Gjennomgått i samarbeid med Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) 25. mars 2025

Interiørarkitekt

Ein interiørarkitekt planlegg korleis hus og bygningar skal sjå ut innvendig.

Arbeidsoppgaver

Ein interiørarkitekt formar romma vi brukar kvar dag. Dei jobbar med å skape rom som er både fine, nyttige og miljøvenlege. Dette kan vere i private heimar eller i bygg som skular, sjukehus, kontor, butikkar og kulturbygg. Kvart prosjekt tek omsyn til både kva brukaren treng og kva bygget gir av moglegheiter.

Jobben til ein interiørarkitekt skiftar med storleiken på prosjektet. Dei fleste prosjekt følgjer likevel ein fast plan. Først gjer dei ein analyse av staden og kartlegg bygget sine moglegheiter. Dei finn òg ut kva kunden ønskjer seg. Ut frå dette lagar dei eit konsept som dei viser fram med skisser og bilete.

Etter skissene lagar dei meir presise teikningar. Desse viser korleis romma skal sjå ut, kva løysingar dei vel og kva fargar og materiale som skal brukast. I denne fasen må dei jobbe tett med kunden, arkitektar og andre fagfolk for å sikre at ideane kan byggjast. Ofte følgjer interiørarkitekten prosjektet heilt til det er ferdig. Dei er med på byggeplassen og hjelper til om det oppstår problem undervegs.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein interiørarkitekt:

  • planlegg og designar rom som er nyttige og miljøvenlege

  • fornyer gamle bygg og tilpassar dei til ny bruk med fokus på gjenbruk og god bruk av plass

  • sørger for at rom kan brukast av alle menneske, uansett alder eller funksjonsevne

  • lagar 3D-modellar og teikningar med fagprogram for å vise idear og hjelpe til med å byggje dei

  • vel materiale, fargar, møblar og tekstilar som gir god funksjon, rett stemning og sunt inneklima

  • designar møblar og spesialtilpassa løysingar for kvart enkelt prosjekt

  • planlegg belysningsløysingar som passar til rommet sin bruk og stemning

  • undersøkjer behov, samarbeider med brukarane og sikrar god dialog mellom alle fagfolk

  • bereknar kostnader, hentar inn anbod frå leverandørar og leier prosjekt frå start til slutt

Interiørarkitekten samarbeider med oppdragsgivarar, byggherrar, arkitektar og andre fagfolk. 

Interiørarkitektar kan òg jobba med mykje av det same som ein interiørkonsulent. Men dei har lengre utdanning og kan ta større jobbar. Dei må kjenne alle reglar og lover for faget. Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) autoriserer interiørarkitektar på masternivå. Med denne autoriseringa kan dei bruke tittelen interiørarkitekt MNIL.

Kor jobbar interiørarkitektar?

Som interiørarkitekt kan du jobbe på eit arkitektkontor, i eit entreprenør-, konsulent- eller byggefirma eller i andre bedrifter. Du kan òg vere sjølvstendig næringsdrivande med eige firma, og bli engasjert for større og mindre oppdrag.

Korleis er det å jobbe som interiørarkitekt?

Therese Eng har spesialisert seg på innredning av hotell

Interiørarkitekt

Therese Eng

Therese har innredet flere tusen hotellrom over hele landet. – Det er fortsatt like gøy og jeg elsker jobben min, sier hun.

Viktige egenskaper for en interiørarkitekt

Som interiørarkitekt bør du vere kreativ, ha anlegg for teikning og kunne leggje fram ideane dine på ein god måte. Du må òg vere nøyaktig. Du bør ha auge for både detaljar og heilskap. Sidan du har mykje kontakt med kundar, må du vere lyttande og ha gode samarbeidsevner.

Kva tener interiørarkitektar?

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Korleis utdannar du deg til interiørarkitekt?

Det finst fleire utdanningar innan design, interiørdesign og liknande som kan gi deg den nødvendige kompetansen innan interiørarkitektur. Fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg tilbyr utdanning på fagskule-, bachelor- og masternivå. For å bli interiørarkitekt med ansvar for større prosjekt må du ofte ha utdanning på masternivå.

Kva jobbar interiørarkitektutdanna med?

  • 616503 - Bachelor, interiørarkitektur og møbeldesign, treårig
  • 616502 - Høgskolekandidat, interiørarkitektur og møbeldesign, treårig.
  • 716502 - Master, design, studieretning interiørarkitektur og møbeldesign, toårig
  • 716906 - Master, design, toårig

Bedrifter: Kor jobbar interiørarkitektar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med interiørarkitektar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2141104 - INTERIØRARKITEKT

Andre yrke

Designer ser på forskjellige stoffprøver

Designar

Som designar jobbar du med å gi gjenstandar eller produkt form og funksjon.
Nærbilde av en arbeidsbukse med maleutstyr.

Målar

Målarfaget er eit kreativt fag, kor du jobbar både med kroppen og hovudet. Ein målar behandlar og beskyttar forskjellige overflater.
Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
Mann testar spilldesign på Game Design Expo 2009.

Speldesignar

Ein speldesignar lagar dataspel.
Pianostemmer stemmer piano

Pianostemmar

Ein pianostemmar utfører stemming og vedlikehald av piano og flygel.
Børsemaker jobber med rifle

Børsemakar

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.
En kvinne måler opp stoff på en sømbyste

Kjole- og draktsyar

Ein kjole- og draktsyar syr klede til enkeltkundar eller til små kolleksjonar.
En arkitekt ser på tegninger av et hus på en datamaskin

Arkitekt

Arkitektar jobbar med å forma ut hus, bygningar, byar og stader.
To hender som jobber med seletøy

Salmakar

Ein salmakar lager, reparerer og held ved like selety og bilinteriør.