Naturforvaltar
Arbeidsoppgaver
Som naturforvaltar har du gode kunnskapar både om mangfaldet i naturen, og om lover og reglar for korleis ein skal, og kan, forvalta ressursane i naturen.
Ein naturforvaltar er oppteken av korleis ein kan skjerma naturen mot inngrep, og korleis ein kan utnytta dei ressursane naturen gir på ein fornuftig måte. Du baserer gjerne arbeidet ditt på økosystem-tankegang. Økosystem er samfunn av levande og døde organismar, til dømes eit fjellvatn, ein fjord eller eit skogsområde.
Naturforvaltarar har kompetanse innan mange fagfelt, både biologi, økologi og samfunnsfag og det finst mange spesialiseringar innan fagområdet; viltforvaltning, fiskeforvaltning, miljø- og ressursøkonomi, landskapsøkologi, vassforureining, ferskvassøkologi, økotoksikologi med meir.
Vidare er det relevant for naturforvaltarar å ha kunnskap om GIS (grafisk informasjonssystem). Grunnen til det er fordi digitale kart og geografiske data er heilt nødvendige for å analysera naturverdiar, planleggja arealbruk og forvalta naturressursar på ein berekraftig måte.
Vanlege arbeidsoppgåver for ein naturforvaltar:
- laga ei konsekvensutgreiing om natur- og miljøomsyn for utbyggingsprosjekt
- vurdera prosjekt i naturen med tanke på lovverket om naturverdiar og naturressursar
- kunnskapsinnhenting om økosystem, artar og friluftsliv
- leia ulike prosjekt
- laga planar for bruk og forvaltning av naturen
- bidra i arbeidet med kommuneplanar eller anna planverk
- rettleia andre fagpersonar og instansar
- skriva rapportar og utgreiingar
- restaurering og skjøtsel av naturområde
- tilrettelegging og samarbeid med organisasjonar når det gjeld friluftsliv
I dette yrket er det gode sjansar for å kunna ferdast ute i naturen i delar av arbeidstida. Det gjeld spesielt om du jobbar som naturoppsyn eller fjelloppsyn (tidlegare kalla naturoppsynsmann og fjelloppsynsmann).
Naturforvaltarar samarbeider ofte med andre fagpersonar, som til dømes biologar.
Kor jobbar naturforvaltarar?
Som naturforvaltar kan du jobba hos Statsforvaltaren eller i statlege etatar som Miljødirektoratet/Statens naturoppsyn, Statens vegvesen, Bane Nor eller Forsvarsbygg. Du kan jobba i ein kommune, eller som fjelloppsyn tilsett i eit fjellstyre (ein lokal instans som administrerer statsalmenninger). Naturforvaltarar kan også jobba i skognæringa.
Ein naturforvaltar kan også jobba for private selskap, til dømes ulike rådgivingsbedrifter. Naturforvaltarar kan dessutan jobba i ulike forskingsinstitusjonar eller med undervisning.
Korleis er det å jobbe som naturforvaltar?
Naturforvalter
Isa Nergård Skjelbostad
Naturforvalter
Eirik Dobbedal
Viktige egenskaper for en naturforvaltar
Som naturforvaltar må du vera interessert i natur- og miljøspørsmål. Du må ha evna til å setja deg inn i ulike problemstillingar og kunne jobba sjølvstendig, strukturert og målretta. Du må ha gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, og du må også ha gode samarbeidsevner.
Kva tener naturforvaltarar?
Korleis utdannar du deg til naturforvaltar?
Dei som har utdanning for yrket jobbar som?
- 651418 - Bachelor, økologi og naturforvaltning, treårig
- 651415 - Høgskolekandidat, naturforvaltning, treårig.
- 751401 - Cand.agric.-utdanning, naturforvaltning.
- 751411 - Master, økologi og naturforvaltning, toårig
- 751407 - Master, naturressursforvaltning, toårig
- 651416 - Bachelor, miljøforvaltning, treårig
- 674105 - Bachelor, utmarksforvaltning, treårig
Bedrifter: Kor jobbar naturforvaltarar?
Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.
Bedrifter med naturforvaltarar
Vigo
Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.
Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.
NAV
Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).
Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.
Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.
Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.
Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.
- 2212112 - NATURFORVALTNINGSKANDIDAT
- 3213118 - FJELLOPPSYNSMANN
- 3213107 - VILTKONSULENT
- 3213120 - UTMARKSKONSULENT
- 3213119 - VILTFORVALTER
Andre yrke
Geograf
Landskapsarkitekt
Samfunnsøkonom
Marinbiolog
Fiskehelsebiolog
Ingeniør
Byggingeniør
Arkitekt
Optikar
Biolog
Sosiolog