Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk 01. mars 2022

Betongfagarbeidar

Ein betongfagarbeidar produserer betongkonstruksjonar til bygg- og anleggsverksemd.

Arbeidsoppgaver

Betongfagarbeidaren bygger ulike typar betongkonstruksjonar innan bygge- og anleggsverksemd.

Som betongfagarbeidar bygger du støypeformer (forskaling). Du armerer (sett jernstenger i støypeformene før dei blir fylde med betong). Arméringa gjer at betongen toler store belastningar. Betongfagarbeidaren må ha kunnskap om eigenskapane til betongen.

Betongfagarbeidarar støyper bygningskonstruksjonar, tunnelportalar, bruer og damanlegg.

Vanlege arbeidsoppgåver for betongfagarbeidaren:

  • fundamentering, forskaling, arméring
  • montera innstøpingsgods og isolasjonsprodukt
  • utstøping av betong
  • produksjon av betongelement
  • betongrehabilitering, branntetting og fuging

Ein betongfagarbeidar må ha kunnskap om dei forskjellige forskalingsmetodane. Det vil seia både tradisjonell- og systemforskaling, prinsipp for kapping og bøying av armeringsjern, og støyping med riktig betong.

Som betongfagarbeidar må du kunna bruka avansert utstyr, men arbeidet inneber òg manuelt arbeid. Betongfaget er eit relativt nytt fagområde, og det er under stor utvikling når det gjeld nye produksjons- og arbeidsmetodar.

Betongfagarbeidarane er ofte spesialiserte innanfor eit område. Arbeidet krev tett samarbeid med andre faggrupper i byggeprosessen. Betongfagarbeidaren arbeider ut frå teikningar og arbeidsskildringar, og du må derfor kunna lesa arbeidsteikningar og ha god konstruksjonsforståing. Mange nyttar i dag nettbrett eller mobiltelefonar til å lesa teikningane i 3D-format, i tillegg til teikningar på papir. 

HMS er ein viktig del av arbeidet til ein betongfagarbeidar. Innanfor betongfaget er det ei rekke lover, forskrifter og standardar som ein til kvar tid må forholda deg til.

Betongfagarbeidar vart tidlegare kalla jernbindar, forskalingssnekker, betong- og grunnarbeid og betongindustriarbeidar.

Kor jobbar betongfagarbeidarar?

Ein betongfagarbeidar arbeider i små og store verksemder i bygg- og anleggsbransjen over heile landet. Du kan jobbe i både private og offentlege verksemder.

Bli med ein betongfagarbeidar på jobb

Korleis er det å jobbe som betongfagarbeidar?

Portrettbilde av mann med vernehjelm og hørselsvern. Han har på seg en oransje vest og en blå trøye under. I bakgrunnen ser man en jordbakke.

Betongfagarbeider

Vegard Herre

– Det beste med å være betongfagarbeider er å få skape noe som ikke har vært der før og som skal stå der i lang tid, forteller Vegard.
Portrett av Bjørnar Myrvang-Øien

Betongfagarbeider

Bjørnar Myrvang-Øien

Jeg er veldig stolt når jeg går rundt i nærområdet og ser prosjektene jeg har vært med på å realisere, sier Bjørnar Myrvang-Øien.

Viktige egenskaper for en betongfagarbeidar

For å bli betongfagarbeidar må du kunne arbeide sjølvstendig, like å vere ute og tole tungt, fysisk arbeid. Ein betongfagarbeidar må vere kreativ, nøyaktig, nytenkande og miljømedviten.

Kva tener betongfagarbeidarar?

Korleis utdannar du deg til betongfagarbeidar?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Etter fagbrevet, kan du ta toårig teknisk fagskole. Då får du tittelen fagteknikar. Som fagteknikar kan du mellom anna vere arbeidsleiar. Utdanninga nærmar seg ingeniørstudiet i innhald, men er meir praktisk retta. Fagskoleutdanning er også ein naturleg inngangsport til høgare utdanning, som til dømes bachelor- og mastergrad i teknologi. 

I tillegg er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Kva for ei utdanning er vanlegast for betongfagarbeidarar?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023.

Kva jobbar betongfagarbeidarutdanna med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 457133 - Betongfaget, Vg3
  • 457108 - Forskalingsfaget, VK II
  • 457105 - Betongindustrifaget, VK II
  • 457104 - Betong- og grunnarbeidsfaget, VK II
  • 457101 - Armeringsfaget, VK II

Bedrifter: Kor jobbar betongfagarbeidarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med betongfagarbeidarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7122101 - BETONGARBEIDER
  • 7124107 - FORSKALER
  • 7124106 - SPESIALARBEIDER (FORSKALINGSSNEKRING)
  • 7124105 - FORMANN (FORSKALINGSSNEKKER)
  • 7124103 - FAGARBEIDER (FORSKALINGSSNEKKER)
  • 7124102 - FORSKALINGSBAS
  • 7124101 - FORSKALINGSSNEKKER
  • 7123103 - FAGARBEIDER (JERNBINDING)
  • 7123102 - JERNBINDER
  • 7123101 - JERNBINDERBAS
  • 7122110 - BETONGSAGER
  • 7122108 - OPERATØR (BETONGREHABILITERING)
  • 7122107 - SPESIALARBEIDER (BETONG- OG GRUNNARBEID)
  • 7122106 - FORMANN (BETONG- OG GRUNNARBEID)
  • 7122104 - FAGARBEIDER (BETONG- OG GRUNNARBEID)
  • 7122103 - GRUNNARBEIDER (BYGG)
  • 7122102 - FASADE- OG BETONGARBEIDER
  • 7122109 - PROSJEKTLEDER (BETONGREHABILITERING)
  • 8214111 - SEMENTSTØPER
  • 7123105 - FORMANN (JERNBINDING)

Andre yrke

Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Ein anleggsmaskinfører står ved gravemaskinen sin.

Anleggsmaskinførar

Som anleggsmaskinførar køyrer du maskiner som gravemaskin, hjullastar, anleggsdumpar, dosar, veghøvlar og traktorgravar.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitekten utformar hus og bygningar.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
En brannforebygger klargjør feierutstyret sitt ved bilen

Brannførebyggar

Ein brannførebyggar, eller feiar som det heitte tidlegare, reingjer piper og ventilasjonsanlegg og har tilsyn med fyringsanlegg.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Byggingeniøren førebur, planlegg og gjennomfører byggeprosjekt. Ofte er byggingeniøren leiaren på ein byggeplass.
Elektrikar i arbeid, stripser fast kabler

Elektrikar

Elektrikarar monterer, bygger og held ved like elektriske anlegg og elektrisk utstyr.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Elektroingeniør

Elektroingeniør

Elektroingeniørar arbeider med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.
Energimontør i arbeid

Energimontør

Energimontørar arbeider med å bygge og halde ved like det elektriske energinettet.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.