Gjennomgått i samarbeid med UIT - Institutt for helse- og omsorgsfag 21. juli 2025

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier premature, nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.

Arbeidsoppgaver

Ein barnesjukepleiar er ein spesialsjukepleiar som jobbar med akutt og kritisk sjuke og skadde barn og ungdom i aldersgruppa 0–18 år, som treng behandling, overvaking og pleie. Barnesjukepleiarar har kunnskap om utvikling og behov hos foster, premature, nyfødde, barn og ungdom.

Familien til barnet speler ei viktig rolle i behandlinga av det sjuke barnet, og barnesjukepleiaren arbeider tett med familien til barnet.

Barnesjukepleiaren gir pleie og behandling til barn som:

  •     fødast for tidleg
  •    fødast med sjukdom eller utviklingsavvik
  •    blir utsett for ulykker
  •    blir ramma av akutt eller kritisk sjukdom
  •    blir greidd ut for, eller har fått ei forverring av, langvarig eller kronisk sjukdom
  •    har ei funksjonsnedsetting
  •    har psykiske, fysiske eller sosiale utviklingsforstyrringar eller skadar

 

Barnesjukepleiarar jobbar helsefremjande, førebyggjande, lindrande, behandlande og rehabiliterande. Arbeidsoppgåvene varierer ut frå kvar du jobbar og kva avdeling du jobbar ved. Du må ha autorisasjon frå helsedirektoratet som sjukepleiar for å kunna bli barnesjukepleiar.

Kor jobbar barnesjukepleiarar?

Barnesjukepleiarar arbeider i både sjukehus og kommunehelsetenesta. Hovudsakleg er arbeidsplassen sengepostar i sjukehus for barn og ungdom, nyfødd- og barneintensivavdelingar, poliklinikkar, habiliteringsavdelingar, legevakt, akuttmottak eller i barne- og ungdomspsykiatrien.

Korleis er det å jobbe som barnesjukepleiar?

Sykepleier på en barneavdeling omgitt av kosedyr.

Barnesykepleier

Silje Guldbrandsen

– Man må kunne se de fine stundene og gode øyeblikkene også når barnet er alvorlig sykt eller døende, forteller Silje.
Caroline Klemp Barnesykepleier i en gang på sykehuset. Veggene er dekorert med tegninger som barna har laget.

Barnesykepleier

Caroline Klemp

Jeg har nå blitt den irriterende jenta som forteller at jeg gleder meg til mandag og ny uke på barnekirurgen, forteller barnesykepleieren Caroline Klemp.

Viktige egenskaper for en barnesjukepleiar

Som barnesjukepleiar må du like barn. Du må ha gode kommunikasjonsevner, fordi du må kunne samarbeide med barn i ulike aldrar og utviklingsnivå og med foreldra deira. Du må ha god vurderingsevne og evne til å behalde roa i stressa eller akutte situasjonar.

Kva tener barnesjukepleiarar?

Korleis utdannar du deg til barnesjukepleiar?

For å bli barnesjukepleiar må du først ta ein treårig bachelorgrad i sjukepleie. Deretter må du studere vidare for å spesialisere deg. Det vanlegaste er å ta ei mastergrad i barnesjukepleie på 120 studiepoeng (4 semester), men det er også mogleg å ta ei vidareutdanning på 90 studiepoeng over 3 semester. Det siste alternativet kvalifiserer til barnesjukepleiar, men ikkje til mastergrad og anna høgare utdanning. Nokre sjukehus tilbyr stillingar der du kan jobba og studera samtidig, men lønna varierer. Det er vanleg med bindingstid til sjukehuset i 2-3 år etter enda utdanning.

Opptakskravet for å bli barnesjukepleiar er bachelorgrad i sjukepleie, norsk autorisasjon som sjukepleiar og minst to års relevant yrkespraksis som autorisert sjukepleiar.

Kva jobbar sjukepleiarar med vidareutdanning i barnesjukepleie med?

  • 661120 - Bachelor, sykepleie, treårig
  • 661109 - Videreutdanning i sykepleie, barnesykepleie
  • 661104 - Sykepleiehøgskole, treårig grunnutdanning.
  • 661128 - Videreutdanning i sykepleie, barnesykepleie

Bedrifter: Kor jobbar barnesjukepleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med barnesjukepleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2230116 - BARNESYKEPLEIER
  • 2230121 - PEDIATRISYKEPLEIER
  • 2230119 - PEDRIATISK SYKEPLEIER
  • 2230107 - SPESIALSYKEPLEIER

Andre yrke

Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografer tar bilder som brukes til å stille diagnoser, eller som grunnlag for stråleterapi.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Helsefagarbeidar som hjelper ein mannleg pasient med barberingen.

Helsefagarbeidar

Som helsefagarbeidar gir du omsorg, og utfører grunnleggjande sjukepleie til menneske i alle aldrar.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Fysioterapeut.

Fysioterapeut

Fysioterapeutar jobbar med kropp og rørsle for å fremja god helse.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Helsesekretær

Helsesekretær

Som helsesekretær er du utdanna sekretær tilpassa helsevesenet.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
En hånd med en plasthanske, holder en kirurgisk saks.

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.