Gjennomgått i samarbeid med Norsk tannpleierforening 03. juni 2025

Tannpleiar

Tannpleiararar undersøkjer og behandlar tenner og tannkjøt. Dei hjelper pasientar med å lære god munnhygiene og sunne vanar for tennene.

Arbeidsoppgaver

Som tannpleiar kommuniserer du med pasienten og tilfører kunnskap om verdien av god tannhelse, slik at dei betre kan verne om eiga tann- og munnhelse.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein tannpleiar:

  • gjennomføre tannhelsekontroll
  • ta røntgenbilete og undersøkje dei
  • undersøkje og behandle pasientar
  • gi rettleiing i gode vanar for munnhygiene og bruk av tannpleiemiddel
  • setje lokalbedøving, behandle tannkjøtsjukdom og reingjere tennene
  • fjerne tannstein og misfarging på tenner, pusse og polere tenner og fyllingar
  • gi kosthaldsveiledning og veiledning om røyk- og snusslutt
  • gi rettleiing om munnhelseutfordringar ved sjukdomar og kroniske diagnosar

Tannpleiararar i det offentlege har eit viktig ansvar for å fremje helse og førebyggje sjukdom. Dei samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Dei jobbar også med skular, helseinstitusjonar, frivillige organisasjonar og personar som har spesielle behov.

Kor jobbar tannpleiarar?

Dei fleste tannpleiarane arbeider i den offentlege tannhelsetenesta eller i ein privat praksis.

Enkelte tannpleiarar arbeider i spesialisthelsetenesta, ved sjukehus og kompetansesenter. Dei samarbeider tett med blant anna helsepersonell og spesialistar. Fleire tannpleiarar er lærarar, høgskolelektor/universitetslektor eller førsteamanuensis ved bachelorutdanninga i tannpleie. Nokre arbeider ved vidaregåande skolar eller er tilsette ved dentale verksemder.

I ein privat praksis samarbeider tannpleiaren med tannlegar og ulike tannlegespesialistar innan kjeveortopedi, periodonti, protetikk og kjevekirurgi. Fleire tannpleiarar har starta ein eigen praksis og jobbar som sjølvstendige næringsdrivande.

Bli med ein tannpleiar på jobb

Korleis er det å jobbe som tannpleiar?

Kvinne med uniform som består av blå t-skjorte og kirurgisk lue med bilde av tenner på. Hun står utendørs og smiler til kamera.

Tannpleier

Janne Igeland

– Jobben handler ikke bare om å behandle, men også om å lære pasientene hvordan de kan ta vare på tennene sine hjemme, sier tannpleier Janne.

Viktige eigenskapar for ein tannpleiar

Som tannpleiar må du kunne kommunisere med ulike menneske og yrkesgrupper, samarbeide, ta initiativ og ansvar. Du må kunne arbeide nøyaktig og sjølvstendig.

Kva tener tannpleiarar?

Korleis utdannar du deg til tannpleiar?

Bachelorprogrammet i tannpleie er ei treårig helsefagleg profesjonsutdanning ved universitet og høgskole. Etter fullført utdanning må du søkje om autorisasjon som tannpleiar. 

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Etter fullført og bestått bachelorgrad i tannpleie er det mogleg å søke om opptak til ulike master- og videreutdanningsprogram for eksempel innan helsefag, folkehelse, leiing, ernæring, pedagogikk eller psykologi, der tannpleiaren integrerer tannpleiefagleg kunnskap i masterstudiet. 

Ved Høgskolen i Sørøst-Noreg tilbydast vidareutdanning i tannpleie og helseframande arbeid for tannpleiarar på 60 studiepoeng. Vidareutdanninga gir tannpleiaren kompetanseheving på masternivå. 

Kva jobbar tannpleieutdanna med?

  • 664202 - Bachelor, tannpleie, treårig
  • 664201 - Tannpleier, toårig

Bedrifter: Kor jobbar tannpleiarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med tannpleiarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3225104 - INSTRUKTØRTANNPLEIER
  • 3225103 - TANNPLEIER
  • 3225102 - LEDENDE TANNPLEIER
  • 3225101 - TANNHYGIENIKER

Andre yrke

Fotterapeut behandler kunde

Fotterapeut

Den viktigaste arbeidsoppgåva til fotterapeuten er å behandle og førebygge fotproblem relatert til skobruk eller ulike sjukdommar.
Mannlig sykepleier undersøker pasient mens kvinnelig sykepleier står ved siden av og ser på.

Kreftsjukepleiar

Kreftsjukepleiarar arbeider med kreftsjuke pasientar og deira pårørande.
Sykepleier i blå skjorte med stetoskop rundt halsen.

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse

Som spesialsjukepleiar innan psykisk helse hjelper du menneske som har psykiske helseutfordringar.
Illustrasjonsbilde av jordmor ved siden av mor og nyfødt barn.

Jordmor

Ei jordmor følger gravide under graviditet, fødsel og barseltid.
Fysioterapeut.

Fysioterapeut

Fysioterapeutar jobbar med kropp og rørsle for å fremja god helse.
Aktivitør går tur med bruker.

Aktivitør

Aktivitøren planlegg og gjennomfører aktivitetar for ulike brukarar.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
En dame står i operasjonsklær og legger plastikk på et operasjonsinstrument. I bakgrunnen ligger en pasient tildekket. Bildet er tatt i en operasjonsstue.

Operasjonssjukepleiar

Ein operasjonssjukepleiar har spesiell kompetanse i kirurgi, hygiene og omsorg. Operasjonssjukepleiaren er alltid til stades når pasientar blir operert.
Manuellterapeut behendler skulderen til en pasient

Manuellterapeut

Manuellterapeutar er vidareutdanna fysioterapeutar som er ekspertar på musklar- og skjelettsystemet.
En kvinne holder en bunke brettede håndklær og smiler mot kamera. Hun har på seg en grå genser og en blå vest. Hun har brunt hår i en hestehale. Hun er innendørs i et rom med hvite vegger.

Heimehjelp

Ei heimehjelp hjelper menneske som treng bistand til daglege gjeremål.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Barnesykepleier Caroline Klemp har satt inn en veneflon i hånden til en baby.

Barnesjukepleiar

Ein barnesjukepleiar pleier premature, nyfødde, barn og unge som er alvorleg sjuke eller skadd.