Hovslager skor hest
Yrkesskildring

Hovslager

favoritt ikon

Hovslagarar arbeider med å sko hestar.

Hovslagaren skor hestar. Som hovslagar må du vere flink med hestar og handtere dei på ei sikker måte. Du må ha kjennskap til hestar sin anatomi og om sjukdommar i bein og hov.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein hovslagar

  • skjering av hovar 
  • kald- eller varmesmiing hestesko
  • festing av sko på hovane med saum (spikar) 
  • å gje faglege råd til hesteeigarar om riktig hovpleie

Korrekt skjering av hovane og skoing av hesten er viktig, slik at hesten ikkje får skadar. Hovslagaren brukar i dag mest fabrikkproduserte hestesko i ulike materialar, men han må kunne smi for å gjere gode tilpassingar og laga høvelege beslag.

Hovslagarar arbeider mykje med bøygd rygg, så det er viktig å ta omsyn til rett ergonomi. Hovslagarar bør også ha god kjennskap til HMS.

Kvar arbeider hovslagarar?

Hovslagarar er ofte som sjølvstendig næringsdrivande. Nokre hovslagarar arbeider på fast arbeidsplass, men dei fleste reiser ut til kundane.

Personlege eigenskapar

Du må vere ein dyktig handverkar med godt handlag og praktisk sans. Nøyaktigheit og fokus på kvalitet og dyrevelferd er viktig.

Utdanning

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Sjå skildring og oversikt over utdanningar:

Er du voksen og vil ta fag- eller svennebrev? Har du nok yrkeserfaring, kan du ta fag- eller svennebrev som praksiskandidat. Les mer om praksiskandidatordningen her.

Etter- og vidareutdanning
Du kan ta meisterbrev i hovslagarfag. Les meir om meisterutdanning.

Kva jobbar hovslagarfagutdanna som?

Fast tilsette i Noreg med desse utdanningane har følgjande yrke:

Lønn

For dette yrket finst det ikkje tilgjengeleg lønnsdata. Les meir om korleis utdanning.no samlar inn lønnsstatistikk.

Bedrifter og opplæringskontor

Vel fylke

Velg fylke og kommune for å få informasjon tilpasset ditt behov.

Fylker markert med * har ikke levert informasjon om lærebedrifter, opplæringskontor og lærlinger til utdanning.no.

Velg kommuner i Akershus
Velg kommuner i Aust-Agder
Velg kommuner i Buskerud
Velg kommuner i Finnmark
Velg kommuner i Hedmark
Velg kommuner i Hordaland
Velg kommuner i Møre og Romsdal
Velg kommuner i Nordland
Velg kommuner i Oppland
Velg kommuner i Oslo
Velg kommuner i Rogaland
Velg kommuner i Sogn og Fjordane
Velg kommuner i Telemark
Velg kommuner i Troms
Velg kommuner i Trøndelag
Velg kommuner i Vest-Agder
Velg kommuner i Vestfold
Velg kommuner i Østfold

Andre yrker

Illustrasjonsbilde av arbeid på ei børse i et verksted.

Børse­maker

Børsemakaren arbeider hovudsakleg med å reparere og tilpasse våpendelar og våpen.

Hundeskolen Veiviseren i Vestby trener førerhunder og servicehunder.

Førarhundtrenar

Førarhundtrenaren trenar opp førarhundar til blinde og svaksynte.

Rørlegger

Rørlegger

Ein røyrleggar tilpassar, monterer, installerer og reparerer sanitær- og varmeanlegg og andre røyranlegg.

Gullsmed i arbeid

Gullsmed

Som gullsmed skapar du smykke og andre gjenstandar av edle metall.

Salmaker i arbeid med seletøy.

Sal­maker

Ein salmakar lager, reparerer og held ved like seletøy og bilinteriør.

Fagoperatør i grafisk produksjonsteknikk

Fag­operatør i grafisk produksjonsteknikk

Som fag­operatør i grafisk produksjonsteknikk produserer du ulike grafiske produkt.

Iktyolog forsker på fisk

Fiskeforsker

Fiskeforskaren forskar på fisk. Arbeidsdagen kan innebere forsking, feltarbeid og undervising.

To tømrere på en byggeplass støtter en planke.

Tømrer

Tømrarar bygger trehus og andre tre­konstruksjonar.

Veterinær undersøker storfe med stetoskop.

Veterinær

Veterinæren behandlar og førebygger sjukdommar hos dyr, men jobbar og med mattryggleik og dyrevelferd.

Kvinnelig bonde mater sauer

Agronom

Agronomar arbeider praktisk med drifta av ein gard.

Ortopeditekniker scanner føtter som plages av «Conversesyken».

Ortopedi­tekniker

Ortopedi­teknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.

Murer i arbeid.

Murer

Muraren bygger nytt murverk og restaurerer gammalt murverk.