Gjennomgått i samarbeid med Audiografforbundet 19. oktober 2026

Audiograf

Som audiograf har du spisskompetanse innan høyrsel, og hjelper mennesker med ulike høyrselsutfordringar.

Arbeidsoppgaver

Du kombinerer teknologi, helse og rådgjeving for å utgreie høyrsel, finne gode tiltak og hjelpe menneske med å høyre og kommunisere best mogleg.

Audiografen møter menneske i alle aldrar, som treng hjelp med sin høyrsel. Dette kan vere alt frå spedbarn til eldre med ulike høyrselsutfordringar, behov og livssituasjonar.

Vanlege arbeidsoppgåver for audiografar:

  • undersøke høyrsel og utrgreie høyrselstap, tinnitus og andre høyrselsrelaterte utfordringar
  • tiltak for å betre eller kompensere for nedsett høyrsel gjennom habilitering og rehabilitering. Dette kan mellom anna innebere tilpassing og oppfølging av høyreapparat og andre høyrselstekniske hjelpemiddel
  • rådgjeving og rettleiing til både pasientar og pårørande

For dei fleste med nedsett høyrsel kan høyreapparat gjere ein stor forskjell. Som audiograf er du ekspert på å finne, tilpasse og følgje opp høyreapparat, slik at tale og lydar igjen kan bli ein naturleg del av kvardagen. Men jobben handlar om meir enn teknologi. Som audiograf skal du også motivere og rettleie pasientane, slik at høyreapparatet blir tatt i bruk og kan gje best mogleg effekt.

Ei viktig oppgåve for audiografen er å forklare korleis høyrselen fungerer og fortelje om sosiale konsekvensar av hørselstap, tekniske hjelpemiddel og pasientrettigheiter. Det er også svært viktig å lage eit bilete av korleis nedsett høyrsel kan påverke mennesket sin hjerne.

For spedbarn kan høyreapparat gje dei moglegheita til å høyre lydane dei treng for å utvikle talespråk. Hos vaksne og eldre kan god høyrselsrehabilitering gjere det lettare å kommunisere, delta sosialt og oppretthalde aktivitet og livskvalitet. Ubehandla høyrselstap kan ein også forbinde med auka risiko for kognitiv svikt og demens. Høyreapparat er også viktige for å få med seg kva som skjer i omgjevnadane.

Statistisk sett har kvar femte nordmann ein eller annan form for høyrselshemming.

Sjølv om du som ferdig utdanna audiograf kan jobbe sjølvstendig, vil eit tverrfagleg samarbeid med øyre-, nase- og halsspesialist, audiopedagogar og audioingeniørar gje eit sterkare tilbod. Audiografar samarbeider også med andre helse- og faggrupper ut frå pasienten sitt behov.

Kor jobbar audiografar?

Audiografen jobbar med utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Det kan vere både på sjukehus, og hos privatpraktiserande øyre-, nase- og halsspesialist. Nokre audiografar jobbar heilt sjølvstendig i eigen klinikk. Du kan også jobbe som rådgjevar i til dømes hjelpemiddelsentralar, bedrifthelsetenesta og på kompetansesenter. Audiografar er også tilsette hos leverandørar av høyreapparat.

Bli med ein audiograf på jobb

Korleis er det å jobbe som audiograf?

Dame med svart bluse, hestehale og smykke i halsen som smiler til kamera.

Audiograf

Line Steen

– Jeg visste at jeg ville jobbe med mennesker, men uten turnus – og det var først i praksis jeg skjønte hvor meningsfullt dette yrket faktisk er, sier Line.
En dame smiler

Audiograf

Alexandra Dybvik

Dette yrket passer for deg som har lyst til å hjelpe mennesker som opplever utfordringer med sin hørselssans i ulike grader og variasjoner, forteller Alexandra Dybvik.

Viktige eigenskapar for ein audiograf

Du må vere motivert for å arbeide med menneske som har spesielle behov. Samtidig må du vere interessert i teknologi. Du må òg ha empati og gode samarbeidsevner.

Kva tener audiografar?

Korleis utdannar du deg til audiograf?

Utdanninga er grunnlag for å søkje om autorisasjon som audiograf.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
NTNU har mellom anna vidareutdanningstilbod innan tverrfagleg rehabilitering, tverrfagleg rettleiing, databehandling, teiknspråk og helse- og sosialadministrasjon.

Det er mogeleg å ta mastergrad i audiologi ved fleire utanlandske universitet.

Kva jobbar audiografiutdannede med?

  • 669945 - Videreutdanning for audiografer, audiologiske emner
  • 669936 - Bachelor, audiografutdanning, treårig
  • 669901 - Audiografutdanning, toårig
  • 469902 - Audiografutdanning

Bedrifter: Kor jobbar audiografar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med audiografar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3221102 - AUDIOGRAF
  • 3221107 - LEDENDE AUDIOGRAF

Andre yrke

Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografer tar bilder som brukes til å stille diagnoser, eller som grunnlag for stråleterapi.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar ortopediske hjelpemiddel.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
En dame står i operasjonsklær og legger plastikk på et operasjonsinstrument. I bakgrunnen ligger en pasient tildekket. Bildet er tatt i en operasjonsstue.

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
Låsesmed lager nøkler i verkstaden sitt.

Låsesmed

Låsesmedar installerer, reparerer, held ved like og yter service på lås- og tryggleikssystem.
Tanntekniker jobber med å lage tannerstatning.

Tanntekniker

Ein tannteknikar lagar tannerstatningar til pasientar som har mista eller skadde tennene sine.
Nevrosykepleiere i samtale

Nevrosjukepleiar

Ein nevrosjukepleiar har spesialisering innanfor behandling av sjukdommar i hjernen og nervesystemet.
Nevrolog

Nevrolog

Som nevrolog er du lege med spesialisering på sjukdommar i nervesystemet.