Gjennomgått i samarbeid med Norsk audigrafforbund 20. mai 2019

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.

Arbeidsoppgaver

Oppgåva til audiografen er å hjelpe menneske med alle typar av høyrselsproblem, slik at dei kan fungere betre i kvardagen og i livet generelt. Som audiograf møter du menneske i alle aldrar, frå spedbarn til vaksne og eldre som har problem med å høyra.

Pasientane som audiografen møter kan vere alt frå spedbarn til vaksne og eldre, som har problem med høyrsla.

Vanlege arbeidsoppgåver for audiografar:

  • utreiing av høyrslestap
  • tiltak for å betre høyrsla (habilitering) eller få attende høyrsla (rehabilitering)
  • rettleiing av både pasientar og pårørande

Dei aller fleste med nedsett høyrsle vil bli godt hjelpne med høyreapparat. Dette er audiografen si spisskompetanse, og berre audiografar er utdanna til å gjere dette.

Den tekniske delen av arbeidet dannar grunnlaget for at tale og kvardagslyder igjen skal nå hjernen til brukaren. Men den verkelege utfordringa ligg i å skape ei forståing hos pasienten for kor viktig det er å ta i bruk høyreapparat.

Ei viktig oppgåve for audiografen er å forklare korleis høyrsla fungerer og fortelje om sosiale konsekvensar av høyrsletap, tekniske hjelpemiddel og pasientrettigheiter. Det er også svært viktig å lage eit bilete av korleis nedsett høyrsle kan påverke hjernen til menneske.

For spedbarn er høyreapparat vegen til å lære seg å prate. For eldre er bruk av høyreapparat noko som førebygger kognitiv svikt og demens.

Statistisk sett har kvar femte nordmann ei eller anna form for høyrslehemming.

Som ferdig utdanna audiograf kan du jobbe sjølvstendig. Likevel vil eit tverrfagleg samarbeid med øre-, nase- og halsspesialistaudiopedagoger og audioingeniører gi ein styrka tilbod. 

Kor jobbar audiografar?

Dei fleste audiografar arbeider på sjukehus, hjå privatpraktiserande øyre-, nase- og hals-legar eller hjå leverandørar av høyreapparat. Dei jobbar òg som rådgivarar i til dømes hjelpemiddelsentralar eller bedriftshelsetenesta.

Bli med ein audiograf på jobb

Korleis er det å jobbe som audiograf?

En dame smiler

Audiograf

Alexandra Dybvik

Dette yrket passer for deg som har lyst til å hjelpe mennesker som opplever utfordringer med sin hørselssans i ulike grader og variasjoner, forteller Alexandra Dybvik.

Viktige egenskaper for en audiograf

Du må vera motivert for å arbeida med menneske som har spesielle behov. Samtidig må du vera interessert i teknologi. Du må òg ha empati og gode samarbeidsevner.

Kva tener audiografar?

Korleis utdannar du deg til audiograf?

Utdanninga er grunnlag for å søkje om autorisasjon som audiograf.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning
NTNU har mellom anna vidareutdanningstilbod innan tverrfagleg rehabilitering, tverrfagleg rettleiing, databehandling, teiknspråk og helse- og sosialadministrasjon.

Det er mogeleg å ta mastergrad i audiologi ved fleire utanlandske universitet.

Kva jobbar audiografiutdannede med?

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2024. Tall fra november 2023. Forklaring til statistikken
  • 669945 - Videreutdanning for audiografer, audiologiske emner
  • 669936 - Bachelor, audiografutdanning, treårig
  • 669901 - Audiografutdanning, toårig
  • 469902 - Audiografutdanning

Bedrifter: Kor jobbar audiografar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med audiografar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3221102 - AUDIOGRAF
  • 3221107 - LEDENDE AUDIOGRAF

Andre yrke

Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Lege kikker i øret på en pasient

Allmennlege

Allmennlegen er som regel den som møter pasienten først, og mange jobbar som fastlege.
Ambulansearbeider i førersetet på en ambulanse.

Ambulansearbeidar

Som ambulansearbeidar arbeider du med akuttmedisin i ambulansetenesta, og rykker ut ved akutt sjukdom eller skade..
Lege injiserer innsovningsmiddel i hånden til pasient mens en anestesisykepleier bedøver pasienten med oksygenmaske.

Anestesisjukepleiar

Ein anestesisjukepleiar tek vare på pasientar før, under og etter dei får bedøving for operasjonar, undersøkingar og behandlingar.
En apotektekniker står bak disken og ekspederer en kunde

Apotekteknikar

Apotekteknikaren ekspederer legemiddel og informerer om trygge og rette måtar å bruke legemiddel på.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Mannlig biokjemiker studerer kjemikalie i glassflaske

Biokjemikar

Ein biokjemikar forskar på biokjemiske prosessar i levande organismar.
Bioteknolog i laboratorium

Bioteknolog

Bioteknologar bruker avansert teknologi til å utvikle nye biologiske produkt.
Jente stabler trekuler under oppsyn av kvinnelig ergoterapeut.

Ergoterapeut

Ergoterapeutar er ekspertar på aktivitet og deltaking, og arbeider for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet.
Farmasøyt i arbeid på apotek.

Farmasøyt

Ein farmasøyt er ein ekspert på legemiddel.
Fotterapeut behandler kunde

Fotterapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fotterapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.