Bakar
Bakarar arbeider med å laga brød, bagettar, kaker og anna bakverk.
Arbeidsoppgaver
Som bakar lagar du gjærdeigar til ulike brød- og kakeprodukt. Dette kan vere mellom anna brød, bollar, bagettar, pizzabotnar og liknande. Dette gjer ein anten manuelt eller med maskiner. Nokre bakarar vel å spesialisere seg i større industribakeri som blir styrt av store automatiserte produksjonsliner (samleband), mens andre vel mindre handverksbakeri som har meir varierte handlaga produkt.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein bakar:
- lage gjærdeigar til ulike typar brød- og småbakstprodukt
- vurdere pris og kvalitet på råvarer
- berekne deklarasjon (register over varer) og næringsinnhold i ferdige produkt
- sørge for god behandling, emballering og oppbevaring av råvarer og produkt
- tilpasse reseptar og produksjonsprosessar
Bakaren må reingjere og vedlikehalde utstyret som brukast. Som bakar er det viktig å ha god kunnskap om mathygiene.
Han arbeider ofte om natta eller svært tidleg, slik at bakverket blir klart til dagen startar. Du må derfor vere førebudd på andre arbeidstider enn i mange andre yrke.
Bakarfaget er eit gammalt handverk som er i stadig utvikling. Du må derfor kunne beherske råvareforståing, utvise godt handlag av den gamle skole og beherske den nyaste teknologien.
Mange bakarar har òg svennebrev som konditor.
Kor jobbar bakarar?
Dei fleste bakarar arbeider på bakeri eller konditori. I tillegg kan ein arbeide på industribakeri, butikkbakeri eller innan hotell- og restaurantnæringa. Nokre bakarar vel etter kvart å opne eige bakeri og utsal.
Korleis er det å jobbe som bakar?
Baker
David Duque
Baker
Per Harald Sagen
Viktige egenskaper for en bakar
Som bakar bør du ha interesse for matlaging. Du må vere nøyaktig og kunne jobbe effektivt og strukturert. Du må vere god på kundebehandling og ha evna til å sjå og forstå kundane sine ønske og behov.
Kva tener bakarar?
Korleis utdannar du deg til bakar?
Videreutdanning
Du kan ta meisterbrev i bakarfaget. Les meir om meisterutdanning.
Kva for ei utdanning er vanlegast for bakarar?
Kva jobbar bakarutdanna med?
- 458101 - Bakerfaget, Vg3
Bedrifter: Kor jobbar bakarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med bakarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 7412101 - BAKER
- 7412111 - BAKERMESTER
- 7412110 - MESTERSVENN (BAKERI OG KONDITORI)
- 7412109 - SVENN (BAKERI OG KONDITORI)
- 7412108 - FORMANN (BAKERI OG KONDITORI)
- 7412106 - FAGARBEIDER (BAKERI OG KONDITORI)
- 5122129 - PIZZABAKER
- 8275101 - BAKERIARBEIDER
- 8275115 - BAKERIMEDARBEIDER
- 8275106 - PRODUKSJONSMEDARBEIDER (BAKVERK, KORN- OG SJOKOLADEPRODUKTER)