Gjennomgått i samarbeid med Norsk radiologisk forening 17. desember 2024

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.

Arbeidsoppgaver

Radiologar er legar med spesialisering i det medisinske fagfeltet radiologi, som omfattar bruk av ioniserande strålar, lydbølgjer og elektromagnetiske bølgjer. Dei undersøkjer organa til kroppen ved hjelp av biletmetodar som røntgen, CT, ultralyd og MR, og utfører også vevsprøvetaking og behandling ved hjelp av desse metodane.

Radiografane tek bileta, medan radiologane tolkar og beskriv dei. Denne beskrivinga gir forslag til diagnose og ofte råd om vidare behandling, noko som gjer radiologane til ein heilt sentral del av diagnostikk og behandling i helsevesenet.

Radiologi er i konstant teknologisk utvikling. Radiologar bruker stadig nye dataverktøy, inkludert kunstig intelligens og maskinlæring, for å stilla rett diagnosar.

Vanlege arbeidsoppgåver for radiologen: 

  • undersøkja ulike delar av kroppen med røntgen, CT, ultralyd og MR
  • analysera bilete, stille diagnose og eventuelt tilrå vidare undersøkingar
  • behandla pasientar med bilethjelp ved å til dømes ta prøver, fjerne betennelsesvæske, stoppa blødingar og opna tette blodårar
  • samarbeide tett med andre radiologar, legar, radiografar og andre yrkesgrupperhalda seg oppdaterte, både medisinsk og teknologisk

Radiologen analyserer bileta frå heile kroppen, som for eksempel av: 

  • lunger
  • skjelett, muskulatur og ledd
  • urinvegar
  • blodårer
  • hjerne og ryggmarg
  • mage og tarm
  • bryst (mammografi)

Radiologen kan derfor mykje om den normale oppbygningen til kroppsdelane (anatomi) og sykdomslære (patologi). 

Kor jobbar radiologar?

Dei fleste radiologar i Noreg arbeider ved biletdiagnostiske sjukehusavdelingar. Radiologar arbeider òg ved offentlege og private klinikkar eller institutt. Avdelingane radiologane arbeider på går under fleire ulike namn. 

Korleis er det å jobbe som radiolog?

Radiolog Nikolaos Zantalis står i hvit legefrakk og smiler til kameraet. Han har sort skjegg og barbert hode.

Radiolog

Nikolaos Zantalis

Det er et sosialt og kjempespennende yrke der du samarbeider med alle retningene i medisinfaget, sier radiolog Nikolaos Zantalis.

Viktige egenskaper for en radiolog

Som lege må du vera interessert i å hjelpa menneske. Du må ha gode kommunikasjonsevner og evna til å sjå kvar pasient som eit individ. Du må ha god vurderingsevne, kunne handla raskt og takla eventuelle krisesituasjonar. Som radiolog jobbar du som ein del av eit team og bør derfor ha gode samarbeidseigenskapar. Du må òg kunna omgåast pasientar i ein sårbar livssituasjon med både empati og ei profesjonell haldning.

Kva tener radiologar?

Korleis utdannar du deg til radiolog?

Legespesialiseringa begynner etter at du er ferdig med medisinstudiet. I praksis vil alle nyutdanna legar fortsette i eit spesialiseringsløp. Spesialiseringa varer i seks og eit halvt år. Den første delen er felles for alle spesialitetane og varer i halvtanna år. Den består av eitt års praksis på eit sjukehus og eit halvt års praksis i ein kommune.

De neste fem åra er spesialisering innan retninga du har valt. De fleste finn ut kva slags spesialist de vil bli når de går på medisinstudiet, og mange bytter også spesialisering undervegs i spesialistutdanningen. Spesialistutdanninga går føre seg mens du jobbar som lege.

Kva jobbar radiologutdanna med?

  • 763239 - Radiologi, spesialistutdanning for leger
  • 763102 - Utenlandsleger, tilleggskurs
  • 763101 - Cand.med.-utdanning

Bedrifter: Kor jobbar radiologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med radiologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2221141 - RADIOLOG

Andre yrke

En kardiolog lytter med et stetoskop på hjertet til en jente

Kardiolog

Ein kardiolog er ein lege med spesialisering i hjartesjukdommar.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Klinisk ernæringsfysiolog i dialog med klient.

Klinisk ernæringsfysiolog

Ein klinisk ernæringsfysiolog har god kunnskap om korleis kosthald påverkar helse. Dei bruker denne kunnskapen til å førebyggja og behandla sjukdom knytt til ernæring.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
Kjeveortoped

Kjeveortoped

Ein kjeveortoped er ein tannlege som har spesialisert seg på å behandla feil i tannstilling og bit.
En dame med mørkt hår og briller, ikledd blå t-skjorte smiler til en ung jente med grå genser og brunt hår. Det er tegninger på veggen i bakgrunnen.

Lege

Som lege stiller du diagnose og behandlar sjukdommar og skader hos menneske
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.