Gjennomgått i samarbeid med Norsk Tolkeforening 22. oktober 2024

Tolk

Ein tolk arbeider for at menneske som ikkje snakkar felles språk, skal kunne forstå kvarandre.

Arbeidsoppgaver

Det finnes både talespråktolkar og tolkar for døve, høyrselshemma og personar med døvblindskap, også kalla teiknspråktolk. Denne sida handlar om talespråktolk.

Å tolke er å munnleg overføre innhald frå eit språk til eit anna, i ein situasjon der to eller fleire partar kommuniserer. Tolkinga kan gjerast enten konsekutivt eller simultant. Konsekutiv tolking er når samtalepartar tek pausar for å sleppa til tolken innimellom, medan simultantolking er når tolken tolkar samtidig som talaren snakkar utan avbrot, då er tolkeutstyr nødvendig. Tolkar kan også jobba frå tekst, f.eks ein brosjyre, til talespråk. Dette kallar vi tolking frå skrift til tale eller prima vista-tolking. Det er også mogleg å tolke over telefon eller video. Dette kallar vi for fjerntolking.

Som tolk er det viktig at du stiller godt førebudd til eit oppdrag. Før oppdraget må du gjere ditt beste for å lære relevante omgrep og kunnskap om fagområdet oppdraget skal gjelde. Til dømes må du gå gjennom sakspapir og informasjon du får på førehand. Du må også ha kjennskap til kultur, historie og institusjonar i dei landa tolkespråket ditt snakkast i.

Tolkar følgjer eigne yrkesetiske reglar der det blir stilt strenge krav til nøytralitet, upartiskheit og konfidensialitet. Det er ein føresetnad at du alltid prøver å få fram bodskapen til talaren utan å påverke det på nokon måte, verken ved å gløyme delar av uttalen eller ved å la dine eigne meiningar komma til uttrykk.

Som tolk må du meistre arbeidsspråka dine på eit svært høgt nivå. Tolkar må vere førebudd på å kunne tolka i krisesituasjonar og må kunne tilpasse seg raskt. 

Tolkeyrket er ikkje det same som omsetjaryrket.

Kor jobbar tolkar?

Etterspurnaden etter tolkar i dei ulike språka varierer. Fast tilsetjing er veldig sjeldan i tolkeyrket og dei fleste tolkar i Noreg arbeider frilans.

Aktuelle plassar for tolkeoppdrag er offentlege etatar som helsevesenet og Nav, politi- og rettsvesenet og utlendingsforvaltninga. Tolking skjer også for organisasjonar, ved besøk eller møter mellom land, ved konferansar, i samband med forskingssamarbeid og i privat næringsliv.

Korleis er det å jobbe som tolk?

Kvinne i brun dressjakke står foran en dør.

Tolk

Nataliya Pavlyuk

– Jeg bidrar til at andre får en enklere start i Norge, sier Nataliya.

Viktige egenskaper for en tolk

God språkforståing og evne til å tolke raskt og presist er nødvendige eigenskapar for ein tolk. Som tolk må du ha kompetanse utanom det vanlege innan dei språka du tolkar. Det er også viktig at tolken har forståing for temaet i det fagfeltet oppdraget skal gjelde.

Ein tolk må ha evne til å hugse store mengder informasjon på ein gong og kjenne til notatteknikkar som avlastar minnet. Som tolk må du vere god til å halde konsentrasjonen og kunne uttrykkje deg presist.

Du må kunne gjere sjølvstendige vurderingar og ikkje la deg påverke av samtalepartane. Du skal opptre nøytralt og profesjonelt.

Kva tener tolkar?

Korleis utdannar du deg til tolk?

Det er fleire måtar å bli tolk på. Du kan ta statsautorisasjonsprøve, tolkeutdanning eller Tospråkstesten. Fullfører du eit eller fleire av desse kvalifiseringstiltaka, vil du reknast som kvalifisert tolk og kan søke om oppføring i Nasjonalt tolkeregister. Sidan 1. januar 2022 har offentlege etatar plikt til å bruka kvalifisert tolk i samsvar med tolkelova.

Tospråktesten er ei tospråkleg ordtilfangprøve. Består ein den, kan ein gjennomføra kurs i ansvarsområdet til tolken. Ein kan gjennomføre grunnutdanning i tolking, som tek eitt år, eller eit bachelorstudium ved Oslomet og Høgskulen på Vestlandet.

For å kunna kalla deg statsautorisert tolk, må du ta autorisasjonsprøve. Denne kan du ta ved Oslomet. Viss du består, kan du søke Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) om løyve som statsautorisert tolk.

Språka det blir tilbodne autorisasjonsprøve og utdanning i varierer frå år til år, dette blir offentleggjort i god tid på førehand. 

Her kan du lese om dei ulike kvalifiseringstiltaka på nettsida til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Kva for ei utdanning er vanlegast for tolkar?

Kva jobbar tolkutdanna med?

  • 611604 - Tolkeutdanning, lavere nivå
  • 711903 - Master, språkutdanning, toårig

Bedrifter: Kor jobbar tolkar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tolkar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2544112 - TOLK
  • 2544109 - STATSAUTORISERT TOLK
  • 2544105 - RETTSTOLK

Andre yrke

Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
En voksen og et barn ser sammen i en åpen bok. Begge holder en blyant.

Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.
Tekstforfatter

Tekstforfattar

Ein tekstforfattar skriv tekstar og utviklar idear og konsept for nettsider, reklamekampanjar, TV og radio.
En dame sitter foran en PC, foran skjermen ligger en åpen bok med tekst

Omsetjar

Omsetjarar omset skrifter frå eit språk til eit anna.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Mann med briller sitter ved et bord med laptop og papirer

Teknisk forfattar

Tekniske forfattarar utarbeider bruksrettleiingar, handbøker, installasjonsrettleiing, katalogar og tekniske rapportar.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Pianostemmer stemmer piano

Pianostemmar

Ein pianostemmar utfører stemming og vedlikehald av piano og flygel.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Modell gjør seg klar til å bli fotografert.

Modell

Ein modell blir engasjert for å vise klede, smykkar eller andre gjenstandar. Modellar jobbar ofte i modellbyrå.