Bilmekanikar tunge køyretøy

– Nokon gamle gubbar meiner nok at dette ikkje er ein damejobb, smiler Amalie.
Ung kvinne står på et verksted. Hun er kledd i mørkt arbeidstøy
Amalie Skilbrei Våtevik, 23 år
Bilmekaniker tunge kjøretøy
Nomek AS i Stryn
«Med fagskule fekk eg større moglegheiter og blei meir attraktiv på arbeidsmarknaden og fekk jobb akkurat der eg ønska å bu.»
― Amalie Skilbrei Våtevik
Publisert: 10.05.2024
«Med fagskule fekk eg større moglegheiter og blei meir attraktiv på arbeidsmarknaden og fekk jobb akkurat der eg ønska å bu.»
― Amalie Skilbrei Våtevik
«Du trenger ikkje å vera spesielt sterk trass i at bilane er digre. Ingen løftar lastebilar.»
― Amalie Skilbrei Våtevik

Kvifor valde du å bli bilmekanikar tunge køyretøy?

– Faren min er hobbymekanikar og veldig bilinteressert og det smitta over på både meg og søstera mi. Oppveksten med gamle bilar med mykje lyd og ein far som likte seg best med skiftenøkkelen i lomma, gjorde mykje til at me blei smitta av bilbasillen. 

Veslesøstera mi blei bilmekanikar på lette køyretøy og eg på tunge køyretøy. I tillegg til at eg er flaska opp med bilinteresse, ville eg også ha ein jobb der eg kunne drive med praktisk arbeid, sidan eg blir fort rastlaus av å sitte stille for lenge. 

Då eg hadde teke fagbrev som mekanikar for tunge køyretøy, fekk eg ikkje jobb. Må tilstå at eg ikkje søkte så langt utanfor Stryn og Sogn, men då eg bygde på med ein toårig fagskule opna moglegheitene seg. Eg har fått ein jobb i den bygda eg vil bu i og bles ein lang marsj i spydige kommentarar frå gamle gubbar som meina at dette er ein mannejobb. Den yngre generasjonen reagera med så kult at du driv med det! 

Image
Kvinne jobber med en reparasjon i førerhuset til en lastebil.

 

 Korleis er en vanleg arbeidsdag for deg?

– På vår avdeling tek imot me heilt nye lastebilar frå Volvo og Scania i hovudsak. Dei kjem utan spesialutstyr og påbygg, så jobben min er å utstyre lastebilane etter kundens spesifikasjonar og ønsker. Eg har ein todelt rolle som 50 % konstruktør og 50 % montør. 

Akkurat no er min arbeidskvardag å jobbe med det elektroniske systemet som skal på bilane, til dømes ekstralys som arbeidslys, blits og 1000 meter lykter. Ein del av jobben min i dag er å trekke kablar i røyr, og deretter trekke dei på innsida av ramma på bilen. Det betyr at eg trekker elektriske kablar for å forsyne ekstrautstyret med straum. Det er ein stor prosess. 

Først må eg planlegge jobben og velja rett type kablar ut ifrå krava til ekstrautstyret. Nokon eksempel på påbygg er krokløft (lift), nettkassar, verktøykasse, ekstralys, hengarfeste og underkøyringshinder. Når kablane er på plass kolbar eg dei til og så utfører eg testa for å vere sikker på at alt verkar som det skal. 

Ein lastebil med lite ekstrautstyr brukar eg omtrent to veker på å ferdigstille. Lastebilar som skal ha mykje ekstrautstyr som for eksempel asfalt -eller brøytebilar tek lenger tid å få ferdig. Me lagar mykje av påbygget internt i bedrifta, som for eksempel nettkassar og verktøykassar. 

Av og til jobbar eg på fleire lastebilar samtidig medan ein ventar på å få delar. Eg er tilsett som montør/konstruktør. Det inneber at eg montera både påbygg og elektriske komponentar og dessutan at eg i konstruktør rolla teiknar ulike påbygg i eit 3D-program.

På ein lastebil er me som regel ein eller to på elektro og eit par på montering. Me hjelper kvarandre undervegs. Er det noko eg lurer på er det alltid ein kollega som veit svaret. Kundane kan vere alt frå store bedrifter til entreprenørar og enkeltmannsføretak. 

Me er fleire damer her og eg syns det er kjempekult å vera dame med tittelen mekanikar på tunge køyretøy. Med rett verktøy er det ingen problem og folk flest synest det er skikkeleg gøy at damer får vist kva dei kan.

Kva krevjast for å kunne jobbe som bilmekanikar tunge køyretøy?

– Eg gjekk TIP så var eg lærling som mekanikar for tunge køyretøy i to år før eg tok fagbrev. Eg fant ikkje jobb og søkte meg inn på fagskule på ei linja som heiter Maskinteknikk som er to år på fulltid. Eg blei då fagskuleingeniør på maskinteknikk. Den utdanninga må ein ikkje ha for å bli mekanikar, men det er ei utdanning du kan ta dersom du har fagbrev.

Utdanninga i maskinteknikk er viktig i jobben som konstruktør fordi eg lærte å teikne i 3D-program. Også elektrobiten var ein del av det eg lærte på fagskulen, men den var ikkje retta direkte mot lastebil. Utdanninga frå fagskulen innebar også prosjektleiing og planlegging for å kunne jobba effektivt og strukturert. Det skal seiast at ein ikkje må ha utdanning innanfor noko lastebilrelatert for å kunna jobba på Nomek AS, men ei viss interesse for lastebil må ein ha dersom ein skal jobbe på vår avdeling.

Kven passar dette yrket for, og kven passar det ikkje for? 

– Det passar for dei som har interesse for lastebil og tunge køyretøy. Ein bør vere effektiv og ha evna til å jobbe strukturert. Godt humør og ein positiv innstilling gjer alltid jobben mykje lettare. Ein må også ha interesse av mekanikk, elektrisitet, hydraulikk og kunne feilsøkje problem med diagnostiske verktøy. Det er alltid snakk om trafikksikkerheit og det å vere nøyaktig er avgjerande for eit trygt resultat. 

Elles bør du vere fullt rørleg fordi det er mange underlege arbeidsstillingar. Sjølv har eg ein viss grad av både klaustrofobi og høgdeskrekk, men det går fint. Du trenger ikkje å vera spesielt sterk trass i at bilane er digre. Ingen løftar lastebilar og me har bra verktøy som gjer jobben lettare, dersom tunge løft skulle vere nødvendig. 

Kva liker du best med å vere bilmekanikar på tunge køyretøy?

– Det er variert, og det er det aller beste.

Kva liker du minst? 

– Eg likar minst å trekke kablar. Eg får vondt i handledda og det er einsidig arbeid

Image
Kvinne i mørkt arbeidstøy strekker seg opp for å montere noe høyt oppe på en vegg i et verksted.

 

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Med fagskulebakgrunn kan eg jobba som prosjektleiar. Eg har det grunnleggande i HMS, med meir og kan jobbe i ulike typar industri. Som mekanikar for tunge køyretøy jobbar ein i hovudsak med biler på over 3,5 tonn. Det kan vere i buss og transportselskap, i det offentlege for eksempel med brannbilar, på anlegg og også for forsyningskjeder. 

Kva kan man forvente i lønn som bilmekanikar tunge køyretøy?

– Ein kan forvente ganske bra lønn. Med fagbrev og minst eit år fagskule tenar ein i gjennomsnittet rundt 500 000 kroner i året. 

Korleis er sjansane for å få jobb som bilmekanikar tunge køyretøy?

– Som sagt så sleit eg med å finne jobb etter at eg tok fagbrev, men må tilstå at eg ikkje ønska å flytte alt for langt vekk frå Stryn og eg hadde vell eigentleg bestemt meg for å gå fagskule uansett, så eg la ikkje alt for mykje innsats inn i jobbsøkinga mi. Med fagskule fekk eg større moglegheiter og blei meir attraktiv på arbeidsmarknaden og fekk jobb akkurat der eg ønska å bu.

Tilhørende utdanninger

Bilfaget, tunge kjøretøy

Du lærer om feilsøking, reparasjon og service på tunge kjøretøy.

Finn studier
Bilteknikk

Du vil opparbeide deg generell kompetanse innen bilfag, i tillegg til teknisk utdanning som verkstedbransjen trenger.

Finn studier