Gjennomgått i samarbeid med TiA - Tolkene i Akademikerforbundet, Norsk Tolkeforening 19. mai 2022

Tolk

Ein tolk arbeider med munnleg omsetting av innhaldet i eit språk til eit anna.

Arbeidsoppgaver

Ein tolk arbeider for at menneske, som ikkje snakkar same språk, skal kunne forstå kvarandre. 

Det finst to typar tolk: talespråktolk og teiknspråktolk. Talespråktolk, som er skildra på denne sida, må ikkje bli forveksla med teiknspråktolk.

Å tolke er å omsette munnleg frå eit språk til eit anna, direkte i ein situasjon kor nokon kommuniserer. Tolkinga kan gjerast enten konsekutivt eller simultant. Konsekutiv tolking er når samtalepartnar tek pausar for sleppe til tolken innimellom og simultantolking er når tolken tolkar samtidig som talaren snakkar utan stans.

Som tolk er det viktig at du er godt førebudd til oppdraga dine. For eksempel må du tileigne deg kunnskap om ulike fagområde, kultur, historie og bakgrunn.

Tolkar følger ein eigen yrkesetisk standard med strenge krav til nøytralitet, objektivitet og konfidensialitet. Det er ein føresetnad at du alltid forsøker å få fram den riktige bodskapen i det talaren ønsker å seie.

Som tolk må du kunne dine arbeidsspråk på eit svært høgt nivå. Tolkar må vere førebudd på kunne tolke i krisesituasjonar og situasjonar korr det krevst spesiell fagkompetanse.

Tolk er ikkje det same som omsettar.

Kor jobbar tolkar?

Etterspørselen etter tolkar i ulike språk varierer. Fast avsetting er veldig sjeldan i tolkeyrket og de aller fleste tolkar i Noreg arbeidar frilans.

Aktuelle arbeidsplassar for tolkeopdrag er offentleg tenesteyting, som til dømes helsevesenet og Nav, i politi- og rettsstellet og i utlendingsforvaltinga. Tolking skjer også i organisasjonar, ved besøk eller møte mellom land, ved konferansar, i tilknyting forskingssamarbeid og i privat næringsliv.

Intervjuer

Tolk Patrick Bjorstad. Portrett

Tolk

Patrick Bjorstad

Tolk Patrick Bjorstad har alltid vært interessert i språk, mennesker og ulike kulturer.

Viktige eigenskapar

God språkforståing og ei evne til å arbeide raskt og presist er nødvendige eigenskapar for ein tolk. Du må ha ein særleg kompetanse innan dei språka du tolkar. Det er også viktig at tolken har forståing for dei temaa tolkinga famnar om.

Ein tolk må vere konsentrert, nøyaktig og ha evne til å huske store mengder informasjon på ein gong. Som tolk må du vere god til å halde konsentrasjonen og kunne uttrykke deg presist. 

Lønn

Utdanning

Du kan bli tolk på fleire måtar. Du kan bli statsautorisert tolk eller ta tolkeutdanning. 

For å kunne kalle deg statsautorisert tolk, må du ta autorisasjonsprøve. Denne kan du ta ved OsloMET. Om du består, kan du søke Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) om bevilling som statsautorisert tolk.

Autorisasjonsordninga er den einaste offentlege godkjenningsordning for tolkar i Noreg. Språka det tilbys autorisasjonsprøve i varierer fra år til år, dette blir offentliggjort i god tid på førehand. 

Dei som jobbar som tolkar har som oftast studert:

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022.

Dei vanlegaste jobbane blant tolkutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 611604 - Tolkeutdanning, lavere nivå
  • 711903 - Master, språkutdanning, toårig

Bedrifter som ansetter tolkar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tolkar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2544112 - TOLK
  • 2544109 - STATSAUTORISERT TOLK
  • 2544105 - RETTSTOLK

Andre yrke

Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Mannleg forskar dypper slangar i reagensglas.

Forskar

Forskaren arbeider systematisk og strukturert med å auke den gjeldande kunnskapen vår og å finne ny kunnskap.
En naturguide peker på noe til turfølget

Guide

Som guide leiar du omvisingar for reisande.
Kabinansatt og passasjerer.

Kabintilsett fly

Som kabintilsett har du ansvaret for tryggleiken og servicen til passasjerane under flyreisa.
Kaptein ser på horisonten i kikkert

Kaptein

Ein kaptein er leiaren på eit skip. Han har ansvaret for navigasjonen, sikkerheita og fartøyet.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.