
Provisorfarmasøyt
Provisorfarmasøytar er ekspertar på legemiddel, både korleis dei vert laga, skal brukast og korleis dei verkar i kroppen.
Arbeidsoppgaver
Som provisorfarmasøyt har du ein femårig mastergrad i farmasi. Du har bred naturvitskapeleg og helsefagleg kompetanse. Du er ekspert på legemiddel, og har inngåande kunnskap om korleis dei lagast, korleis dei verkar på kroppen og korleis legemiddel brukast til å førebygge og behandle sjukdom.
Vanlege arbeidsoppgåver for provisorfarmasøyten:
- rettleie og informere om legemiddel og riktig legemiddelbruk
- ekspedere reseptar
- fagansvar innan ulike terapi- og verknadsområde
- produsere legemiddel
Provisorfarmasøyt er ein beskytta tittel, og for å jobbe på apotek og sjukehus må du ha autorisasjon frå Helsedirektoratet.
Ein provisorfarmasøyt kan bli apotekar, som har det øvste faglege og administrative ansvaret for et apotek.
Hvor jobber provisorfarmasøytar?
Provisorfarmasøytar arbeider i apotek, farmasøytisk industri, offentlege kontrollorgan (for eksempel Statens legemiddelverk) og innan undervising og med forsking.
Provisorfarmasøyt er ein EU-godkjend tittel, og som norsk provisorfarmasøyt kan du arbeide i alle EU-land.
Intervjuer

Provisorfarmasøyt
Kouros André Samari
Viktige egenskaper
Som provisorfarmasøyt er du ansvarleg, serviceinnstilt og nøyaktig. Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team.
Lønn
Utdanning
Provisorfarmasøytar har ein mastergrad i farmasi, ei femårig universitetsutdanning.
Etter- og vidareutdanning
Det finst fleire etter- og vidareutdanningar innan farmasøytiske fag, blant anna ved Universitetet i Oslo og NTNU.
De vanligste jobbene blant reseptarutdanna
- 7661 - Farmasi
Bedrifter som ansetter provisorfarmasøytar
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med provisorfarmasøytar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2224106 - PROVISORFARMASØYT
- 2224108 - FØRSTEPROVISOR
Andre yrke

Aktivitør

Allmennlege

Ambulansearbeidar

Anestesisjukepleiar

Apotekteknikar

Audiograf

Bakar

Barnesjukepleiar

Bartender

Bibliotekar

Billakkerar
