En statsmeteorolog foran et værkart
Yrkesskildring

Meteorolog

favoritt ikon

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.

Meteorologen lagar og formidlar vêrprognosar, forskar på vêr, vêrmodellar og klima eller arbeider med andre vêr-relaterte tema. 

Vanlege arbeidsoppgåver for meteorologar:

  • lage vêrprognosar ved hjelp av avanserte datamodellar og vêrobservasjonar frå heile verda
  • lage spesialiserte vêrprognosar til luftfart, vegtrafikk og kraftbransjen samt andre store brukargrupper av vêrinformasjon som fiskeflåta og offshoreindustrien
  • presentere vêrvarslene i ulike mediekanalar som TV, radio, aviser, nettstader som yr.no og storm.no, samt Twitter og andre sosiale medium
  • forske og drive prosjektarbeid innanfor vêr, klima, datamodellar og formidling, både internt og tverrfagleg

Ettersom det blir laga vêrvarsler heile døgnet, året rundt, må du som meteorolog rekne med å jobbe turnus. 

I dette yrket er det viktig å ha gode IKT-kunnskapar og du må vere innstilt på å halde deg fagleg oppdatert.

Ein offentleg tilsett meteorolog som jobbar med vêrvarsling blir kalla statsmeteorolog.

Kvar arbeider meteorologar?

Meteorologar arbeider ved vêrvarslingsinstitusjonar som Meteorologisk institutt og StormGeo.

Som meteorolog kan du også jobbe innan forsking og utvikling, anten ved Meteorologisk institutt, universiteta eller ulike forskings- og miljøinstitutt som NILU, CICERO eller Bjerknessenteret. Somme jobbar også for andre bransjar, til dømes energiselskap. I dette yrket er det også mogleg å arbeide i utlandet.

 

Personlege eigenskapar

Du bør vere interessert i matematikk, fysikk, IKT, vêr og klima. Dersom du arbeider som statsmeteorolog er formidling ofte ein del av jobben. Da er det viktig at du kan formulere deg godt på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg. Du må ha gode samarbeidsevner. Nøyaktigheit og ansvarsbevisstheit er også viktige eigenskapar for meteorologar.

Utdanning

For å bli meteorolog må du ha høgere utdanning innan realfag, master eller tilsvarande, helst med spesialisering innan meteorologi.

Oversikt over utdanning

 

Kva jobbar geofagutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

Yrke Sektor Arbeidstakere Lønn Løn, med overtid Gjennomsnittslønn Gjennomsnittslønn, med overtid
Meteorolog
Heltid
Alle sektorer
227 personer
128 personer
Ca 323 kr
Ca
Ca 329 kr
52 280 kr
53 320 kr
627 360 kr
639 840 kr
Ca 323 kr
Ca
Ca 329 kr
52 280 kr
53 320 kr
627 360 kr
639 840 kr
Ca 325 kr
Ca
Ca 337 kr
52 620 kr
54 600 kr
631 440 kr
655 200 kr
Ca 325 kr
Ca
Ca 337 kr
53 620 kr
55 690 kr
643 440 kr
668 280 kr
Meteorolog
Heltid
Statlig
208 personer
116 personer
Ca 318 kr
Ca
Ca 329 kr
51 460 kr
53 320 kr
617 520 kr
639 840 kr
Ca 318 kr
Ca
Ca 329 kr
51 460 kr
53 320 kr
617 520 kr
639 840 kr
Ca 319 kr
Ca
Ca 327 kr
51 630 kr
52 980 kr
619 560 kr
635 760 kr
Ca 319 kr
Ca
Ca 327 kr
52 610 kr
54 080 kr
631 320 kr
648 960 kr

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken