Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for teknologi og industrifag 02. juni 2022

Bilmekanikar (lette køyretøy)

Ein bilmekanikar for lette køyretøy reparerer og held ved like bilar.

Arbeidsoppgaver

Ein bilmekanikar på lette køyretøy søker, finn og utbetrar feil på køyretøyets mekaniske, elektriske og elektroniske system. Dette arbeidet blir utført på både eldre og nyare køyretøy.

Vanlege arbeidsoppgåver:

  • søkje etter elektroniske feil ved bruk av PC eller diagnoseverktøy
  • søkje etter mekaniske feil
  • gjennomføre service og vedlikehald av køyretøy
  • utføre reparasjonar og skifte delar

Bilmekanikaren for lette køyretøy gjer òg kostnadsoverslag i samband med eit arbeid som skal gjerast. 

I arbeidet brukar ein ulike verktøy, utstyr og instrument, for å skaffe informasjon og kunnskap om kvart einskild køyretøy. Som bilmekanikar skal du tolke opplysingane du finn fram til og foreslå arbeid basert på dette.

Faget er i stadig utvikling, og ein spesialiserer seg ofte på eitt eller fleire område. Dette kan til dømes vere motor, motorstyring eller elektroniske komponentar i bilen.

På ein verkstad arbeider du sjølvstendig eller i samarbeid med andre. 

Yrket har mange likskapstrekk med bilmekanikar for tunge køyretøy.

 

 

Kor jobbar bilmekanikarar (lette køyretøy)?

Bilmekanikarar arbeider vanlegvis på ein verkstad, hos ein bilforhandlar eller på ein frittståande verkstad. 

Bli med ein bilmekanikar (lette køyretøy) på jobb

Korleis er det å jobbe som bilmekanikar (lette køyretøy)?

En mann i blå t-skjorte ser rett i kameraet.

Bilmekaniker

Steffen Hansen

– Når jeg finner en feil som er vanskelig å oppdage og løser problemet, det gir en herlig mestringsfølelse, sier Steffen.
Jesper M Millinge smiler inn i kameraet. I bakgrunnen syntes deler av verkstedet der han jobber.

Bilmekaniker lette kjøretøy

Jesper Marinus Millinge

Jesper sier selv han var en kløne da han startet utdanningen som bilmekaniker. Gode læremestre og erfaring har gjort underverker.

Viktige egenskaper for en bilmekanikar (lette køyretøy)

Som bilmekanikar bør du vere interessert i motorar, mekanikk og elektronikk. Du må like å arbeide med hendene og ha evna til å finne praktiske løysingar. Du må òg vere nøyaktig.

Gode kommunikasjonsevner er viktig, sidan du har mykje kontakt med kundar, òg kundar som ikkje kan så mykje om bil.

Kva tener bilmekanikarar (lette køyretøy)?

Korleis utdannar du deg til bilmekanikar (lette køyretøy)?

Videreutdanning

Med fagbrev i bilfag, er det også mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Bilteknikk
Fagskole
Se utdanninger og steder

Kva for ei utdanning er vanlegast for bilmekanikarar (lette køyretøy)?

Kva jobbar bilmekanikarutdanna (lette køyretøy) med?

  • 455204 - Bilfaget, lette kjøretøy, Vg3
  • 455207 - Bilmekaniker, videregående, avsluttende utdanning

Bedrifter: Kor jobbar bilmekanikarar (lette køyretøy)?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med bilmekanikarar (lette køyretøy)

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7231129 - BILINSPEKTØR (MEKANISK BILVERKSTED)
  • 7231126 - MEKANIKER (BIL)
  • 7231125 - VERKSMESTER (MEKANISK BILVERKSTED)
  • 7231124 - SPESIALARBEIDER (BILMEKANIKER)
  • 7231123 - FORMANN (BILMEKANIKER)
  • 7231121 - FAGARBEIDER (BILMEKANIKER)
  • 7231115 - VERKSTEDARBEIDER (BIL)
  • 7231113 - REPARATØR (LETTE KJØRETØYER)
  • 7231112 - BILELEKTRIKER
  • 7231101 - BILMEKANIKER
  • 7231116 - UNDERSTELLSBEHANDLER

Andre yrke

Bilmekaniker jobber med motor til trailer

Bilmekanikar (tunge køyretøy)

Ein bilmekanikar for tunge køyretøy arbeider med lastebilar, varebilar, bussar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
En skipsmotormekaniker, også kalt motormann, inspiserer motorrommet

Skipsmotormekanikar

Ein skipsmotormekanikar held ved like og reparerer skipets motorar og andre mekaniske delar.
Maskinist sjekker instrumenter

Maskinist

Som maskinist har du ansvar for drift og vedlikehald av teknisk utstyr og maskiner om bord på skip og plattformer.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Metallarbeider som er i arbeid med sveising

Sveisar

Ein sveisar fører metalliske materiale saman ved press eller ved hjelp av varme.
Industrimekaniker i arbeid

Industrimekanikar

Industrimekanikarar held ved like og monterer maskiner og utstyr.
Platearbeider har ansvar for å vedlikehalde sveiseutstyr

Platearbeidar

Ein platearbeidar formar ut plater, røyr og profilar, og set dette saman til større konstruksjonar.