Interiørarkitekt
Yrkesskildring

Interiørarkitekt

favoritt ikon

Ein interiørarkitekt planlegg korleis hus og bygningar skal sjå ut innvendig.

Som interiørarkitekt planlegg og teiknar du innvendige rom i bygningar. Arbeidet blir utført både når nye bygg skal byggast, og ved endringar i eldre bygg.

Interiørarkitekten arbeider med alt frå bustadar til helse-, undervisings-, nærings- og kulturbygg. Somme interiørarkitektar driv òg med spesialdesign, det vil seie design av møbler og andre romkomponentar til einskilde prosjekt.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein interiørarkitekt:

  • syte for heilskapleg planlegging og utforming av rom. Det betyr at rom, material, fargar og møblering blir sett i samanheng, og at interiør og arkitektur samspelar så godt som mogleg
  • prosjektere (teikne, beskrive og berekne) interiørløysingar, som oftast ved hjelp av dataprogram
  • utføre behovsanalysar og leie brukarmedverknadsprosessar, det vil seie prosessar der brukarane av bygget kjem med ynska sine
  • utarbeide farge- og materialpalettar
  • planlegge belysning
  • velje møblar og tekstilar
  • gjere kostnadsberekningar, hente inn anbod og bestille leveransar
  • prosjektleiing

Interiørarkitekten samarbeider med oppdragsgivarar, byggherrar, arkitektar og andre fagfolk. 

Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) autoriserer interiørarkitektar på masternivå. Med autorisasjon frå NIL kan du kalle deg interiørarkitekt MNIL.

Kvar arbeider interiørarkitektar?

Som interiørarkitekt kan du jobbe på eit arkitektkontor, i eit entreprenør-, konsulent- eller byggefirma eller i andre bedrifter. Du kan òg vere sjølvstendig næringsdrivande med eige firma, og bli engasjert for større og mindre oppdrag.

Personlege eigenskapar

Som interiørarkitekt bør du vere kreativ, ha anlegg for teikning og kunne leggje fram ideane dine på ein god måte. Du må òg vere nøyaktig. Du bør ha auge for både detaljar og heilskap. Sidan du har mykje kontakt med kundar, må du vere lyttande og ha gode samarbeidsevner.

Utdanning

Det finst fleire utdanningar innan design, interiørdesign og liknande som kan gi deg den nødvendige kompetansen innan interiørarkitektur. Fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg tilbyr utdanning på bachelor- og masternivå. For å bli interiørarkitekt med ansvar for større prosjekt må du ofte ha utdanning på masternivå.

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Bedrifter

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Agder
Velg kommuner i Innlandet
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Svalbard
Velg kommuner i Troms og Finnmark
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vestfold og Telemark
Velg kommuner i Vestland
Velg kommuner i Viken

Andre yrker

Mann testar spilldesign på Game Design Expo 2009.

Speldesignar

Ein speldesignar lagar dataspel.

Mediedesignere diskuterer tegning

Mediedesignar

Ein mediedesignar jobbar med medium og kommunikasjon. Arbeidet inneber design og produksjon av tekst, bilete og lyd.

Grafisk designer designer reklame på desktop

Grafisk designar

Som grafisk designar arbeider du med visuell kommunikasjon og formidlar idear gjennom bilete og tekst.

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.

Klesdesigner i arbeid

Klesdesignar

Som klesdesignar utviklar og bestemmer du snitt, form, materialar, fargar og funksjon for klede.

Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.

Blomsterdekoratør velger ut blomster

Blomster­dekoratør

Blomster­dekoratøren lagar blomsterprodukt til ulike arrangement og samkomer.

Mediegrafikeren sitter foran en dataskjerm og utarbeider grafikk.

Mediegrafikar

Som mediegrafikar jobbar du med utforming og produksjon av visuell kommunikasjon.

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Fag­operatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fag­operatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.

Interiørkonsulent ser gjennom stoffprøver

Interiør­konsulent

Interiør­konsulentar planlegg gode og funksjonelle løysingar for innreiing av rom, alt frå private heim til bedriftslokale.

Illustrasjonsbilde av en mann foran en datamaskin.

Interaksjonsdesignar

Interaksjonsdesignaren lagar brukargrensesnitt for nettstader, programvare og andre tekniske system vi nyttar i kvardagen.

Illustrasjonsbilde av et designmøbel.

Møbeldesignar

Møbeldesignaren designar møblar og interiør.