Veterinær
Veterinæren behandlar og førebygger sjukdommar hos dyr, men jobbar og med mattryggleik og dyrevelferd.
Arbeidsoppgaver
Som klinisk veterinær førebygger og behandlar du sjukdomar hos dyr. Mange veterinærar jobbar også med å sekre god dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og trygg mat- og folkehelse. Dette kallast "ein helse-tankegang". Dyrlegen gir også råd og rettleiing til dyreeigarar.
Andre vanlege arbeidsområde for ein veterinær:
- dyrehelse og dyrevelferd
- fiskehelse
- rådgjeving og førebyggande helsearbeid
- kontroll av produksjon og omsetjing av næringsmiddel
- laboratoriearbeid
- undervisning
- forsking
- forvaltning
Når du utdannar deg som veterinær, er du innom alle fagområda som vert lista ovanfor. Som ferdig veterinær har du spesialkompetanse innan dyrehelse og sjukdomslære, men også allsidig kompetanse innanfor mange område som handlar om folkehelse. Dette gir deg moglegheit til å ha mange forskjellige roller og oppgåver i arbeidslivet. Du kan jobbe innan meir tradisjonell veterinærpraksis med produksjonsdyr, hest og smådyr, og du kan også jobbe med forvaltning, forskning og beredskapsarbeid.
Det er Mattilsynet som autoriserer veterinærar i Noreg. Når du har fullført utdanninga får du tittelen cand.med.vet.
Veterinærar i klinisk praksis jobbar ofte tett med dyrepleiarar som ei del av eit fagteam på ein dyreklinikk.
Kor jobbar veterinærar?
Mange veterinærar arbeider i private veterinærpraksisar. Veterinærar arbeider òg i Mattilsynet, oppdrettsnæringa, offentlege departement, legemiddelindustrien, på laboratorium, i interesseorganisasjonar, legemiddelindustri eller forsikringsbransjen. Veterinærar kan også jobbe innan forsking og undervising, til dømes på Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskolen.
Bli med ein veterinær på jobb
Korleis er det å jobbe som veterinær?
Veterinær
Benedikte Helljesen
Viktige egenskaper for en veterinær
Du må vere glad i dyr og menneske, og interessere deg for medisin. Du må like å forstå korleis kroppen er bygd opp, korleis den fungerer og kva som skjer ved sjukdom. Dette er avgjerande fordi det er ein stor del av utdanninga. Du bør ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid, men også vere sjølvstendig og kunne takle krevjande situasjonar.
Arbeidskvardagen til ein veterinær krev ofte god fysikk. Du må tole at noko kan dukke opp uventa og arbeid på kveld- og nattetid.
Kva tener veterinærar?
Korleis utdannar du deg til veterinær?
Det veterinærmedisinske studiet ved NMBU er eit profesjonsstudium som fører fram til autorisasjon som veterinær. Studiet tek 5,5 til 6 år.
Det finnast mange moglegheiter for videre utdanning innan veterinærmedisin. Nokre eksempel er doktorgrad, diplomatutdanning og legespesialisering innan ulike fagområde, spesialiserte mastergradsstidue, leiing, og forvaltning.
Det er mogleg å ta veterinærutdanning i utlandet. Mattilsynet gir autorisasjon til veterinærar med utdanning frå andre land.
Les meir om veterinærutdanning i utlandet hos ANSA
Kva jobbar veterinærutdanna med?
- 867105 - Ph.d.-program, veterinærmedisin
- 867104 - Lic.med.vet.-utdanning
- 867101 - Dr.med.vet.-utdanning
- 771106 - Master, fiskehelse/akvamedisin, femårig
- 771101 - Cand.scient.-utdanning, fiskehelse
- 767102 - Utenlandsveterinærer, tilleggskurs
- 767101 - Cand.med.vet.-utdanning
Bedrifter: Kor jobbar veterinærar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med veterinærar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2223111 - VETERINÆR
- 2223112 - DYRLEGE
- 2223113 - FORSKER (VETERINÆR)
- 2223110 - OVERVETERINÆR
- 2223109 - AVDELINGSVETERINÆR
- 2223108 - KONTROLLVETERINÆR
- 2223107 - TILSYNSVETERINÆR
- 2223106 - VETERINÆRINSPEKTØR
- 2223105 - SPESIALVETERINÆR
- 2223104 - KLINIKKVETERINÆR
- 2223103 - KOMMUNEVETERINÆR
- 2223102 - DISTRIKTSVETERINÆR
- 2223101 - BYVETERINÆR
- 1228142 - FYLKESVETERINÆR
- 1210119 - VETERINÆRDIREKTØR