Gjennomgått i samarbeid med Faglig råd for helse og oppvekstfag 18. februar 2022

Portør

Portørar transporterer pasientar, medisinar og utstyr på sjukehus eller behandlingsinstitusjonar.

Arbeidsoppgaver

Ein portør transporterer pasientar og utstyr innanfor eit sjukehus, eit sjukeheim eller andre institusjonar. 

Vanlege arbeidsoppgåver for portøren:

  • transportere pasientar på ein sikker og omsorgsfull måte
  • bringe pasientar til og frå behandling inne på institusjonen
  • transportere matvogner, inventar, medisinar, prøver, journalar og annan intern post mellom avdelingane
  • hjelpe til med å løfte pasientar som trenger dette
  • ansvar for å frakte døde personar til institusjonens kapell
  • hjelpe til med å gipse beinbrot
  • vere ein del av traumeteamet på akuttmottak
  • gjere kontorarbeid og gi oppdrag til andre portørar
  • hjelpe operasjonssjukepleiarar ved større operasjonar
  • transportere varer frå sjukehus til andre klinikkar
  • behandle medikament og medisinteknisk utstyr
  • transportere prøver og blodprodukt 
  • utføre førstehjelp, betene hjertestartar og følge rutinar for varsling
  • ta imot legehelikopter og transportere pasientane frå landingsplass til akuttmottak
  • hjelpe til ved utagerande og urolege pasientar

Portøren kan i nokon tilfelle ha noko administrativt ansvar, som for eksempel å administrere portøroppdrag, svare telefonar, ta imot varer, ha ansvar for lageret og sortere post.

Arbeidet kan vere fysisk krevjande og inneber mykje gåing. Du arbeider i nær kontakt med både pasientar og helsepersonell, og kommunikasjon med andre menneske er derfor ein sentral del av jobben.

Kor jobbar portørar?

Du kan jobbe på offentlege og private sjukehus, pleieheim og andre behandlingsinstitusjonar.

Korleis er det å jobbe som portør?

En kvinne i hvit skjorte og med lyst hår i hestehale smiler til kamera. Hun har et blått bånd rundt halsen. Bildet er tatt innendørs.

Portør

Emilie Østli

– Som portør er det svært viktig å kommunisere godt med alle slags mennesker, sier Emilie.

Viktige egenskaper for en portør

Du må like å arbeide med menneske. Du må vere i generelt god fysisk form. Dette fordi jobben inneber å gå mykje og at du kan ta nokon tunge løft. Portørane har fått eit stadig større ansvar og meir omfattande arbeidsoppgåver enn tidlegare, noko som stiller større krav til både kompetanse og dugleik.

Kva tener portørar?

Korleis utdannar du deg til portør?

Utdanning til fagarbeidar er et yrkesfagleg løp i vidaregåande opplæring.

Dei som har utdanning for yrket jobbar som?

  • 469911 - Portørfaget, Vg3

Bedrifter: Kor jobbar portørar?

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med portørar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 5139106 - PORTØR
  • 5139153 - FAGARBEIDER (PORTØR)

Andre yrke

Overstyrmannen sitter ved kontrollpanelene på brua på et skip.

Overstyrmann

Som overstyrmann har du ansvaret for stabiliteten til skip, samt lasting og lossing.
Illustrasjonsbilde av optiker i arbeid.

Optikar

Optikarar undersøker syn og avdekker synsfeil hos menneske.
Maskinsjef står i hamna og snakker i en mobiltelefon.

Maskinsjef

Som maskinsjef er du teknisk sjef om bord på eit skip eller flyttbar rigg.
Hudpleier gir behandling til kunde.

Hudpleiar

Ein hudpleiar behandlar hud og kropp, og førebygger hudproblem.
Tannlege polerer tennene til en pasient, mens en tannhelsesekretær holder et beger med slipepasta som brukes i poleringen.

Tannhelsesekretær

Tannhelsesekretæren assisterer tannlegen, og har hovudansvaret for hygiene og smittevern på tannklinikken.
Logistikkoperatører henter varer på et lager

Logistikkoperatør

Ein logistikkoperatør arbeider med varetransport. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å laste, losse og klargjere frakt av gods.
En ortopeditekniker skrur på en beinprotese

Ortopediteknikar

Ortopediteknikaren lagar og reparerer ortopediske hjelpemiddel.
Illustrasjonsbilde av kvinne i arbeid på en byggeplass.

Ingeniør

Som ingeniør jobber du med forbedring av eksisterende teknologi og utvikling av nye teknikker innen arbeidsfeltet ditt.
En mann i svart kokkeuniform og caps tar på seg et par blå plasthansker. Han står bak en disk fyllt med fisk og sjøkmat. I bakgrunnen er det et storkjøkken.

Butikkmedarbeidar

Butikkmedarbeidaren hjelper kundar og yter service i ulike typar butikkar.
Massasjeterapeut masserer nakke

Massasjeterapeut

Ein massasjeterapeut løyser opp og førebygger spenningar i muskulaturen til klientar.
Legemiddelkonsulent snakker med kollega

Legemiddelkonsulent

Ein legemiddelkonsulent sel og marknadsfører legemiddel til legar, apotek og sjukehus.
Konduktør

Konduktør

Ein konduktør er ansvarleg for togpassasjeranes sikkerheit om bord i toget og ved av- og påstiging.