Gjennomgått i samarbeid med Samfunnsøkonomene 18. desember 2024

Samfunnsøkonom

Samfunnsøkonomar spår den økonomiske utviklinga og gir råd basert på dette.

Arbeidsoppgaver

Samfunnsøkonomar analyserer økonomien i heile samfunnet. Dei arbeider både med mikroøkonomi og makroøkonomi. Mikroøkonomi studerer korleis bedrifter og hushaldningar bruker ressursar i marknaden. Makroøkonomi undersøker større forhold som nasjonalprodukt, rentenivå og inflasjon.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein samfunnsøkonom:

  • gi råd til myndigheitene, om til dømes offentlege utgifter, arbeidsmarknadstiltak og næringspolitikk
  • utarbeide framskrivingar av til dømes rente og arbeidsmarknaden eller arbeidsløyse
  • sjå til at samfunnsøkonomiske omsyn blir tekne vare på i regelverk, til dømes innan skatt og konkurransepolitikk
  • bidra til eit godt fagleg grunnlag gjennom tal- og utgreiingsarbeid
  • skriva notat, artiklar og rapportar og presentera dei

I private bedrifter kan samfunnsøkonomar analysere framtidig økonomisk utvikling. Dei bruker ofte makroøkonomiske modellar i arbeidet sitt. Dette kan vere som til dømes ein konsulent eller på eit forskingsoppdrag. I offentleg sektor arbeider dei med pengepolitikk, finansmarknader, arbeidsmarknad og energispørsmål.

Forskjellen på samfunnsøkonomar og andre økonomar er kva som blir studert. Grovt sett har bedriftsøkonomar bedrifta som studieobjekt, medan samfunnsøkonomar har økonomien i samfunnet som studieobjekt.

Samfunnsøkonom er ikkje ein beskytta tittel.

Kor jobbar samfunnsøkonomar?

Som samfunnsøkonom kan du jobbe både i privat og offentleg sektor. I offentleg sektor finn vi samfunnsøkonomar i fleire viktige institusjonar. Dei kan arbeide i Finansdepartementet med økonomisk politikk, i Noregs Bank med pengepolitikk, eller i Statistisk sentralbyrå med analyse. Mange jobbar òg i andre departement og i Nav.

I den private sektoren kan dei jobbe i private bankar og finansinstitusjonar som ekspertar på økonomisk utvikling. Dei kan òg jobbe i næringslivet med bedriftsøkonomi og ressursar. Konsulentfirma og forskingsinstitutt er andre viktige arbeidsplassar.

Korleis er det å jobbe som samfunnsøkonom?

Dame med hvit skjorte står foran en beige bygning. Hun har adgangskort rundt halsen. Hun smiler og ser rett i kameraet.

Samfunnsøkonom

Sigrid Kornberg Skjeflo

– En samfunnsøkonom må være samfunnsorientert og opplyst, sier Sigrid Kornberg Skjeflo.
Gards jobb i NITO er å vurdere medlemmenes innspill til styresmaktene i klima -og miljøpolitiske saker.

Samfunnsøkonom

Gard Løken Frøvoll

– Samfunnsøkonomien gir noen nyttige briller å analysere samfunnet gjennom, og dette er briller man har glede av hele livet, sier Gard.

Viktige egenskaper for en samfunnsøkonom

Ein samfunnsøkonom må vere flink til å analysere og forstå vanskelege problem. Dei må sjå samanhengar i eit større perspektiv og like å jobbe med matematikk.

 

 

Kva tener samfunnsøkonomar?

Korleis utdannar du deg til samfunnsøkonom?

Kva jobbar samfunnsøkonomiutdanna med?

  • 734903 - Mag.art.-utdanning, samfunnsøkonomi.
  • 734902 - Høyere avdeling for siviløkonomer, samfunnsøkonomi
  • 7349 - Samfunnsøkonomiske fag, andre
  • 734104 - Master, samfunnsøkonomi, femårig
  • 734103 - Master, samfunnsøkonomi, toårig
  • 734102 - Cand.polit.-utdanning, samfunnsøkonomi.
  • 734101 - Cand.oecon.-utdanning, samfunnsøkonomi.
  • 7341 - Samfunnsøkonomi
  • 8349 - Samfunnsøkonomiske fag, andre

Bedrifter: Kor jobbar samfunnsøkonomar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med samfunnsøkonomar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2541143 - FORSKER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541140 - UTREDNINGSLEDER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541139 - RÅDGIVER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541118 - SOSIALØKONOM
  • 2541115 - ØKONOMIRÅDGIVER (SAMFUNNSØKONOMI)
  • 2541102 - SAMFUNNSØKONOM

Andre yrke

Geograf foretar landmåling

Geograf

Geografar studerer korleis stad og rom utviklar seg, og korleis natur, menneske og samfunn påverkar denne utviklinga.
En jente og en gutt snakker sammen ute på gata.

Sosiolog

Sosiologen har kunnskap om mennesket som individ og mennesket som ein del av ei gruppe, og brukar dette til å forstå korleis menneske fungerer saman.
Mann på tur i Jotunheimen.

Naturforvaltar

Naturforvaltaren tek vare på miljøet og naturressursane rundt oss.
Flagg frå ulike land.

Ambassadør

Ambassadøren si hovudoppgåve er å ta vare på Noreg sine interesser i landet han eller ho er utsendt til.
Illustrasjonsbilde av Stortinget i Oslo.

Politikar

Politikarar jobbar mellom anna med fordeling av gode og plikter i samfunnet. Som politisk folkevalt er du med på å gjennomføra den politikken du og partiet ditt står for.
Rådgiver i offentlig sektor holder presentasjon.

Rådgivar i offentleg sektor

Rådgivar er ein av dei vanlegaste titlane for offentleg tilsette i Noreg.
Landskapsarkitekt tegner skisse

Landskapsarkitekt

Ein landskapsarkitekt planlegg omgjevnadene vi har rundt oss.
Redaktør snakker i mobilen

Redaktør

Ein redaktør leier arbeidet i ein redaksjon eller eit mediehus, og avgjer kva som skal publiserast. Redaktøren har det faglege, etiske og som hovudregel også rettslege ansvaret for innhaldet.
Illustrasjonsbilde av kontoransatte

Saksbehandlar

Som saksbehandlar arbeider du med å greie ut og svare på søknader, notat og andre skriv.
To personer diskuterer over en bok

Filosof

Ein filosof studerer dei mest grunnleggande spørsmåla som har med mennesket sitt tilvære å gjere.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Advokatsekretær på kontoret.

Advokatsekretær

Advokatsekretærar sørgjer for at advokatkontoret fungerer på ein effektiv måte.

Relaterte lenker