Gjennomgått i samarbeid med Norsk radiologisk forening 19. oktober 2022

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.

Arbeidsoppgaver

Radiologar er legar med spesialisering innan det medisinske fagfeltet radiologi, som er læra om bruk av ioniserande strålar, lydbølger og elektromagnetiske bølger.

Som radiolog undersøker du organ i heile kroppen og stiller diagnose ved hjelp av bilde som er tatt ved bruk av røntgen, CT, ultralyd, gjennomlysing og MR. I tillegg utførar radiologar vevsprøvetaking og behandling av pasientar med bilettekniske metodar som manøvreringsverktøy. 

Det er radiografane som tek bileta i dei fleste tilfella. Radiologen analyserer og beskriv bileta. Skildringa gir tilbakemelding om diagnose, og råd om vidare utgreiing.

Radiologen analyserer bileta frå heile kroppen, som for eksempel av: 

  • lunger
  • skjelett, muskulatur og ledd
  • urinvegar
  • blodårer
  • hjerne og ryggmarg 
  • mage og tarm
  • bryst (mammografi)

Radiologen kan derfor mykje om den normale oppbygningen til kroppsdelane (anatomi) og sykdomslære (patologi). 

Vanlege arbeidsoppgåver for radiologen: 

  • undersøke organ i kroppen med bildediagnostiske metodar som røntgen, CT, ultralyd og MR
  • analysere bilde, stille diagnose og eventuelt anbefale vidare utgreiing
  • behandle pasientar under bilderettleiing med ultralyd, røntgengjennomlysing, CT eller MR, for eksempel for å:
    • ta vevsprøver (biopsi)
    • fjerne betennelsesvæske 
    • stanse blødingar eller
    • opne tette blodårer
  • Samarbeide tett med andre radiologar, legar, radiografar og andre yrkesgrupper
  • halde seg oppdatert, både medisinsk og teknologisk

Radiologi er eit fag i konstant teknologisk utvikling, og radiologar deltar aktivt i innføring og bruk av programvare for å stille riktig diagnose, inkludert kunstig intelligens og maskinlæring.

Kor jobbar radiologar?

Dei fleste radiologar i Noreg arbeider ved biletdiagnostiske sjukehusavdelingar. Radiologar arbeider òg ved offentlege og private klinikkar eller institutt. Avdelingane radiologane arbeider på går under fleire ulike namn. 

Intervjuer

Radiolog Nikolaos Zantalis står i hvit legefrakk og smiler til kameraet. Han har sort skjegg og barbert hode.

Radiolog

Nikolaos Zantalis

Det er et sosialt og kjempespennende yrke der du samarbeider med alle retningene i medisinfaget, sier radiolog Nikolaos Zantalis.

Viktige eigenskapar

Som lege må du vera interessert i å hjelpa menneske. Du må ha gode kommunikasjonsevner og evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha god vurderingsevne, kunne handla raskt og takla eventuelle krisesituasjonar. Som radiolog jobbar du som ein del av eit team og bør derfor ha gode samarbeidseigenskapar. Du må òg kunna omgåast pasientar i ein sårbar livssituasjon med både empati og ei profesjonell haldning.

Lønn

Utdanning

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

De neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. De fleste finn ut kva slags spesialist de vil bli når de går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanningen. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Dei vanlegaste jobbane blant radiologutdanna

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 763239 - Radiologi, spesialistutdanning for leger
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Bedrifter som ansetter radiologar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med radiologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221141 - RADIOLOG

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren legg til rette for aktivitetar for ulike brukargrupper.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

En anæstesisygeplejerske passer på de vigtigste funktioner til patienten. Dette sker i et avanceret teknologisk miljø. Sygeplejerske/sosu-hjælper/sosu-assistenten håndterer både planlagte situationer og nødssituationer, både på sygehuset og andre steder.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.