittståande eller hos ein bilforhandlar. Buss- og transportselskap er òg aktuelle arbeidsgivarar. 

Intervjuer

Portrettbilde av Truls Fremnesvik

Bilmekaniker (tunge kjøretøy)

Truls Fremnesvik

Jeg kan plages lenge med å finne ut hva som feiler en lastebil. Det kan ta tid, det kreves ofte at jeg leter litt i blinde, men det er kjempeartig. Jeg liker utfordringer, forteller Truls Fremnesvik, som jobber som bilmekaniker (tunge kjøretøy).

Viktige egenskaper

I dette yrket bør du vere interessert i motorar, mekanikk og elektronikk på tunge køyretøy. Du må like å arbeide med hendene og ha evne til å finne praktiske løysingar. Du må òg vere nøyaktig.

Gode kommunikasjonsevner er viktig, sidan du har mykje kontakt med kundar.

Lønn

Utdanning

Med fagbrev i bilfag, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Viss du har vg2 eller fagbrev, er det mogleg å ta teknisk leiarutdanning i Forsvaret. Då kan du bli mekanikar på tunge kjøretøy innan Forsvaret. 

De vanligste jobbene blant bilmekanikerutdanna (tunge køyretøy)

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2022. Tall fra høsten 2021. Forklaring til statistikken
  • 455205 - Bilfaget, tunge kjøretøy, Vg3

Arbeidsmarked

Bedrifter med bilmekanikarar (tunge køyretøy)

  • 7231108 - REPARATØR (TUNGE KJØRETØYER)
  • 7231103 - LASTEBILMEKANIKER

Andre yrke

AFIS-fullmektig på jobb i tårn.

AFIS-fullmektig

Ein AFIS-fullmektig gir informasjon til fly og helikopter på flyplassen, og har oversikt over bakketrafikken.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Automatiker i arbeid.

Automatikar

Ein automatikar monterer og held ved like automatiserte system.
Avioniker i arbeider.

Avionikar

Ein avionikar arbeider på luftfarføyets elektriske, elektroniske og digitale systemar og komponentar.
Billakkerer Tore Linna spraylakkerer en bildør, i lakkeringsverkstedet Harald Rømcke i Oslo.

Billakkerar

Ein billakkerar reparerer eller endrar lakken på bilar.
En kvinne rep

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.
Bilselger overleverer nøkler til kjøper av ny bil.

Bilseljar

Bilseljarar seljar bilar, gjerne frå ei avgrensa mengd bilmerke som dei kjenner godt.
Bilskadereperatør pusser lakk på bil

Bilskadereparatør

Ein bilskadereparatør rettar opp skadar i karosseriet på skadde køyretøy.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.