Barnevernspedagog
Barnevernspedagogar førebyggjer, løyser konfliktar og gir omsorg til barn og unge.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsfeltet til barnevernspedagogane er stort og variert. Som barnevernspedagog kan du jobba tett på barn og unge, men også vera saksbehandlar og leier innan barnevernssektoren.
Barnevernspedagogar jobbar med omsorg, førebygging og konfliktløysing. Dei prøver å finna gode løysingar for barn og unge som har sosiale og psykiske problem, eller som står i fare for å få det.
Ein barnevernspedagog kan mellom anna jobbe som:
- leiar, saksbehandlar og miljøarbeidar innan alle område i barnevernssektoren
- institusjonsleiar eller miljøarbeidar i barne- og ungdomspsykiatrien
- institusjonsleiar eller miljøarbeidar i rusinstitusjonar
- miljøterapeut i skulen
- innan førebyggjande barne- og ungdomsarbeid
Vanlege arbeidsoppgåver for ein barnevernspedagog:
- følgja opp barn i heim fosterheim eller institusjon
- administrativt arbeid, som saksbehandling
- kartlegging av behov for hjelp
- rettleia foreldre og føresette
- laga oppfølgingsplanar
- gjennomføra aktivitetar og samtaler
Barnevernspedagogar som jobbar i omsorgs- og behandlingsinstitusjonar arbeider ofte turnus.
Kor jobbar barnevernspedagogar?
Dei fleste stillingane innanfor barnevernet er i det offentlege. Til dømes er mange stillingar barnevernstenesta i underlagde kommunane. Det er også mogleg å jobba på statlege ungdomspsykiatriske institusjonar. Barnevernspedagogar kan også jobba innan privat barnevernssektor.
Korleis er det å jobbe som barnevernspedagog?
Barnevernspedagog
Malin Sofie Jørgensen
Barnevernspedagog
Simen Risbøl
Viktige egenskaper for en barnevernspedagog
Evna til å skape tillit er truleg den viktigaste føresetnaden for å bli barnevernspedagog. Tillit er viktig for å oppnå kontakt med barn og unge i krise. Arbeidet stiller store krav til deg som person, både fagleg og etisk. Du må ha gode evner til samarbeid, og du må kunne handtere konfliktar på ein god måte.
Kva tener barnevernspedagogar?
Korleis utdannar du deg til barnevernspedagog?
Frå 2031 må leiarar og tilsette med kjerneoppgåver i det kommunale barnevernet ha barnevernsfagleg mastergrad eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå.
Kravet blir også oppfylt av tilsette som har bachelorgrad og kan dokumentera minst fire års arbeidserfaring frå barnevernet og ei vidareutdanning på 30 studiepoeng.
Fagpersonell som blir tilsett i ein institusjon må minst ha relevant bachelorutdanning.
Kva jobbar barnevernspedagogutdanna med?
- 662117 - Bachelor, barnevern, treårig
- 662114 - Videreutdanning for sosialsektoren, familieterapi
- 662102 - Barnevernspedagogutdanning, treårig
- 762106 - Master, barnevern, toårig
- 762112 - Master, barnevern, femårig
- 762106 - Master, barnevern, toårig
- 762105 - Master, familieterapi og systemisk praksis, toårig
Bedrifter: Kor jobbar barnevernspedagogar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med barnevernspedagogar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3460105 - BARNEVERNSKONSULENT
- 3460126 - BARNEVERNSPEDAGOG (BARNEVERNSSAKER)
- 3460111 - HJEMMEKONSULENT (BARNEVERN)
- 3460146 - BARNEVERNSPEDAGOG (PSYKISK HELSEARBEID)
- 3460141 - TILSYNSFØRER (BARNEVERNET)
- 3460129 - KLINISK BARNEVERNSPEDAGOG
- 3460113 - FAMILIEVEILEDER
- 3460109 - BARNEVERNSKURATOR
- 3460101 - UNGDOMSKONSULENT
- 1227274 - ENHETSLEDER (BARNEVERN)