Gjennomgått i samarbeid med Norsk radiografforbund 24. januar 2025

Radiograf

Radiografen tek bilete som blir brukte til å stille diagnosar eller som grunnlag for stråleterapi.

Arbeidsoppgaver

Radiografen tek ulike typar medisinske bilete ved hjelp av røntgen, ultralyd, MR og CT, og dessutan nukleærmedisinske undersøkingar som PET. Bileta blir brukte for å finna, behandla eller lindra sjukdom hos pasientar. Dei blir også brukte når ein skal planleggja strålebehandling, og derfor må bileta vera av høg kvalitet. Radiografar som har teke vidareutdanning som stråleterapeutar, planlegg og gir stråleterapi innan kreftbehandling.

Vanlege arbeidsoppgåver for ein radiograf:

  • utføre biletdiagnostiske undersøkingar (røntgen, ultralyd, MR, mammografi, nukleærmedisin)
  • arbeid med bilete
  • planlegge og utføre stråleterapi (radiograf med vidareutdanning i stråleterapi, kalla stråleterapeut)
  • assistere ved røntgenassistert kirurgi
  • pleie og ha omsorg for pasientane på radiologisk avdeling
  • kontrollere at det tekniske utstyret er i god stand til ei kvar tid
  • optimalisere prosedyrane for undersøkingar
  • passe på at tryggleiksrutinar blir følgde

Som radiograf og stråleterapeut arbeider du både sjølvstendig og i tett samarbeid med anna helsepersonell. 

Radiograf er ein beskytta tittel som krev autorisasjon frå Helsedirektoratet.

Kor jobbar radiografar?

Dei fleste radiografar jobbar på sjukehus og andre helseinstitusjonar, særleg i avdelingar for røntgen, bildediagnostikk eller stråleterapi. Mange radiografar arbeider òg i utdanningsinstitusjonar eller i industri som sel røntgenutstyr og medisinar og gir støtte til desse.

Bli med ein radiograf på jobb

Korleis er det å jobbe som radiograf?

bildet viser et kvinneansikt

Radiograf

Silje Stensrud Vo

- Jeg liker at det stadig skjer utvikling i faget slik at man får faglig påfyll og personlig utvikling gjennom hele yrkeslivet, sier Silje.
Portrett av radiograf

Radiograf

Amalie Kroken Aarseth

– Vi tar bilder av organ i kroppen eller skjelettet, for å prøve å finne sykdom, sier Amalie Kroken Aarseth.

Viktige egenskaper for en radiograf

Som radiograf må du kunne jobbe sjølvstendig, men òg vere flink til å samarbeide og kommunisere. Du må kunne vise omsorg for andre. Du må òg tole høgt tempo, stress og fysisk krevjande arbeid.

Kva tener radiografar?

Korleis utdannar du deg til radiograf?

Videreutdanning

Etter- og vidareutdanning

Det finst fleire vidareutdanningar for radiografar. Mellom dei er tyding og skildring av skjelettrøntgenbilde (beskrivande radiograf), stråleterapi, medisinsk digital biletbehandling, mammografi, MR, CT, angiografi, strålevern innan røntgendiagnostikk, pediatrisk radiografi og sonografi (ultralyd). 

Videreutdanning i radiografi
Universitet og høgskole
Se utdanninger og steder

Kva jobbar radiografiutdanna med?

  • 769925 - Master, RAB-fag (radiografi, audiografi, bioingeniør), toårig
  • 669969 - Videreutdanning for radiografer, tolking og beskrivelse av skjelettrøntgenbilder
  • 669959 - Videreutdanning for radiografer, ultralyd
  • 669942 - Videreutdanning for radiografer, angiografi
  • 669938 - Bachelor, radiografi, treårig
  • 669931 - Videreutdanning for radiografer, mammografi
  • 669924 - Videreutdanning for radiografer, stråleterapi
  • 669923 - Videreutdanning for radiografer, datateknikk og bildebehandling
  • 669910 - Radiografutdanning, treårig.
  • 469906 - Radiografutdanning

Bedrifter: Kor jobbar radiografar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med radiografar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 3221103 - RADIOGRAF
  • 3221110 - SJEFSRADIOGRAF
  • 3221116 - ASSISTERENDE SJEFSTRÅLETERAPEUT
  • 3221115 - FØRSTESTRÅLETERAPEUT
  • 3221112 - AVDELINGSRADIOGRAF
  • 3221111 - FØRSTERADIOGRAF
  • 3221109 - STRÅLETERAPEUT
  • 3221108 - AVDELINGSSTRÅLETERAPEUT
  • 3221106 - SJEFSTRÅLETERAPEUT
  • 3221105 - OVERRADIOGRAF

Andre yrke

Illustrasjonsbilde av person med fotprotese.

Ortopediingeniør

Ortopediingeniøren utviklar og tilpassar protesar og andre ortopediske hjelpemiddel.
Bioingeniør i arbeid på preanalytisk prøvemottak.

Bioingeniør

Som bioingeniør samlar du inn og analyserer blodprøver og andre typar biologisk prøvemateriale.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
Leger ser på røntgenbilde.

Radiolog

Ein radiolog er ein lege som har spesialisert seg på arbeid med røntgen, CT, MR og ultralyd.
Onkologen fører ein person inn i ei strålemaskin

Onkolog

Som onkolog er du en lege som behandlar pasientar med kreft.
Pasient tar hørselstest

Audiograf

Som audiograf er du ekspert på høyrsel og hjelper menneske som har problem med å høyra.
Mikrobiolog i laboratoriet

Mikrobiolog

Mikrobiologar studerer éin- og fåcella organismar slik som bakteriar, sopp, virus og amøbar.
Satellitteknologi.

Romteknolog

Som romteknolog arbeider du med forsking og utvikling av romrelatert teknologi.
En perfusjonist følger med på en maskin under en hjerteoperasjon

Perfusjonist

Som perfusjonist handterer du hjarte- og lungemaskin i tillegg til andre maskinar under operasjonar.
Illustrasjonsbilde av fysiker i arbeid

Fysikar

Som fysikar arbeider du med alt frå studiet av små partiklar til korleis universet fungerer.
To sivilingeniører inspiserer et teknisk rom

Sivilingeniør

Sivilingeniørar utviklar teknologiske løysingar, og jobbar med forsking, utvikling, undervisning, prosjektarbeid og leiing.
Patolog titter inn i mikroskop.

Patolog

Ein patolog er ein lege som undersøker vev og/eller celler for å sjå etter sjukelege forandringar.