Gjennomgått i samarbeid med NELFO, Norsk romsenter 23. januar 2019

Romteknolog

Som romteknolog arbeider du med forsking og utvikling av romrelatert teknologi.

Arbeidsoppgaver

Romteknolog er ein yrkestittel som blir brukt både om sivilingeniørar med høgare utdanning i romteknologi og satellitteknologi, og om dei som har vidaregåande utdanning i romteknologi. 

Ein romteknolog jobbar med alle former for romrelatert teknologi.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein romteknolog:

  • satellittkommunikasjon
  • styring og navigasjon for rakettar og satellittar
  • arbeid med mekanismar for romfartøy
  • design av system for å bruke i rommet
  • miljøovervaking og jordobservasjon

Fagfeltet er stort og i stadig utvikling. Som romteknolog har du mogelegheita til å vidareutvikle mange avanserte system. Dei kan vere til nytte både i verdsrommet og nede på jorda. Du kan til dømes vere med på å vidareutvikle elektromekaniske system, kommunikasjonssystem eller andre system som blir brukt rundt oss kvar einaste dag.

Det er vanleg at ein romteknolog spesialiserer seg i eitt eller fleire spesialfelt. Som ingeniør har romteknologen høg kompetanse i eit felt det er stort behov for i andre bransjar òg. 

 

 

 

Kor jobbar romteknologar?

Romteknologar kan vere tilsett i alle typar høgteknologibedrifter som arbeider med fjernanalyse, geografiske informasjonssystem, romteknologi og satellitteknikk. Dette kan for eksempel vere satellitt- og rakettstasjonar. Du kan også jobbe med forsking og utvikling.

Korleis er det å jobbe som romteknolog?

Romteknolog

Ulrik Falk-Pettersen

– Å føle at man jobber i Norges versjon av NASA er ganske fett hvis man liker teknologi, sci-fi, eller bare interesserer seg for verdensrommet, sier Ulrik.
Portrett av romteknolog

Romteknolog

Jøran Grande

– De kommende årene er det gode sjanser å få jobb i rombransjen, sier Jøran Grande.

Viktige egenskaper for en romteknolog

Som romteknolog må du interessere deg for teknologi og teknologiutvikling. Du må også̊ vere interessert i realfag og kunne motivere deg for å vidareutdanne deg innanfor fagfeltet. 

Kva tener romteknologar?

Korleis utdannar du deg til romteknolog?

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring. Det er også mogleg å bli romteknolog ved å ta høgare utdanning. Sjå oversikt over utdanning innan satellitteknologi.

Videreutdanning

Med fagbrev i romteknologi, er det mogleg å ta ingeniørutdanning via y-vegen.

Kva for ei utdanning er vanlegast for romteknologar?

Kva jobbar romteknologar med?

  • 455127 - Romteknologi, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar romteknologar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med romteknologar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar utviklar teknologiske løysingar, og jobbar med forsking, utvikling, undervisning, prosjektarbeid og leiing.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
Radiograf og CT-maskin.

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.
Brønnoperatør jobber offshore.

Brønnoperatør

Ein brønnoperatør arbeider i offshorebransjen med olje- eller gassutvinning.
Elektrofagarbeider i arbeid.

Elektrofagarbeidar

Elektrofagarbeidaren har kompetanse innan ei rekke elektrofaglege område, mellom anna data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.
Statsmeteorolog Rebecca Roggentin studerer snøen nøye på feltarbeid med skredekspert Solveig Øvstedal Kosberg fra NVE og Silje Haaland fra Statens vegvesen. Kommunikasjonsrådgiver Kristin Rosnes Holte fra MET følger spent med.

Meteorolog

Meteorologen jobbar med å forstå og formidle vêr.
Industridesigner

Industridesignar

Industridesignarar utformar produkt, tenester, programvarer og system for privat næringsliv og offentleg sektor.
Illustrasjonsbilde av arbeidere på et raffineri

Prosessteknikar

Prosessteknikaren driftar og held ved like kjemiske prosessanlegg.
En mann stiller inn en 3d printer

Maskiningeniør

Ein maskiningeniør designar produkt, lagar produksjonsutstyr og styrer produksjonsprosessar.
Havbunnsinstallatør jobbar med stor hydraulisk installasjon

Brønnoperatør havbotnsinstallasjonar

Ein brønnoperatør i havbotnsinstallasjonar installerer og betener undervassutstyr.
Illustrasjonsbilde av kjemiingeniører i arbeid

Kjemiingeniør

Ein kjemiingeniør arbeider med kjemiske prosessar.