Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk 30. januar 2025

Røyrleggar

Ein røyrleggar tilpassar, monterer, installerer og reparerer sanitær- og varmeanlegg og andre røyranlegg.

Arbeidsoppgaver

Som røyrleggar er du ekspert på røyrtekniske installasjonar. Du monterer ulike røyrsystem og komponentar for alle typar installasjonar. Jobben inneber alt frå enkle bustadinstallasjonar til automatiske anlegg for brannsløkking, vassboren varme, trykkluft og medisinske gassanlegg.

Vanlege arbeidsoppgåver for røyrleggaren:

  • installere vatn- og avløpsleidningar
  • montere leidningsnett, utstyr og armatur i sanitæranlegg
  • installere leidningsnett, utstyr og armatur i varmeanlegg som bruker vatn
  • montere andre anlegg som til dømes gass-, sprinkel-, trykkluft- og isvatnanlegg
  • utføre servicearbeid
  • kundekontakt og rådgjeving
  • dokumentasjon

Dei fleste bedrifter spesialiserer seg innanfor eit eller fleire felt. Nokon satsar på offentlege bygg som skolar og sjukehus medan andre er best på rehabilitering av bad.

Det er mogleg å kombinere røyrleggaryrket med dykking, og utføre røyrleggararbeid under vatn.

Røyrleggarfaget er underlagd strenge lover og føreskrifter, og det blir derfor stilt høge krav dei faglege kunnskapane til røyrleggaren. 

Kor jobbar røyrleggarar?

Røyrleggaren utfører sitt arbeid i allslags bygningar, frå private heimar til større institusjonar og næringsbygg. Røyrleggaren er involvert der det er behov for vatn, vassborne energianlegg, automatiske brannsløkkingssystem (sprinklar/vatntåke) eller gass.

Bli med ein røyrleggar på jobb

Korleis er det å jobbe som røyrleggar?

Mann med blå hettegenser står foran en svart dør og smiler.

Rørlegger

Morten Schei

– Jeg liker at du kjapt ser resultatet av det du gjør. Det er noe som blir til foran deg, sier Morten.
En ung mann står på en anleggsplass og smiler til kameraet. Han har på seg oransje og sort arbeidstøy. På hodet har han en gul vernehjelm. Han har mørkt hår og skjegg. Solen skinner og det ser varmt ut. Han har brettet opp genserermene.

Anleggsrørlegger

Christoffer Løwen

Du bør ha god arbeidsmoral og være glad i å jobbe fysisk. Det er som en treningsøkt hver dag, sier anleggsrørlegger Christoffer.
Portrettbilde av rørlegger Chris Andre Finanger

Rørlegger

Chris Andre Finanger

– Vi rører oss mye og løfter tungt i dette yrket, sier rørlegger Chris Andre Finanger som blant annet arbeider med renovering av bad og lekkasjer.

Viktige egenskaper for en røyrleggar

Som røyrleggar har du god teknisk innsikt og jobbar godt i lag med andre. Det er også viktig at du er nøyaktig og serviceinnstilt.

Du må vere lærevillig, påliteleg og praktisk anlagt. Du må kunne lese og skrive godt nok til å handtere monteringsrettleiing, prosjektbeskriving og kontraktar. For å rekne ut dimensjonar, utvidingar, trykk og temperatur treng du ferdigheiter i matte. 

Stadig fleire med utanlandsk bakgrunn arbeider på norske byggeplassar er det ein fordel at du snakkar ein del engelsk.

Kva tener røyrleggarar?

Korleis utdannar du deg til røyrleggar?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Sveninebrev kan gje moglegheit til å søke opptak til teknisk fagskole (høgare yrkesfagleg utdanning) og enkelte universitets- og høgskolestudium, enten via y-vegen eller ved å ta forkurs. Du kan også ta meisterbrev i faget. Les mer om meisterutdanning.

 

Kva for ei utdanning er vanlegast for røyrleggarar?

Kva jobbar røyrleggarutdanna med?

  • 457121 - Rørleggerfaget, Vg3
  • 541141 - Fagskoleutdanning, kurs for mesterbrevskandidater, rørlegger, ettårig
  • 357113 - Rørleggerutdanning, videregående, grunnutdanning
  • 357112 - Rørfag, VK I

Bedrifter: Kor jobbar røyrleggarar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med røyrleggarar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 7134124 - OPERATØR (VANN- OG AVLØPSRØR)
  • 7134120 - FAGARBEIDER (RØRLEGGER)
  • 7134118 - SPESIALARBEIDER (RØRLEGGER OG VVS-MONTØR)
  • 7134117 - FORMANN (RØRLEGGER)
  • 7134114 - RØRLEGGER
  • 7134113 - DRIFTSOPERATØR (RØRLEGGER VVS)
  • 7134112 - ANLEGGSRØRLEGGER
  • 7134108 - RØRLEGGERKONTROLLØR
  • 7134106 - RØRLEGGERMESTER
  • 7134103 - BYGNINGSRØRLEGGER
  • 7134126 - ARBEIDSLEDER (RØRLEGGER)

Andre yrke

En mur- og flislegger arbeider med store fliser

Mur- og flislegger

Mur- og flisleggeren bygger, held ved like og restaurerer bygningar, bygningsdetaljar, anlegg og andre konstruksjonar i mur- og flisprodukt.
Menneske som ruller ferdigplen.

Anleggsgartnar

Anleggsgartnarar byggar, driftar og held ved like uteområde.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Byggingeniør sjekkar arkitekttegninger.

Byggingeniør

Bygg- og anleggsingeniøren speler ei sentral rolle i utgreiing, planlegging og gjennomføring av byggjeprosjekt, og fungerer ofte som leiar på byggjeplassar.
Nærbilde av en arbeidsbukse med maleutstyr.

Målar

Målarfaget er eit kreativt fag, kor du jobbar både med kroppen og hovudet. Ein målar behandlar og beskyttar forskjellige overflater.
Asfaltører lager vegdekke

Asfaltør

Ein asfaltør lagar, legg og held ved like asfaltdekke.
Arbeidsmaskinmekanikar i arbeid

Anleggsmaskinmekanikar

Anleggsmaskinmekanikarar reparerer og held ved like anleggsmaskiner.
En mann monterer et lysarmatur på rekkverket i en oljeplattform

Maritim elektrikar

Ein maritim elektrikar jobbar med drift og vedlikehald på elektriske anlegg, komponentar og instrument på skip.
En komposittbåtbygger reparerer en båt

Komposittbåtbyggar

Komposittbåtbyggaren produserer, held ved like og reparerer båtar av materiale som glasfiber og plast.
To heismontører jobber med en heis

Heismontør

Heismontørar monterer, reparerer og held ved like heisar og rulletrapper.
Brønnoperatør jobber offshore

Brønnoperatør komplettering

Ein brønnoperatør i komplettering monterer, testar, installerer, held ved like og reparerer komponentar til brønnkomplettering.
Dataelektroniker hjelper noen over skype

Dataelektronikar

Dataelektronikarar installerer, held ved like og reparerer elektronisk utstyr og elektroniske installasjonar.