Barnevernspedagog
Arbeidsoppgaver
Barnevernspedagogar har mange ulike oppgåver. Du kan jobba tett på barn og ungdom, eller du kan jobba som behandlar eller leier i barnevernssektoren.
Barnevernspedagogar jobbar med omsorg, førebygging og konfliktløysing. Dei prøver å finna gode løysingar for barn og unge som har sosiale og psykiske problem, eller som står i fare for å få det.
Barnevernspedagogar kan mellom anna jobbe som:
- leiar, saksbehandlar og miljøarbeidar innan alle område i barnevernssektoren
- institusjonsleiar eller miljøterapeut i barne- og ungdomspsykiatrien
- institusjonsleiar eller miljøterapeut i rusinstitusjonar
- miljøterapeut i skulen
- innan førebyggjande barne- og ungdomsarbeid
Vanlege arbeidsoppgåver for ein barnevernspedagog:
- følgja opp barn i heimen sin, fosterheimar eller institusjonar
- kontorarbeid, som saksbehandling
- finna ut kva slags hjelp som trengst
- gi råd og rettleiing til foreldre og føresette
- laga planar for oppfølging
- organisera aktivitetar og samtaler
Når barnevernspedagogar jobbar i omsorgs- og behandlingsinstitusjonar, har dei ofte turnusarbeid.
Kor jobbar barnevernspedagogar?
Dei fleste stillingane innanfor barnevernet er offentlege stillingar. Til dømes er det mange som jobbar for barnevernet i kommunane. Du kan også jobba på statlege ungdomspsykiatriske institusjonar. Barnevernspedagogar kan også jobba i privat barnevernssektor.
Korleis er det å jobbe som barnevernspedagog?
Barnevernspedagog
Malin Sofie Jørgensen
Viktige egenskaper for en barnevernspedagog
Å skapa tillit er kanskje det viktigaste for å bli barnevernspedagog. Tillit er viktig for å kommunisera med barn i vanskelege situasjonar. Jobben krev mykje av deg, både fagleg og etisk. Du må vera flink til å samarbeida og lause konfliktar.
Kva tener barnevernspedagogar?
Korleis utdannar du deg til barnevernspedagog?
Frå 2031 er det først og fremst leiarar i det kommunale barnevernet som må ha mastergrad, eller anna relevant utdanning på tilsvarande nivå. Kommunane får meir fridom til å bestemma kva utdanning dei andre tilsette i barnevernet skal ha.
Kravet blir også oppfylt av tilsette som har bachelorgrad og kan dokumentera minst fire års arbeidserfaring frå barnevernet og ei vidareutdanning på 30 studiepoeng.
Fagpersonell som blir tilsett i ein institusjon må minst ha relevant bachelorutdanning.
Kva jobbar barnevernspedagogutdanna med?
- 662117 - Bachelor, barnevern, treårig
- 662114 - Videreutdanning for sosialsektoren, familieterapi
- 662102 - Barnevernspedagogutdanning, treårig.
- 762106 - Master, barnevern, toårig
- 762112 - Master, barnevern, femårig
- 762106 - Master, barnevern, toårig
- 762105 - Master, familieterapi og systemisk praksis, toårig
Bedrifter: Kor jobbar barnevernspedagogar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med barnevernspedagogar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 3460105 - BARNEVERNSKONSULENT
- 3460126 - BARNEVERNSPEDAGOG (BARNEVERNSSAKER)
- 3460111 - HJEMMEKONSULENT (BARNEVERN)
- 3460146 - BARNEVERNSPEDAGOG (PSYKISK HELSEARBEID)
- 3460141 - TILSYNSFØRER (BARNEVERNET)
- 3460129 - KLINISK BARNEVERNSPEDAGOG
- 3460113 - FAMILIEVEILEDER
- 3460109 - BARNEVERNSKURATOR
- 3460101 - UNGDOMSKONSULENT
- 1227274 - ENHETSLEDER (BARNEVERN)
Andre yrke
Klinisk sosionom
Jurist
Politi
Politibetjent
Politijurist
Byggingeniør
Vernepleiar
Heimehjelp
Fengselsbetjent
Kriminolog
Helsesjukepleiar